Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Lykke i ein vissen rosehage

Lykke i ein vissen rosehage

Nynorsk stil om kjærlighetssorg.

Karakter: 5+ (10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.04.2006


Eg kikka forundra opp på Trond, ein telefonsamtale, korleis kunne han reagera så sterkt på det? Det var heilt utanfor min forstand.
Kvifor var det så farleg om eg snakka med min beste kompis på telefon ein kveld?
Alle disse tankane fòr gjennom hovudet mitt mens eg kikka på Trond.
- Men Trond, eg må da få snakka med Jon, han bor jo ikkje her lenger, det er lenge til neste gang eg ser han, du må da hugsa kor mykje han betyr for meg, alt han og eg har vorre gjennom saman, sjølv om eg snakkar med han ein kveld, så betyr jo ikkje det at eg ikkje vil snakka med deg.
Trond skjønte tydelegvis ikkje korleis det var å ha ein barndomsvenn som hadde flytta til andre sida av landet omtrent, heilt nord i Hammerfest.
- Men kvifor snakka med Jon i fleire tima? Du veit at eg like og snakka med deg på kveldane, spesielt de dagane vi ikkje ser kvarandre.
- Viss du blir sjalu på Jon så skjønne eg ikkje korleis du tenke. Jon og eg har vore bestekompisar i fleire år, og ingen har nokon gang klart å skilja oss. Så eg skjønna ikkje kvifor du vil det.


No syntes eg at Trond rett og slett var litt dum, Jon og eg har vore bestekompisar så lenge eg kan hugse, naboar sida eg vart født, han er jo 1 år eldre så meg, og vore leikekameratar sida eg var ei lita jente.

Kjære dagbok! 25.11.05
Trond blir bare verre og verre, eg skjønner meg ikkje på han lenger. Nå får eg plutseleg ikkje lov til og snakka med Jon i telefonen lenger. Eg er utroleg glad i Trond, men om han skal fortsetta sånn her veit eg ikkje kva eg skal gjøra. Ikkje vil eg gjøra det slutt heller, Trond er jo alt eg har her i verda, han har gjort alt for meg, men eg må da få snakka med Jon uansett. Nå ser eg kanskje Jon ein – to gongar i året, i staden for kvar dag. Da er ikkje kvardagen enkel lenger, men eg trur ikkje at Trond forstår det eigentlig. Sjølv om han har sagt at han skjønna, så er eg ikkje sikker lenger. Eg får ta ein prat med Trond i måren, og sjå kva han har og seie.
Men nå trur eg at eg ska ta å legga meg, er blitt ganske seint nå, og det er jo skoledag i måren.
God natt kjære dagbok! Og hugs Trond, eg er glad i deg!

Eg tusla ut av innkjørselen dagen etter samtalen med Trond. Heilt i mine egne tankar, med musikken på øyra, la eg ikkje merke til at Mona kom gåande mot meg, ikkje før ho var rett ved sida ta meg så eg ho. Eg trudde at eg skulle fly 3meter i veret, så skremt vart eg.
- Kvifor er du så tankefull i dag du da Line?
Eg så på Mona, visste ikkje heilt kva eg skulle svara.
- Veit ikkje heilt eg, er vel bare litt utafor i dag tenkar eg.
Mona bare så på meg, eg trakk på skuldra, plugga musikken tilbake øyra og gikk mot skolen.
Det er roande å høyre på ERA, da fikk tankane fly så mykje dei ville, så kanskje eg kunne tenke ut kva eg verkelig ville gjøre, viss ikkje Trond bestemte for meg.
Eg er jo utrolig glad i den guten, men om han ikkje kan tolerere at eg har ein kompis som eg også er veldig glad i, da kan det by på problema til slutt.
Mona virka litt fjern ho og, men da fikk eg tenka i fred i det minste.

Skoledagen tusla som normalt, eg venta bare på at eg skulle treffa Trond etter skola i dag. Dagen virka mye lenger enn vanlig, kanskje fordi eg ikkje visste kva som kom til å skje når eg skulle møte han, eller bare fordi det var ein måndag.

Trond kom gåande mot meg på senteret når han var ferdig på skola. Eg skjønte ikkje kva han ville eigentlig. Utrykket hans var eit utrykk eg aldri hadde sett før. Eg hadde jo kjent han i over 7 år, og enda aldri sett det spesielle utrykket hans.
- Line, eg vil snakka med deg, aleine!
Ikkje hei kjære, ingen klem, eg så forundra og litt redd opp på han.
- Eeeeh, j – ja vel, er det noe som har skjedd?
Eg skjønte ikkje noe, sjølv om eg kanskje burde ha gjort det. Eg visste det så inderleg godt, eg ville bare ikkje vite det.
- Line, du veit at vi ikkje kan fortsette på den her måten, det vil ikkje virke. Eg taklar ikkje det med Jon, eg ane ikkje kva som er mellom dykk to, men eg lika det ikkje. Og er ikkje sikker på kva eg vil lengar heller, alt har forandra seg på ein måte den siste tida.
Ansiktet mitt må ha vært det verste Trond hadde sett på lenge, ikkje visste eg kva eg skulle seie, og ikkje visste eg kva eg skulle gjøre, eg bare stod der rett opp og ned utan eit ord og si.
- Line? Du er så stille, noe må du vel ha og si på det her?
- Eigentleg ikkje, eg vart litt satt ut nå kan man si. Eg har vel sett det komme, men noen ting vil man ikkje vite, så bare ser man ikkje på ein måte. Men kva meiner du med forandra? Korleis forandra då? Eg skjønna det ikkje.

Auga mine var våte av tårar, eg visste ikkje kva meir eg skulle seie. Eg så på Trond og han så tilbake på meg, men utan å gjøre noko.
- Eg er ikkje lengar sikker på kva eg vil gjere. Følelsen eg hadde for deg for 5 månadar sida er ikkje dei same lengar. Eg er litt usikkar på kva eg vil rett og slett, det er litt vanskeleg å forklare, ting har forandra seg, vi har forandra oss, eg har forandra meg. Alt er bare annleis enn det som var da.
Eg visste ikkje kva eg skulle svara omtrent, alt han sa var så sant, eg hadde sett at han var forandra, men eg ville ikkje miste han av den grunn, han var jo fortsett Trond, kjærasten eg fikk for 5 månadar sida, guten som kom inn i livet mitt igjen, og gjorde ting alt så mykje betre enn de hadde vore.
- Ja, kanskje du har rett, eg kan ikkje si at du ikkje har rett til å gjere det du vil, du har ditt liv, eg vil bare vere ein del av det, som før.
- Så klart du skal vere ein del av livet mitt, bare ikkje som kjærasten min, eg trur ikkje at det vil fungere så mykje lenger, ikkje for min del. Det blir så feil og halde deg for narr, når eg ikkje har den følelsen du vil at eg skal ha.
Alt han sa bare snudde heile verda mi på hovudet, eg var så usikker på meg sjølv når han sånt, men eg visste at eg måtte godta det, eg kunne ikkje bestemme kva han skulle føle, ingen som kan bestemme det.
- Hugs at eg er der for deg om du trenger meg og at er glad i deg!
Det var det siste eg sa før eg gav han ein klem og gikk, nå trengte eg enda meir tid til å tenke, eg visste omtrent ikkje kva som hadde skjedd.



Kjære dagbok! 26.11.05
Dagen i dag er ein dag eg ikkje vil oppleva igjen. Eg burde ha skjønt det, eg burde ikkje ha oversedd det som eg gjorde. Trond har ikkje vore seg sjølv i det siste, eg skulle ha visst kva som var gale. Men kjærleik gjør blind, og ikkje skjønna eg kvifor det gjør alt så annleis. Eg trudde kanskje at eg ville ha noe fast og trygt i Trond, ikkje bare eit kjapt forhold, men noe langvarig, og skapande. Eg tok visst feil, sjølv om eg ikkje trudde det.
Verda mi vart snudd opp ned, ein vanskeleg tid, eg veit veldig godt korleis det er at det blir sånn, eg har hatt det sånn før, men eg ville ikkje ha det sånn igjen. Men ikkje alt bestemme man sjølv heller.

Lykke i ein vissen rosehage
Kan ikkje sjå den
Trur den må ha gått sin vei
Eg savne den eg

Savne lykka

Leiter enda
Men finner den ikkje
Veit ikkje om eg vil leite lenger

Leite etter lykka


Eg ane ikkje kva eg skal gjere lenger. Eg elskar verkeleg den guten, men om han ikkje vil ha meg lenger så er det vel kanskje sånn det kjem til å bli. Det er godt å ha musikken å trøste seg til nå. Musikken og kniven har alltid vore mine beste venner, men nå blir de kanskje enda tettare enn de har vore de siste månadane. Nå er de mykje viktigare enn de har vore.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil