Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Virtuell søndagsturSkriv ut Utskrift
Om hva fremtiden vil bringe.
Nynorsk - KåseriForfatter:



I dei riktig gamle dagar, var søndagsturen ein fast tradisjon. Etter gudstenesta møttest alle på kyrkjebakken for å ta ein prat. Fine klær skulle brukast slik at ingen skulle sjå om du kanskje ikkje hadde til salt i maten. I dei dagane blei ikkje søndagsturen bruka som rekreasjon i den grad som i dag. Folk flest jobba og sleit nok elles i veka, så turen ble brukt til ymse samankomster i staden. Folk utveksla nyheiter og sladder. Det var ein fridag som skulle brukas til minst mogeleg.

 

I dagens samfunn, er søndagsturen sett på som einsbetydane med ryggsekk og kvikklunsj. Blodslit og myggstikk. Eller store holl i ozonlaget som fôrårsaker hudkreft. Dagens arbeidarar sitt på baken, medan dei klimprar på tastaturen sine. Med eit kosthald beståande av hamburgarar og Cola, er søndagsturen eit alfa og omega, for å halde det evig veksande fedme problemet i sjakk. Folk jobbar ikkje lenger med kroppane sine. Fingrane er dei einaste kroppsdelane som får sin daglege trim. Eg må si at ein dissande kropp treng meir enn eit par veltrimma hender for å imponere meg.

 

Men kva er det som gjær at vi har mista vårt gode forhold til å pakke sekken å dra ut i skogen? Trimmar vi mindre enn før? Vi gjær vel det. I dag finnast det to typar av menneske. Vi har han som spring til jobben både vinter og sommar. Trener på helsestudio seks gangar i veka. Et gras og bønnespirer, medan han forbereder seg på den årlege sykkelturen frå Trondheim til Oslo. Og så har vi han som meiner at trim er å gå for å hente posten. Han som gjerne køyrar i ein halvtime rundt for å finne ein parkeringsplass nærast inngangen til kjøpesentret. Han som meiner at den einaste rette form for trim, er å sjå ein landskamp i fotball på fjernsynet. Får trim i bøtter å spann av det ser du. Han må gå til butikken for å kjøpe øl og snop. Kjerring og ungar må kjørast til venner og kjenningar, slik at kopekassa kan få utfylle sin posisjon som heilagdom, medan stua er fylt opp av likesinna frendar, slik kyrkjebakken var i gamledagar. Ein fristad for menneske som sidestiller potetgull med råkost. Ein slik rett, som er tilsett både dill, lauk og paprika, må berre være sunn.

 

Men det er ikkje bare tv’n som har teke motet og lysta frå oss. I dag treng du ikkje å finne fram sekken og kvikklunsjen når du skal ut på tur. Du treng ikkje å kjøpe billett for å reise ut i væra. Du treng ikkje ta fram sykkelen for å stikke bortom ein kompis. Du treng ikkje eingong å dra i butikken når du begynner å bli svolten. Du koplar deg bare opp på Internett. Internett, omtalt som den største trusselen for kroppsleg kontakt og sosial omgang i dagens samfunn. Kvifor dra på søndagstur når du kan treffe alle kameratane dine på nette? Du koplar bare til Web-kameraet og pratar i veg. Verden er full av kamera som er oppkopla mot Internett, så kvifor ta deg bryet med å reise ut for å oppdaga nye land og kulturar? Skal du ha deg ein partner kan du bare ta deg ein tur innom eit av dei mange pratromma som finnast.

 

Så korleis kan ein liten koseleg sak som ein søndagstur, konkurrere mot ergonomisk riktige sofaer, direkteoverførde søndagskampar på tv og potetgull med grønsaksmak? Internett sider med kva det enn måtte være interesse for. Vi er blitt et folk beståande av stuegriser. Menneske som sit og venter på at fjellet skal kome til oss. Skal søndagsturane igjen være eit realistisk tilbod, må det nye takter inn. Solbrillene må bytast ut med trådlause VR-briller, som viser oss akkurat det vi vil sjå når vi går tur. Nå når ulv og bjørn blir slakta ned for fote, er det marknad for slike nyvinningar. I staden for å sjå på gråe daude trær, øydelagde av sur nedbør frå utlandet, kan desse brillene friske opp fargene og kanskje legge inn ein ulv eller to.

 

Det er ein kjensgjerning at vi elskar naturen i Noreg. Vi er stolt over den og skryter av den til alle som ikkje har slik ein naturrikdom. Det er bare eit problem med oss nordmenn. Alle vil vi tilbake til naturen - bare ikkje til fots.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish