Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Norsk reality-tv

Norsk reality-tv

Artikkel med et ironisk preg om de ulike reality-tv-programmene.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.05.2006
Tema
TV

”Reality TV” ser ut til å bli det nye framsteget i Noregs historie. Å sjå totalt framande folk gjere heilt vanlege ting, som å gå på do eller ta seg ein dusj naken, er det siste nye! For kven kan vel motstå ein slik ypparleg sjanse som kjem sigande rett i frå tv skjermen? Nei, det vil eg tru ikkje er mange. Kanskje dei som framleis held seg til gamle måten med den tradisjonsrike kikkerten når det er tid for litt lusking på naboen.

 

Nei, no kjære borgarar har teknologien høyrt på bønnene dykkars og gjort alvor av dei. ”Reality invasjonen” er komen for fullt. No er det bare til å starte popkornmaskina for fullt, sende kjerringa ut på luftetur med hunden og sette seg i godstolen. Showet har begynt.

 

Atter ein gong fristar produsentane av t.d. Big Brother med ein endå råare utgåve, som skal freiste oss sjåarar. Og oss sjåarar det er me i frå 15 – 100 år. Me som er så nyfikne. Til og med ikkje bleieskiftinga freistar for ein nybakt far i ein slik situasjon. Og me er ikkje vonde å be. Me bit rett på kroken, nett som ein forvirra makk som ikkje klarar å sjå forskjellen på ein trugande krok og eit lite minibyttedyr. Freistinga er rett og slett for stor.

 

Nei, det er ikkje lett. Og det veit vel alle som lid av” søttrong-sjukdomen”. Ein leitar frå golv til tak for å finna noko som i det heile liknar på ein sjokolade. Viktig er det å finne ut om vara er tilsatt søtningsstoff. Elles blir ikkje det optimale behovet tilfredsstilt. Og er ein så heldig å finne ein gammal sjokolade som eigentleg har siste lagringsdato til 12.12.2003, blir det litt for gale å la denne gå i bosset. Sjølv om året 2003 har passert for over 2 år sidan.

 

Men tilbake til ”Reality TV”. Tenk på kor kjedeleg verda hadde blitt utan slike fantastiske program som Big Brother, Farmen og for den del 71 grader nord med ”Ølensbaben” Elin Tvedt som programleiar. Med eit lite tastetrykk på fjernkontrollen har tv verda opna seg og kvelden er redda. Ein slepp å sitje å tvinne fingrar, slik som pensjonistar endar opp med å gjere. Ein kan berre sitje der fornøgd i Ekornes stresslessen som er nyinnkjøpt for augeblinken og nyte ”live synet”.  

 

Tv sendinga med Big Brother startar og ein sit klistra til tv-skjermen. Øyrene er lukka for omverda. Ein lev seg inn i sin eigen verden, og merkar ikkje at isen ein sit å et på held på å renne vekk. Nei, det blir berre små detaljar i eit stort nøtteskal.

 

I Big Brother får ein kjennskap til korleis livet bak glasveggane fungerar. 20 deltakarar skal leve saman i 114 dagar. På denne tida får ein i alle fall ein gyllen sjanse til å få oppleve korleis det å ver storfamilie verkar, for dei som ikkje har fått opplevd det. Ikkje nok med det, absolutt alt blir overvaka. Frå den minste fis til eit lengre soveromsbesøk. For dei gutane som ikkje vågde å spionere på jentene i dusjen på barneskulen, kan dette kanskje vere ein gyllen sjanse for dei.

 

Me sjåarar slepp til på orkesterplassen og får sjå korleis heilt vanlege folk oppfører seg og ter seg. Me blir vitne til heftige festar og kranglar. Og det er dette me som sjåarar likar, det er difor me sit og ser på desse tåpelege programma. Og sjølv kan eg ikkje vere meir einsamd. ”Reality TV” er berre heilt genialt, men til ein viss grad. Litt uvanleg spenning må til i kvardagen. Me nordmenn er ”kjend” for å vere nyfikne og er sjølvklart opptatt av alt sladder. Utan det hadde ikkje kvardagen blitt noko fartsfylt og me som lever på bygdene hadde ikkje hatt nokon sladrekjerringar.

 

Årets nyheit, derimot, er at det er både norske og svenske deltakarar. I år er det nemleg hundre år sidan unionen med Sverige blei oppløyst og Noreg blei eit sjølvstendig land. Difor er det naturleg at Big Brother feirar jubileet med å ha ein landskamp mellom norske og svenske deltakarar. Kven får viljen sin denne gongen?

 

I frå det fjerne kjem forteljarstemma inn og kunngjer at Britt snart skal stå opp for å gå i dusjen, men fyrst reklame...

 

Ein kjenner hjarta slå raskare, blodomløpet får problem med å nå fort nok rundt til alle organ og ein kjenner at ein held på å svime av. Berre bjeffinga frå hunden som kjem trippande inn med eit gledeleg smil rundt munnen fungerar brukande nok som vekkjarklokke.

 

Reklamen er slutt og sendinga byrjar igjen. Situasjonen har tilspissa seg. Britt skal ikkje lenger i dusjen. Men går heller inn å finn seg ei øl å hell nedpå denne. Det blir krangel, for dette er eigentleg Line sin, og det utartar seg ein jentekrangel. ”Wao”, så tøft tenkjer mange gutar.

 

Men produsentane lagar ikkje berre realityseriar der ein må lære seg å oppføre seg som ”babe” for å tiltrekkje seg nok ”supportere”. For dei som likar god gamaldags gardsdrift, kan kanskje realityserien ”Farmen” vere meir interessant. Her er det heilt motsett frå Big Brother, der kun sex og alkohol står øvst på målslista. I ”Farmen” gjeld det å ha kunnskapar frå steinalderen. Deltakarane går svoltne og må klare oppgåver for å tene pengar til mat. Forsamlinga av deltakarar inneheld ein innbiten vegetarianar og ein mørkhuda indar som har fått godkjend asylsøknaden i gardssamfunnet. På spørsmål om kua skal slaktast eller ikkje, blir det ikkje noko samrøystes ”ja” frå indaren. Kua er til for å haldast hellig og ikkje etast av svoltne nordmenn.

 

Ut av dette kan det utartast krangel, og voldsame diskusjonar. Som regel blir gruppa delt i to, dei som er lei av å gå svoltne og dei som heller vil gå og drøvtyggje saman med den. Kanskje gras ikkje er så verst likevel? Alt må jo utforskast.

 

Bjølla ringjer og det er tid for å få servert middag. Dagens tredje porsjon med havregraut blir servert. Gråfargen får deg ikkje akkurat til å kjenne deg svolten, men ned må den. Om ein ikkje heller vil gå inn for slankekur.

 

Og i denne augeblinken har popkornet tatt slutt. Berre svidde upoppa korn ligg att, heilt åleine. Ein sit der fortumla med feite hender som har lagt igjen DNA-fingertrykk over heile skinnstolen og ein vaknar til det keisame dagleglivet igjen. Der arbeid, soving og mat står på menyen. Serien er slutt for kvelden og korleis det går vidare med deltakarane, er opp til dei. Det er kun dei sterkaste som vil nå målet sitt - ”Survival of the fittest”, enten det er for indaren å få nedlagt ku-slaktinga eller å bli godt likt av motparten for Big Brother deltakarane.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil