Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kvifor? Kvifor kristen?

Kvifor? Kvifor kristen?

Refleksjoner over Gud, menneskene og samfunnet.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
17.06.2000
Tema
Kristendom


Kristen? Eg? Nei, ikkje den her guten nei. Her er ein mann som er hundre prosent humanistisk. Gud har ingen rolle i livet mitt. Ingen kan vel sitje oppe i skyene og kontrollere tankane, kjenslene og gjerningane mine. Kristendom er berre for raringar og folk over seksti. Religion på skolen er et ork. Kvifor skal vi læra om folk som levde for fleire tusen år sidan, og som det ikkje var bevist at levde ein gong. Forteljingane om Moses, Adam og Eva, Isak og Jakob og alle dei andre fanatikarane er jo spennande nokre gonger, men det er det same som går igjen heile tida. At dei ”møter” Gud og kanskje høyrer ei stemme. Rundt hundreårsskiftet var folk heilt gale når det gjaldt kristen tro. Dei gjekk i kyrkja kvar søndag, og gjorde dei noko gale var dei sete i gapestokken. Kristendomen har jo gjort folk heilt galne! Korleis kunne eg vere ein kristen når eg veit kva den har gjort med menneska?

 

Dette er i alle fall det folk trur. Det dei trur eg tenkjer. Men inne i meg kjenner eg eit sug. Eigentleg er ikkje desse kristne tankane gale. Eg likar å lese i bibelen om kveldane, og gå i kyrkja når ingen ser meg. Det får meg til å føle meg glad til sinns og varm inne i meg. Jesus er saman med oss, det er berre vi som ikkje kan sjå han. Om kveldane ligg eg ofte og tenkjer på dette. Personleg kristen? Nei, kanskje ikkje heilt. Men ”skapkristen” kanskje. Ein som er kristen inne i seg, men ikkje tør å vise det. Der har du meg. Ber gjer eg òg, men berre når ingen ser meg. Då ber eg om alt. Om at prøva vi hadde i går gjekk bra, og at snøen snart må kome. Mange lurer på kvifor det er fælt i verda om Gud finnest. Dette er eit spørsmål eg har tenkt mykje på. Er det nokon grunn til alt? Eg har funne eit svar, ei rekkje svar. Eit har eg henta frå Mor Theresa: ”Gud skapte ikkje fattigdomen, han skapte berre oss.” Eg har ofte ”smaka” på dette. Det er kanskje noko i det. Livet skal vere ei prøving for menneska for å sjå om dei er gode nok til å vere Guds rike verdig. Alle skal få vise kva dei er i stand til. Kva dei kan. Vi er skapt og overlett til oss sjølv. Det er vår egen egoisme som har gjort verda vanskeleg å bu på. Vi forventar for mykje av andre og oss sjølv. Men nokre gonger må vi stoppe opp og tenkje over kvifor vi gjer alt dette. Vi har berre eit liv. Skal vi sløse det bort på å slite og arbeide?

 

Eg samanliknar verda med eit stort puslespel. Guds puslespel. Der alle brikkene skal passe saman og skape ein heilskap. Noko fint og vakkert som Gud kan sjå på. Dei tre første hjørnesteinane er Jesus, Guds sønn, Moses, Guds store sendebud, og Adam, hans første skapning. I det siste hjørnet ligg Den Heilage Ånd og passar på det heile. I kantane mellom hjørnene ligg Simon Peter, Jesaja, døperen Johannes, Jeremia og alle dei andre profetane og disiplane. Vi, vanlege menneske, blir født som ein firkanta, ufarga trebrikke med taggete sider. Så i dåpen blir vi vaska reine, og grunnlaget for livet blir lagt. Kantane på brikka blir no slipte fine og runde, og gjort klar for eit langt liv. Ei blanding av fargar strykast òg utover brikka. Gjennom levetida vil vi slipe og finpusse kantane slik at dei passar saman. Om alle hadde levd liva sine på den rette måten, ville puslespillet blitt fullkommen. Men veldig mange lever ikkje opp til Guds ”linje.” Dei lever liv som er egoistiske, og gjer ting som gjer livet vanskelegare for andre. Heile livet går med til å skape gode ting for seg sjølv. Du blir ikkje heilt det mennesket Gud la opp til. Det hjelp ikkje om du går i kyrkja og ber om du ikkje er god mot din neste. Når nokon gjer dette, vil ikkje ”kantane” deira heilt passe med dei andre brikkene. Kantane blir butte og avhogd fordi du ikkje har vore god mot dei andre. Brikkene kan og blir veldig tynne om Gud ikkje nokon gong i livet ditt har vore noko meir enn noko vi høyrer om på skolen. Båe desse tinga gjer at heilskapen blir dårlegare, og bilete vil ikkje henge saman. Om det blir for mange av desse feila, kjem bilete til å gå i stykker. Samfunnet vil opphøre. Menneska døy. Berre den evige Gud vil sitje igjen og sjå på at verket hans blir øydelagt. Om det hadde vore sånn, tenkjer du, så hadde samfunnet rast saman for lenge sida. Eg trur ikkje det. Eg trur at mange av oss eigentleg har eit forhold til Gud. Eg trur at alle dei gudane som finnast er den eine og same guden enten han ber namnet Buddah, Allah eller berre Gud. Gud er en ånd i oss alle. Ein plass i minnet vårt ligg ein ånd, noko urokkeleg. Vi tenkjer ikkje på det, berre let han bli der. Samvitet og håpet. Menneska laga ikkje seg sjølv. Gud lot dei skape seg. Dei blei skapa i Gud sitt bilete. I bibelen kan vi høyre om alle dei gongene Gud har delteke i hendingar på jorda. Det er skrive ei heil bok om Gud sine ordningar. Er det nokon som har dikta opp heile historia? Eg har ikkje noko svar, berre en konklusjon. Den som har oppdikta bibelen har hatt noe veldig med fantasi, og god tid. Men tilbake til menneska sine plassar på jorda. Vi er skuld i mykje vondt. Vi spør Gud kvifor han let dette skje med oss. Han kan òg stille det same spørsmålet. Kvifor let vi alt det gale skje? Det er slik det er. Slik det alltid har vore. Slik det skal vere. Han spør: ”Kven seier det?” Det kan vi ikkje svare på.

 

At mange folk i verda svelt og har det vondt, er noko heilt vanleg i kvardagen. Det er ikkje vår feil at det ikkje finnast vatn i Sudan. At kornet er angrepet av sopp i Yemen. At salmonellabakteriar øydelegg egga i Kenya. Vi gjer jo så mykje som vi kan. Det finnast fleire hundre slike fond og selskap som skal hjelpe folk som lid nød. Hjelpa når fram og. Det veit vi. Kanskje dette er ei av livet sine store prøvingar. Om vi bryr oss nok om ”dei andre” til og hjelpe dei. Innvandrarane kjem til Noreg. Kjem for å ta arbeidsplassane våre. ”Ha dei ut att,” seier vi. Dei kjem jo berre for å få et liv verdig eit menneske dei òg. Kanskje landet deira er innteke av andre folkegrupper, og at dei kanskje blir ”jakta på” på grunn av sin tru og gruppetilhøyr. Husa deira er lagt i grus av geriljasoldatar, og jorda deira for fulle av miner og patronhylser til å kunne dyrkast. Då kjem dei hit. Til i-landa for å skaffe seg jobb og utdanning. Mange seier òg at alle kjem hit, til vesle, kalde Noreg der dei blir kriminelle og raner gamle damer som går over vegen. Men dei fleste er ikkje sånn. Det er berre det biletet vi får gjennom media. Det er ikkje nokon nyheit at 97% av alle negrane i Noreg ikkje har gjort noko gale nokon gong. Men dei siste 3% er ganske interessante. Og alle dei farga norske ungane blir ofte erta på grunn av hud- eller hårfarga si. Dei som er adopterte er vel ikkje noko annleis enn oss dei. Dei berre er mørkare i huda. Dei snakkar norsk sånn som oss. Spis same mat som oss. Har same smak som oss. Dei er vanlege nordmenn, berre at dei er mørkare. Krigen har alltid prega verdssamfunnet. Det er krig ein eller annan stad til ei kvar tid. Vi er blitt vant med krig. Dei fleste er i mot krigen. Nokre trur han er nødvendig. Og nokre lagar han. Soldatar som spring rundt og skyt på fienden. Men det er eigentleg ikkje soldatane som krigar. Dei har ofte ikkje noko i mot kvarandre. Dei kjempar for landet sitt, for leiarane i landet. Det er dei som har starta krigane. Ofte er det òg fleire små konfliktar som blir til krigar. Noko som eigentleg ikkje er så farleg får begge partane så irriterte at dei angrip. Kvifor let Gud dei gjere det? Han kunne da vel ha brote inn og stansa det, om han verkeleg hadde brydd seg om oss. Men Gud er ikkje sånn. Han lar oss prøve å finne ei løysing sjølv. Alle på jorda skal lære å leve i saman med kvarandre for at ”biletet” skal bli fullstendig. Dette er òg ei av prøvingane i liva våre.

 

Krig har lenge vore noko som har plaga oss. Dei fleste meiner at det ikkje bør bli slik. Nokre seier at det må vere sånn. Og nokre seier at det er nødvendig for at dei skal få igjennom vilja si. Egoismen og den medfødde vondskapen tek over oss og leier oss inn i strid og kampar som kanskje ikkje er så farlege i byrjinga. Dei fleste land i verda vil eigentleg vere blant dei største og mektigaste, og dei fleste menneska hadde ikkje hatt noko i mot å bli verds-herskarar. Verdas stormakter kan når som helst avfyre ein rakett mot Noreg, og utslette oss. Er det rett at liva våre skal ligge i andre sine hender?

 

Men ein dag, om mange hundre tusen år skal Guds puslespel vere ferdig. Han skal sjå på det og synest det er fint. Alle dei brikkene som ikkje passer skal vere reparert, og eit fint bilete skal visast. Eit bilete av ei grøn, brun, blå, frodig og fruktbar jord skal titte fram. Menneska skal leve i samkvem med kvarandre, uansett hudfarge, kjønn eller utsjånad. Så skal Gud lime opp puslespelet og ramme det inn. Så skal det takast med inn i stua, Guds rike, og der skal det hengje til ævelengd. Då skal Gud setje seg ned og nyte synet av den perfekte verda. Så skal han slappe av ei stund, før han startar på eit nytt innvikla puslespel.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil