Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
"I denne verden er alt mulig" av Klaus HagerupSkriv ut Utskrift

Analyse av Klaus Hagerups "I denne verden er alt mulig".

Tilbakemelding fra norsklæreren: "Du har skrevet en god analyse, der du får fram mye av det som er viktig i stykket".

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:

Eg skal skrive ein analyse om bokversjonen av høyrespelet ”I denne verden er alt mulig” skrivi av Klaus Hagerup. Høyrespelet er deilt inn i 5 episodar som igjen er deilt inn i mellom 7 og 13 sekvensar. Stykket består av monologar, songar og dialogar mellom dei forskjellige personane. Monologane blir framført av Rudolf i starten av kvar episode, og nokre gongar elles.

 

Historia utspelar seg i Berlin på 1930 talet. Det handlar om eit land som er splitta i mellom to ideologiar; nazismen og kommunismen, og korleis det er å leva under slike omstende.

 

Dei viktigaste personane er Rudolf Grosche (hovudpersonen), Fritz Ecker (Rudolfs kamerat, Hitlerjugend), Hans Werner (Rudolfs kamerat, Hitlerjugend), Gerda Hoffberg (Kommunist) og Udo Hoffberg (Gerdas bror, også kommunist).

 

Rudolf er medlem av Hitlerjugend i starten av stykket. Han vankar mykje saman med Fritz og Hans Werner, og Fritz står i spissen for gruppa. Hans Werner er nokre år yngre enn dei andre, men er med på alt Fritz seier. Han vil jo vera like tøff som dei store gutane. Dei drar til ein jødisk forretningsmann for å knuse vindauget på butikken og stela ein hatt. Rudolf seier at ”Han kan vel være en grei kar selv om han er jøde,” men Fritz overtalar han til å gjere det.

 

På trikkstasjonen møter Rudolf ei jente som heitar Gerda. Ho prøvar å få kontakt, men han vil ikkje fordi ho er kommunist. Han som er medlem av Hitlerjugend kan ikkje snakke med kommunistar. Det endar opp med at Fritz tvingar Rudolf til å kaste Gerda ut frå trikken i fart.

 

Når Fritz slår i hel ein mann berre fordi han har demonstrert imot nazismen, klarer ikkje Rudolf meir: ”Det var som om hele verden hadde skifta farge,” fortel han. Når han får høyre at Hans Werner har finni ut at Gerda og ein gjeng med kommunistar skal møtas og at Hans skal få med seg Fritz og fleire nazistar til å dra dit og banke dei opp, drar Rudolf til Gerda og seier ifrå. Rudolf kuttar ut Hitlerjugend og begynner å vera ein god del med Gerda. Dei blir kjærestar.

 

Rudolf har skifta side til kommunistane. Fritz og Hans Werner fint ut av detta, og prøver å drepa han. Men Rudolf klarar å drepa Fritz i staden for. Han bind fast Hans Werner og stikk sin veg. Gerda, Udo og resten av kommunistgjengen forsvinn. Litt seinare har Hans Werner fått med seg fleire nazistar for å drepe Rudolf. Dei lykkas.

 

Det første vi møter i stykket, er ein monolog. Rudolf sitt i eit rom og pratar/tenker høgt for seg sjølv. Han pratar som om han skulle ha prata direkte til nokon som heiter Gerda, Irene, Udo, Peter og Karl, og han seier han er ”redd for at det en dag kommer noen og finner meg. Noen som ligner Fritz.” Vi får vite at dette er den 4. januar 1934.

 

Sekvens to er ein stemningsfull song som fortel at det ikkje lenger er gode tider. Så kjem det nokre sekvensar med dialogar. Han møtar Fritz og Hans på gata og dei er alle kameratar. Dei drar på kafé og møter Gerda som Rudolf snakkar fint om i sekvens ein, og dei jagar ho. Så sekvens ein har altså ikkje skjedd i historia enda. Stykket begynner altså nesten med sluten. Alle monologane som er i stykket er eit hopp fram i tid i forhold til resten av historia og hintar til korleis det sluttar.

 

Sekvens 5 er ein song som heitar ”Det brenner i Berlin”. Den fortel oss at ein gut i ein kafé skriker at ”Tyskland brenner.” Neste sekvens er på ein kafé, og her opplevar vi nettopp det; Fritz skrik at ” Nå har de gjort det, … Riksdagsbygningen brenner.” Så nokre av songane hintar altså til kva som kjem til å skje like fram i historia. Andre songar kan gå inn på ein spesiell person og fortelje oss noko om den, eller fortelje oss om kva som skjer elles i Berlin.

 

Og det skjer mykje. Hitler sitt med makta som diktator i Tyskland, og nazistane herjar. Nazistane er stornøgd med ledaren og har ei enorm nasjonalføling. Dei sluker alt han seier rått og dei gjer som han vil. Kommunistane derimot ser ikkje lyst på kvardagen.

 

Dei kjemper for å få Hitler av trona si, noko som er bortimot umogeleg ettersom han er ein diktator og han har så mange tilhengarar. Og nazistane blir berre fleir. Dei har lov til å gjere slik som dei vil med kommunistar og jødar. Derfor må kommunistane halde seg gjømd. Det kostar ikkje ein nazist nokon ting for å drepa ein kommunist som jobbar imot dei.

 

Stykket handlar jo om ein gut som er nazist, og som etterkvert skifter side til å bli ein kommunist. Dette tar altså livet av han. Men likevel følest stykket optimistisk. For i avslutninga, rett før han blir skoten, så seier han; ”jeg vil at dere skal vite at jeg, Rudolf Grosche, akkurat i dette øyeblikket klarer å glede meg over at… Verden skal fortsette uten meg!” Så drep dei han.

 

I slutsongen får vi også eit inntrykk om at alt ikkje berre er sørgjeleg. Den seier at;

 

”Som havet sliper stein til sand,

 som vinden fører blomsterstøvet med seg.

 Sånn er våre liv. Vi vet det går an.

 I graven tok du ikke livet med deg.

 For selv om du ble atten år

 så var de siste ukene du levet

 et eget liv der hver time står

 igjen som skrift som livet ditt har skrevet”

 

Songen uttrykk at sjølv om han er død, så vil dei han kjende minnas han som ein som ikkje gav opp. Ein som levde i håpet om at rettferda skulle triumfere.

 

”I denne verden er alt mulig” er eit fint stykke som fortel om førkrigstidas Tyskland og temaet nazistar og kommunistar. Det gir oss eit innblikk i korleis det var å leva i Tyskland på den tida. Og sist men ikkje minst; den visar kor lett førandelige vi mennesker er. Særleg viss vi meinar at noko er galt.

 

Sjølv om dei fleste sluttar opp om ein ting, treng ikkje det å bety at det nødvendigvis er det rette.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish