Kor tungt er eigentleg tungtvatn?

Kåseri om vann.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.06.17

Vatn, alle treng vatn, heile verden treng vatn. Ikkje noko liv på denne planeten kan leva utan vatn. Alt frå små planter til store dyr og mennesker treng det for å overleve. Eit menneske treng frå 2- 6 liter vatn (væske) dagleg for å oppretthalde væskebalansen i kroppen og for å holde hodet kaldt og klart. Bakteriar og virus kan leve utan vatn. Kvifor er det slik? Eg veit ikkje og eg orkar heller ikkje bry hjernen min med det nå som eg skal skrive ein nynorskstil eg må ha 3 på for å stå.

 

Eg satt og funderte på kva eg kunne brukt som ein erstatning for vatn, men eg fann ikkje på nokon gode forslag. Vatn er eit universalt stoff, det kan oppstå som gass i form av damp når ein kokar og i fast form som is. Ein kan vaske seg med det, lage strøm, drikke det eller bruke det som løysemiddel osv. Når eg var liten hugsar eg at eg både hata vatn og elska vatn på ein gong. Eg skreik å hylte når eg fekk vatn i auga men eg fortsette å dykke når eg bada.

 

Nå kan ein få kjøpt vatn i alle slags variantar, på plast med ein dråpe lime og salt eller heilt reint vatn som ein likeså godt kan ta frå springen heime på kjøkkenet. Eg personleg synast at dette er heilt uakseptabelt, kvifor skal folk kjøpe seg ein flaske vatn til 14 - 18 kronar, når dei kan dra heim å få like reint vatn der. Dei skulle heller ha gitt pengane til folk som verkeleg treng dei.

 

Sidan eg alltid har hatt tilgång på vatn har eg aldri tenkje så mykje over det, men vi som bor i Noreg er eigentleg veldig heldige med tanke på at vi ikkje har problem med for lite vatn. I staden hender det vi har problem med for mykje vatn, da tenkjer eg på dei gonga det har våre flaum i Glomma. Når Glomma renn over sine bredder hender det att hus og eigendom går tapt men heldigvis har ikkje så mange liv godt tapt så vidt eg veit. Det heile er verre i flaumrammede Mosambik der det er 400 – 500 som er daude. Der er det akutt behov for reint vatn, mat og medisinar til dei som har flykta frå sine heim. Dette er tilstandar eg håpar vi aldri får oppleve.

 

Ein skal ikkje sette seg opp mot naturkreftene, dette er krefter menneske ikkje kan temme. Mange personar fristar skjebnen ved å surfe på 8m høge bølgar og ved å rafte ned bratte og farlege elver. Mange av våghalsana mister livet i forsøket mens nokon er heldige å overlever.

 

Vatn blir også brukt til å lage energi, spesielt i Noreg kor vi har høge fjell og djupe dalar. Ved mange elvar kan man sjå store kraftverk som ruvar i horisonten, personleg synast eg at det er synd dei må øydelegge naturen på den måten ved å leggje så mange elvar i rør, men sidan vatn er ein fornybar ressurs er dette eit billig, bra og lite forureinande alternativ i forhold til kull, gass og atomkraftverk. Sistnemnde har også den ulempa at det kan oppstå lekkasje i form av for eks. tungtvatn som det skjedde i Sør-Korea for ikkje så lenge sidan. Ved atomkraftverket verte 20 arbeiderar utsette for stråling noko som ikkje er spesielt heldig.

 

Som ein liten avslutting på det eg har skrivi vil eg berre si at ein ikkje kan leve utan vatn på nokon tenkelege måtar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst