Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Språkdebatten på 1800-taletSkriv ut Utskrift
Lang og god tekst om språkdebatten på 1800-tallet.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:



Som startpunkt for den språklege debatten på 1800-talet er det naturleg å velje hausten 1814, då Noreg inngjekk union med Sverige, etter å ha vore i union med Danmark sidan 1380 - altså 434 år med dansk styre i landet. Med det i minnet er det ikkje så vanskeleg å tenkje seg at Noreg og nordmenn vart påvirka av danskar og dansk kultur, og at dette ikkje var noko det var mogleg å kome utanom også i resten av det 19. århundre. Før 1814 var skriftspråket i Noreg dansk, og det var framleis dansk etter unionsskiftet, men no kunne det ikkje kallast dansk lenger - då hadde vi jo hatt eit utanlandsk språk i Noreg, noko som ikkje er særleg gunstig for nasjonalkjensla. Dette skapa ein debatt om det norske språk som skulle vare heilt ut i det neste århundret. Etter at vi fekk vår eiga grunnlov i 1814 fekk vi òg eit behov for å ha vårt eige språk. Hendingane i 1814 stimulerte tanken på det nasjonale. I grunnloven heiter det mellom anna at "Alle forestillinger om Norske Sager, saavel som de Expeditioner, som i anledning deraf skee, forfattes i det Norske Sprog". Men når språket eigentleg var dansk, skapa det protestar frå dansk hald når ein kalla det "norsk". Difor vart det ofte brukt andre namn på skriftspråket i Noreg, til dømes "Modersmaalet". Men den opphavlege tanken bak slike paragrafar i grunnloven var å verne det norsk-danske språket mot svensk, og det var denne motstanden mot svensk påvirkning som var bakgrunn for den første verkelege språkstriden - ein strid som også vart debattert i Stortinget. I tillegg hadde vi eit anna problem: Skriftspråket var dansk, men det var kun eit fåtal av befolkninga som snakka tilnærma dansk - nemleg det øvre sosiale lag i landet, dei som hadde sterke band til Danmark gjennom slekt, vener eller utdanning. Daglegtalen deira var basert på dansk ordforråd, men med norsk uttale. Dette talespråket vart kalla "den dannede dagligtale", og danna seinare grunnlag for det som i dag er bokmål. Resten av befolkninga, i hovudsak bønder, snakka norske dialektar, og det var dette som var grunnlaget for Landsmålet (seinare nynorsk), eit mykje debattert tema heilt til i dag. Ettersom bøndene vart hylla i romantikken i tida frå 1830 og utover, fekk dei etterkvart meir å seie i det politiske liv og samfunnet elles, også i språkdebatten.

 

I 1830-åra starta språkdebatten i Noreg for alvor. Nasjonalromantikken vart etter kvart eit nytt samlingspunkt, og det vart ei nasjonal oppgåve å skaffe landet vårt eit eige skriftspråk som var tilpassa vår norske natur, vere- og tenkjemåte. Dei to hovudmotsetningane på denne tida stod mellom grupperingane til Henrik Wergeland (1808-45) og Johan Sebastian Welhaven (1807-73). Welhaven og "danomanene" ville halde på det danske kulturspråket, og så på Wergelands språksyn som ein trussel mot Noregs kulturfellesskap med Danmark og dermed internasjonal kultur. Wergeland stod nemleg for ei fornorsking av det danske skriftspråket, og introduserte nye, folkelege, norske ord i verka sine. I sitt blad "For Arbeiderklassen" skreiv han mellom anna "Thi Fylla er jer værste fiende", der "Fylla" er eit ord som ikkje var akseptabelt på trykk i andre samanhengar på den tida. Poenget med å bruke norske ord i diktninga si, norvagismer, var at lesarene betre skulle skjøne kva dei leste, ved at dei kjende att ord frå deira eigne talemål. Det mest kjende verket i Wergelands kamp for fornorsking av språket var artikkelen "Om norsk Sprogreformation" (1835), der han særleg rår til å ta opp målføreord for å gjere skriftspråket rikare. Han meinte at også nasjonen og demokratiet ville vere tjent med dette, ikkje berre diktarane. Wergelands språksyn hadde nemleg samanheng med samfunnsengasjementet hans. Han debatterte ivrig med Welhaven om det meste som fall han inn, men han møtte også ein annan motstandar, Peter Andreas Munch (1810-65). P.A. Munch var ein historikar og språkforskar som meinte at dansk med norske lånord var ei forderving av språket. Han meinte at språket burde følgje sine eigne lover, og han såg med skrekk på at fornorskinga skulle ta utgangspunkt i talemålet til "den laveste pøbel i de mere fordervede Egne". Ein eventuell fornorsking burde ha ei høgverdig dialekt som utgangspunkt, ikkje ei samansmelting av alle dialektar. Skulle ein lage eit nytt norsk språk måtte ein ha basis i det norøne språket, meinte Munch. Dermed kjem vi inn på mannen P.A. Munch kritiserte mykje i åra som følgde, bondesonen Ivar Aasen (1813-96). I motsetning til P.A. Munch meinte Aasen at eit norsk skriftspråk måtte ta utgangspunkt i fleire dialektar, ikkje berre ei. Aasen kom frå Ørsta på Sunnmøre, og interesserte seg tidleg for språk. Han ville gjenreise nasjonalspråket, bygd på det talemålet bøndene brukte, dialektane. Bakgrunnen var synet i romantikken på kor viktig eit eige språk var for ein sjølvstendig nasjon. Aasen meinte at bygdedialektane kunne reise Noreg som kulturnasjon, då desse hadde røter tilbake til gammalnorsken. 23 år gamal, i 1836, hadde han eit framlegg om å byggje eit mål på grunnlag av innsamling av ord og "grammatiske opplysningar". Han ville lage eit norsk skriftspråk som skulle kome allmugen, bøndene, tilgode. Men det hadde vorte lettare for bøndene å ta del i samfunnslivet allereie før Aasen byrja med dialektsamlinga si. Av Eidsvollsmennene (112 stk.) var det 37 bønder, og desse fekk liten innverknad. 1830-åra, derimot, var "bøndenes tiår". Embedsmennene måtte ta bøndene meir på alvor, for i 1833 kom bøndene i fleirtal på Stortinget. Delvis som eit resultat av dette kom formannskapslovene i 1837, noko som førte til større lokal sjølvråderett.

 

Sjølv om Wergeland i 1845 lå på dødsleiet, vart arbeidet hans ført vidare. To sentrale personar, eventyrsamlarane Peter Christen Asbjørnsen (1812-85) og Jørgen Moe (1813-82), innførte nemleg mange særnorske ord i eventyra dei samla inn, men dei bøygde dei på dansk vis. Andre ting, som syntaks, ordbruk og talemåtar var tydeleg norske. Tida vi snakkar om her (1840-åra) blir kalla "det nasjonale gjennombrudd", då mellom anna interessa for norsk historie økte. P.A. Munch representerte den såkalla "norske historiske skolen", og teoriane til denne "skolen" danna grunnlaget for nasjonalromantikken i Noreg i 1840-åra. Munch og andre studerte norrønt som ein del av jakta på dei norske røtene. I 1841 fekk Aasen ein stipendiat av staten for å granske dialektane i landet. Dermed kunne han leggje ut på den såkalla rundreisa si, som skulle ta fire år (1842-46). Aasen drog gjennom bygdene i det meste av landet, men han konsentrerte seg mest om dialektane på Vestlandet, i Agderfylka, i Trøndelag og på Austlandet. Byane gjekk han utanom, for han meinte at bydialektane var for oppblanda med dansken til at ein kunne kalle dei norske. Han studerte målføra og samla tilfang til ein grammatikk og ei ordbok over "Folkespråket". Først presenterte han arbeida sine i dei vitskaplege verka "Det norske Folkesprogs Grammatik" (1848) og "Ordbog over det norske Folkesprog" (1850). Her introduserte han eit heilt ut norsk skriftspråk som alternativ til det dansk-norske skriftspråket. Aasen tok etter alt å dømme imot råd frå P.A. Munch (Munchs melding av grammatikkboka til Aasen var ein hyllest, der han skreiv at ho var "et Nationalværk"), men det er delte meiningar om Munch påverka Aasen til å gjere språknormalen meir prega av gammalnorsken. Aasen kalla det nye skriftspråket for "Landsmaal", eit mål for heile landet. Det var i 1853 at han la fram eit framlegg som etter kvart vart til det resultatet vi kjenner som Aasen-normalen. Aasen bygde på visse grunnprinsipp:

 

1. Det skulle berre vere ei gyldig form av kvart ord, 2. Formene i normalen skulle ha grunnlag i målføra, ikkje i noko anna språk som t.d. gammalnorsk, 3. Normalen skulle vere einskapleg og samanhengande; ord som hang saman skulle syne det gjennom skrivemåten, og 4. Gammalnorsk vart sett på som appellinstans når det var naudsynt å velje mellom ulike målføreformer. I tillegg ville han ha bort framandorda, og konstruerte heller nye ord som ei erstatning for desse. Døme på dette er at han erstatta anbefala med råda og begynda med byrja. Aasen byrja å bruke landsmålet i si eiga dikting, mellom anna i Symra (1863), men det var andre forfattarar òg som tok i bruk landsmålet. Den største av dei var Aa.O. Vinje. Men mens Aasen ville lage eit heilt nytt språk, var det andre som fann andre måtar å fornorske språket på. Ein av dei var læraren Knud Knudsen (1812-95). Knud Knudsen meinte at den nye rettskrivinga burde vere bygd på talemålet til den "dannede Klasse" (bybefolkninga) og ikkje på "Almuens Sprog". Knudsen vokste opp i bygda Holt på Sørlandet, og fekk derfor tidleg kjennskap til "den dannede dagligtale". Såleis står Knudsen fram som Aasens rake motsetning med omsyn til vurdering av kven som skulle representere det norske og det nasjonale. Dessuten meinte han at Aasen gjekk for fort fram med landsmålet sitt; Knudsen meinte at gradvis fornorsking var best. Då han vart overlærar oppdaga Knudsen at dansken skapa problem for elevane, og han skreiv mange bøker og artiklar om språksituasjonen i Noreg. Han var oppteken av større ordforråd, men han ville framfor alt ha bort stavemåtar i dansk som ikkje var i samsvar med talemålet. Blaute konsonantar, som i gade og kage, måtte bli til harde konsonantar (gate, kake). Men Knudsen møtte sterk motstand, og han fekk ikkje gjennomslag for reformene sine før i 1862, då den første rettskrivingsreforma vår kom. Fire av Knudsens forslag vart vedtekne, slik at dei (departementet) avskaffa stum e (som i faae), fordoblingen av e,i, og u for å vise lengda til stavinga (i t.d. fiin, duun og steen), c, ch og q som teikn for k (t.d. Qval, Consul), og ph som teikn for f (t.d. Photografi). P.A. Munch kalla Knudsen ein "maalskrædder", og hadde inga forståing for Knudsen sitt program. Ein grunn til at Aasens språksyn vart betre motteke i overklassen enn Knudsen sitt, sjølv om Knudsens reformer lå nærare talemålet til overklassen enn landsmålet gjorde, kan vere at overklassen var sterkt oppteken av dei nasjonalromantiske synsmåtane og dermed bøndenes talemål og veremåte. Trass i motgangen samla Knudsen etter rettskrivingsreformen i 1862 ord til si "Unorsk og norsk , eller fremmedordets avløsning" frå 1881. Etter 1850 kom nemleg den litterære perioden realismen, der blant andre Henrik Ibsen delte språksynet til Knudsen (Ibsen brukte byspråk frå høgare sosiale lag i diktninga). I åra som følgde vart det gjort mindre endringar, og i 1880-åra vart språkstriden ei politisk sak. Venstre, som gjorde landsmålet til ei politisk hjartesak, var no på framgang, og i 1878 vart det vedteke at i den munnlege undervisninga i allmugeskula skulle dialektane til elevane leggjast til grunn, og læraren skulle, så godt det lot seg gjere, bruke sitt eige talemål. Dette vedtaket var forløparen for jamstillingsvedtaket, som Venstre-regjeringen fekk igjennom 12. mai 1885. Jamstillingsvedtaket innebar at landsmålet ("det norske Folkesprog") vart likestilt med "det almindelige Skrift- og Bogsprog", og at begge målføra vart offisielt godkjende (jamstillingsvedtaket er bakgrunnen for dagens hovudmål og sidemål). I 1892 vart så jamstillingsvedtaket lagt til grunn for "målparagrafen" i folkeskolelova. Paragrafen gav dei lokale skulestyra i landet mynde til å avgjere om landsmål eller "Bogsprog" skulle brukes som opplærings- og lærebokmål i kommunen. Same år gav Nordahl Rolfsen ut ei lesebok for allmugeskulen, som inneheldt fleire tekster på landsmål og dansk-norske tekster med fleire av rettskrivingsforslaga til Knudsen. Men elevane kunne ikkje bruke desse i arbeida sine, fordi dei ikkje var offisielt godkjende. Jørgen Moes son, Moltke Moe, hadde i boka til Rolfsen sett til at heimlege ord og vendingar avløyste dei unorske der det var mogleg, og fortsatte dermed arbeidet til faren. No vart det mykje rot i rettskrivinga til elevane, men heilt klare reglar for rettskriving kom ikkje før over hundreårskiftet. Nokre av dei som ville skape klare reglar for rettskriving stifta riksmålsforeiningar som seinare slo seg saman til Riksmålsforbundet (1909). Her var Bjørnstjerne Bjørnson den første formannen. Målfolka slutta seg òg saman i ein landsvid organisasjon, Noregs Mållag (1906). Debatten om det norske språket, som på 1800-talet var sterkt prega av enkeltpersonars initiativ overfor styremakter og publikum, hadde vara sidan unionsskiftet i 1814, men no var "alle" samde om at dei ville bort frå dansken. Det var likevel framleis stor strid om skriftspråket, og det er vel ikkje så rart når vi veit at språket er med på å skape identitet hos ei befolkning. Det er kanskje derfor den språklege debatten, om enn noko forandra, framleis pågår for fullt.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish