Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Nytt livSkriv ut Utskrift
Kanskje litt klisjèaktig. Fekk ikkje den beste karakteren. Men kanskje likar du den betre enn læraren min?
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym

”Sit du her?” sa ho og opna døra med eit brak. Lyset utanfrå skar i augo. ”Sit du her i mørkret?” Blodet rant nedover armane mine, kunne ho sjå det? Eg visste ikkje lenger kva eg ville. Merka ho det no, var det kansje bra? Eg treng jo hjelp, gjer eg ikkje?

 

Ho stig inn i det mørke vesle skuret, kvifor sit du her vennen min? No byrja tårene å sildra òg, dette kjem aldri til å gå bra. Eg held fram armane. Kvifor? Det veit eg ikkje. Ho tek handa for munnen og lagar ein skremt lyd når ho ser dei. Eg klandrar ho ikkje. Dei ser jævlige ut, opphovna, gamle betente sår og nye store raude.

 

Det byrja vel for eitt og eit halvt år sidan. Då eg byrja på ungdomsskulen. Det er mange som dett utanfor då. Byrjar å drikke og skulke skulen. Sånn var det ikkje med meg. Eg var livleg og glad, gjorde lekser og hadde snille uskuldige vener. Det var i alléfall det mamma trudde. Men sanninga, var ho sånn?

 

Heilt sidan barneskulen hadde eg slite med å få vener. Eg flytta masse rundt med mamma som var danse lærar og som berre fekk jobb kontrakt for nokre månadar i slengen. Etter nokre år forstod mamma at eg måtte få meg nokre vener. Og det vart bestemt at når eg skulle byrje på ungdomsskulen, skulle ho legge opp som dansar sånn at me kunne bu på same plassen, dei neste åra.

 

Eg gleda meg til å byrje eitt nytt liv. Det skulle bli perfekt; eg skulle få vener, eg skulle bli kul og kanskje skulle eg få meg ein kjærast òg.

 

Eg var utruleg nærvøs fyrste dagen. Eg hadde vore oppe sidan kl 6 for å krølle håret, sminke meg og få tid til å skifte klede minst tre gonger før eg måtte gå. Og sjølv om eg hadde stått opp så tidleg, klarte eg sjølvsagt å komme meg for seint avgarde. Det enda med at eg kom for seint på skulen, fekk ein annmerkning for for seint komming allereie fyrste dagen.

 

Eg vart plassert ved sida av Mona, ho virka grei, men ho var ikkje kul nok for meg. Det var lenge sidan eg hadde lært at om ein skal være kul må ein omgås dei kule. Ein merkar med eingong kven som har høgast status. I klassen vår var det Aina, ho hadde størst pupper, langt svart hår og så røyka ho. Det ville eg og gjere. I første friminuttet vart eg ven med henne, og eg byrja å røyke. Ho gav meg nrummeret til ein kompis av henne som kunne skaffe meg røyk.

 

Eg var nøgd, allereie fyrste dagen hadde eg fått ein venn av den typen eg ville. Dette kom til å gå bra. Det var i alle fall det eg sa til meg sjølv medan eg rusla heim i frå skulen.

 

Sidan den dagen gjekk det berre nedover, medan eg gjekk rundt og lurte meg sjølv og mamma med ”det går fint,” så visste eg innerst inni meg at det eg gjorde var gale. Eg byrja å drikke og skulke skulen. Og att på til eg røyka som ein svamp i ein alder av 13 år. Ideèlt?

 

Då eg fekk karakterane til jul forstod eg for fyrste gong kva eg heldt på med. Eg leste aldri til prøvar og det kunne ein sjå der toarane skreik i mot meg. Eg reiv arket og sprang heim. Heime tok eg saksa med meg inn på rommet og kutta små kutt oppover armen. Det føltes godt, eg grein ikkje, trengte ikkje det når eg kutta.

 

Dei få gongene mamma fann klede med blod på, skulda eg på naseblod. Eg gjekk alltid med langarma gensarar og eg kutta som regel der det var vanskeleg for folk å sjå. Det er rart med kuttinga for det gjer liksom ”godt-vondt.” Ubeskrivleg følelse, men ein god ein?

 

No set ho seg ned på golvet ovanfor meg. Ho legg armane rundt meg. Eg klamrar meg fast og hulkar høgt. Me sit slik lenge. Det er godt å få grine det vonde ut, nesten like godt som å kutte vekk hola i hjartet med ein skarp stein, eller ein bit med knust glas.  

 

No er eg redda. Eg er klar til å prøve på nytt. Denne gongen skal eg ta det som det kjem, ikkje jobbe så mykje for og være den kule med dei kulaste venene. Kjem det til å gå bra? Det er nok berre til å hoppe ut i det og håpe på det beste.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish