Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Men ho var ikkje døSkriv ut Utskrift

Nynorsk stil om å ta selvmord.

Karakter: 5

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym

Ho sprang, opp i skogen. Ho ville ikkje være heime. Dei bare prøver å trøste ho, dei dustane. Dei veit ikkje kva ho føler. Då treng dei ikkje prøve eingong. Ho vil ikkje høre på dei, dei bare snakkar tull.

 

Skogen virker så mørk, endå det bare er August. Trea var så store og mørke, så truande. Ho satt seg på ein stein i ein liten lysning. Månen var gått bak ein sky. Alt var bare mørkt, hovudet hennes mørkna meir for kvart minutt. Kva var det ho hadde gjort feil? Ho hadde gjort alt for ham. Ho hadde droppa ferien med familien når han var banka opp og kom på sjukehus. Ho hjelp han å jukse på eksamen. Og nå, dette? Ho elskar ham, og han gjer slikt mot henne. Korleis kunne han?

 

Trea var heilt mørke. Ho kjende det stakk i brystet, ho fikk ikkje puste. Trea kom tettare omkring henne, dei ville ta henne. Ho høyrde latteren hans frå trea, den vondskapsfulle latteren. Den han hadde flirt når han slo til bror sin. Den han hadde flirt av når kompisane ikkje klarte eksamen. Og no, når han ikkje elskar henne meir.

 

Ho gråt stille. Dei hadde det morosamt saman. Dei hadde banka læraren saman. Dei hadde nådd toppen saman. Og kva gjer han? Han går frå henne. Han vil ikkje meir, sei han. Han har sikkert funne ei anna, den horebukken. Ansiktet var heilt vått av tårar. Ho held ikkje ut. Kroppen hennes rykkjar til, ho gret så mykje at ho rister.

 

Heime var dei bekymra. Ho hadde ikkje komme tilbake endå. Ho hadde komme gråtande heim om kvelden. Dei hadde spurt ho kva det var. Ho hadde ikkje svart. Dei hadde trøsta henne. Men ho gråt. Høgt og jammerleg. Ho hadde gått inn på rommet sitt, og kom ikkje ut. Då hadde dei latt ho vere i fred. Men ho hadde gått ut, og ikkje komme tilbake. Dei fikk vente over natta, ho kjem vel tilbake i morgon. Tenkte dei.

 

Ho sovna under eit tre. Drømmane tok henne, ho fikk ikkje være i fred når ho sov eingong. Ho gjekk bort til ham i drømme. Han sto meg ryggen til. Ho sa noko til ham, men han sa ingenting. Han snudde seg bort når ho gikk framfor ham. Ho gikk framfor ham igjen, og han snudde seg bort. Ho prøvde igjen og igjen, men han snudde seg kvar gong. Ho begynte å bli lei, og da ho nesten var på gråten rakk han ein kniv til henne over skuldra.

 

Sola var stått opp då ho vakna. Trea var ikkje så mørke lengre, dei flirte ikkje meir, men ho va mørk. Ho kunne ikkje tenke, sorga var for stor. Ho bare låg der, under treet. Ho visste ikkje kva ho skulle gjere, han kom ikkje tilbake uansett. Fuglane kvitra ennå, men ho merka det ikkje. Ho var heilt likesæl, ho så bare apatisk framfor seg. Gråten kom fram igjen, ho klarte ikkje styre den.

 

Etterkvart kom svolten. Den gnog i magen, men tomrommet etter hennes elska ver større. Ho satt seg opp, ho hald fram med å gråte. Ho va heilt tom, ho kunne ikkje gjære noko, ho bare satt der. Plutseleg lo ho, da ho tenkte på den gongen dei hadde stole nokre pengar frå ein kiosk. Kioskdama var så dum, dei hadde bare opna pengeskuffa, tatt pengane og gått rett ut.

 

Dei var redde for at ho hadde gått seg vill. Ho hadde jo ikkje vært noko ute i skogen etter at dei flytta hit. Viss ho var gått langt kunne ho jo gått seg vill, og så trist som ho var kunne ho gå langt. Dei bestemte seg for å leite etter henne, ho var deira einaste dotter.

 

Ho oppdaga at ho flirte, og slutta straks. Korleis kunne ho flire no? Han var borte og han kom ikkje tilbake. Eller gjorde han det? Han kunne jo angre. Men ville han det? Neppe, han hadde sagt at han ikkje ville sjå ho. Han kom nok ikkje tilbake. Tenkte ho.

 

Ein gut kom til dei, det var han som var saman med dotter deira. Han ville sjå ho. Dei fortalte ham alt. Han sa han ville hjelpe til me leitinga.

 

Ho hørte dei først, så fei ho auge på dei. Ho ville ikkje sjå dei. Men kvifor var han med dei? Ville han sjå ho? Ho visste ikkje. Ho visste ingenting. Han hadde svike henne, han hadde gått frå henne, han ville nok bare fortelje kvifor. Ho ville ikkje vite det, det ville såre henne. Trudde ho.

 

Dei oppdaga henne og sprang imot henne. Ho trakk kniven ho hadde fått, og kjende stålet mot huda. Ho så på handleddet, så årane der. Så på ringen ho hadde på fingeren. Ho høyrde dei ropte til henne, dei var glade. Ho kunne høre pusten deira. Øyane hennes gikk frå kniven til handleddet og til slutt så ho ham inn i øyane. Då bestemte ho seg.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish