Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
"Sjur Gabriel" av Amalie SkramSkriv ut Utskrift

Ei tolking av boka "Sjur Gabriel" av Amalie Skram.

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:

Boka Sjur Gabriel er skriven av Amalie Skram og blei utgitt i 1887. Amalie Alver blei født i Bergen i 1846. I 1884 gifter ho seg med den danske diktaren Erik Skram, og det er han som oppmuntrar henne til å skrive. Dei har nokon få lykkelege år, før ho igjen blir separert i 1900. Men det er altså i løpet av sitt andre ekteskap ho byrjar å skrive, og hennar første bok er romanen Constance Ring i 1885. Her skildrar ho eit ulykkeleg ekteskap. Skram skriv i den naturalistiske stilen, og er Noregs fremste forfattar innan denne litteraturretninga. Ho meinar sjølv at naturalistane meir enn realistane legg vekt på å vise ukjende sider ved mennesket, det usynlege som få vågar å snakke høgt om. Sjølv vil ho få fram sanninga jamvel om denne sanninga både er grov, pessimistisk og ”usædeleg”.

 

Boka Sjur Gabriel er den første av fire bøker i romanverket om Hellemyrsfolket. Perioden boka er skriven i er naturalismen, og difor er Sjur Gabriel prega av naturalismens pessimisme og mangel på illusjon. Naturalismens viktigaste oppgåve er å setje problem under debatt. Naturalistane tar oppgjer med romantikken og vil skildre samfunnet slik at naud, undertrykking og urettferd blir avslørt. Ein naturalistisk roman kan ikkje «ende godt». Difor blir denne litteraturen frå ca. 1800-talet oppfatta som pessimistisk og desillusjonerande.

 

Typisk for naturalismen er at menneska blir skildra som produkt av arv og miljø, og at ein skriv om menneske som på grunn av dette har hamna i sosial naud. Dette med arv og miljø kan ein illustrere slik:

· Det miljø du er født i, vil for alltid prege deg, og du vil for alltid bli i det miljøet.
· Født fattig - alltid fattig.

 

Hovudpersonane lid ofte ein tragisk lagnad. I tillegg må det nemnast at røyndommen blir skildra svært nøyaktig, detaljrikt og med mykje bruk av adjektiv for å få fram kor frykteleg mange har det.

 

Kort innhaldsreferat

Boka ”Sjur Gabriel” skildrar samfunnsutviklinga gjennom det meste av det 19. hundreår med utgangspunkt i ein bonde- og fiskarfamilies sosiale nedturar. Boka legg handlinga si til den vesle garden Hellemyren, rett nord for Bergen i 1820-åra. Der bur Sjur Gabriel saman med kona si Oline og dei 5 barna; Ingeborg, Jens, Nils, Magne og Smaa-Adna.

 

Familien er svært prega av bondesamfunnet der pengar er ein skjør sak. Ein må arbeide dag og natt, men omgivingane og forholda trekkjer heile tida han og familien ned i elendet. Og det er ingen enkel sak for ein fattigsleg familie på 7. Draumar om eit betre liv er noko dei alle tenkjer på, og kona i huset, Oline, søkjer si tilflukt  til alkoholen når det blir som verst. På den måten klarar ho å kople ut frå den tøffe kvardagen og forsetje å leve på sine draumar om engelskmannen. Men Oline får si ”straff” for drikkinga. Sjur Gabriel slår henne som oftast helselaus dei gongene han oppdagar ho.

 

Mykje ser ”mørkt” ut heilt til den dagen Vesle-Gabriel kjem til verda. Han er solstråla, og kjem med nytt håp, og glede som gjer kvardagen litt ”lysare”. Særleg blir kjærleiken mellom far og son sterkare. Han må ta seg av sonen ettersom Oline blir sjuk og sendt til sjukehuset. Dermed må faren ta seg av vesleguten.

 

Men tragedien innhentar familien då Vesle-Gabriel blir alvorleg sjuk og døyr som følgje av ein strupehoste. Døden blir ei tung bør for familien å takle, særleg for faren, Sjur Gabriel som hadde så mykje omtanke og kjærleik for son sin. Han reagerar ved å ty til flaska han όg.

 

Analyse

Forfattaren, Amalie Skram, har i denne romanen valt ein autoral allvetande synsvinkel. Dette var også eit trekk som er å finne hjå dei naturalistiske forfattarane. Dei ville ”gøyme” seg bak stoffet og sanninga skulle tale for seg sjølv. Naturalistisk dikting skulle undersøkje, og beskrive, men det var opp til lesaren å trekkje konklusjonar. Ut i frå den nøyaktige miljøbeskrivinga skulle lesaren forstå at personane ”umogleg” kan handle annleis ein dei verkeleg er.

 

Men ser ein nøye etter, vil ein sjå at Amalie Skram er tilstades litt innimellom. For å ta eit døme på dette, vil eg vise til s. 11 i boka der ho skriv: ”Gaarden han ejede var saa ussel at se til, at den mest lignede en Udmark, og Huset han bodde i ikkje større end en Pladshytte.” Ordet ”ussel” blir her brukt for å skildre korleis huset ser ut, og framstillingen er då på sett og vis prega av forfattarens syn. Amalie vil at me skal skjøne at garden ser fattigsleg ut, men seier det ikkje openbart. Hu skildrar han difor som ussel.

 

Tema i boka er alkoholmisbruk, dei fattiges kår i Noreg, kjønnsrollemønsteret på den tida og kristendomens rolle. Dette kjem til uttrykk i historia gjennom Skrams skildring, komposisjon,  og personkarakteristikk. Boka fortel oss kor hardt det er å overleve i eit hardt samfunn der pengar betyr mykje!

 

Miljøramma rundt romanen er eit vanleg bondemiljø frå omkring 1820-talet og handlinga spenner seg frå mellom 10 til 15 år. Me får kjennskap til korleis den harde situasjonen til dei fattigslege er. Me får høyre om dei tronge kåra prega av fattigdom, alkohol, vald og død. Og det er nettopp Olines trong til alkoholen, Sjur Gabriels sinne, og elendet som stadig blir verre som driv handlinga framover og skapar denne spenninga me møter i boka. ”Kva vil no skje vidare?”, tenkjer me og blar ivrig til neste side for å få greie på fortsetjinga. Og det er nettopp denne utruleg gode skildringa Amalie Skram er så flink til. Ho får alt til å verke så nært at ein får den kjensla av å vere sjølv til stades i hendingane.

 

Boka om Sjur Gabriel tek til presenterande. Me får kjennskap til Sjur Gabriel, hovudpersonen i boka, og innblikk i livet hans som den fiske- og bondemannen han er. Og ettersom me les i boka, får me den oppfatninga av at Sjur Gabriel har ei svært kort lunte. Valdsbruken mot kona kvar gong ho har røyrt brennevinet, og mot ungane stadfestar dette.

 

Elles er han bitter og inneslutta, men viser også innslag av evne til å vise kjærleik og omsorg. Dette gjer han litt sympatisk. To døme: ”Oline, hun var nu saa overhændig dygtig og hurtig til sit Arbejde, og det uagtet hun nu var frugtsommelig igjen. Ja Stakker, hun var sandelig en ”Truslæpar”. Hvis hun vilde være som i disse Maaneder, kunde hun aldrig ønske sig en bedre Kone.” og ”Men alligevel – kanske han havde været for hardhændt, naar han bankede hende. – En Ting stod fast: Kom hun hjem igjen denne Gang, saa skulde hun ikkje faa høre et Kny, om hun saa var saa fuld, at hun hverken kunde se eller gaa.” Sjur Gabriel har også ei sterk gudstru, og livet hans blir på mange måtar dominert av dette.

 

Oline derimot, er Sjur Gabriels ”rake motsetning” ved at ho viser liten interesse og omsorg for barna. Det viktigaste i hennar liv er å skaffe alkohol og det fortast mogleg. Ho er øydelagd etter eit hardt liv med mange barnefødslar, men viser sin vilje gjennom å trasse Sjur på alkoholen. Også ho har ein sterk gudstru, men forskjellen på hennar og Sjur Gabriels sin, er at ho ikkje bryr seg om at ho syndar på same måten som Sjur Gabriel.

 

Me ser at forholdet mellom Sjur Gabriel og Oline er svært problematisk til tider. Dei har sine gode og vonde dagar som alle ekteskap er prega av. Sjur Gabriel ynskjer at kona skal slutte med alkoholen og vere eit godt førebilete for ungane sine. Men det går dårleg med det. Det er i slike strie dagar ein drøymer seg litt bort frå realiteten og ser tilbake på minnerike hendingar, eller anna som ein gjerne vil forandre i livet sitt.

 

I boka blir ein gjennom replikkar og indre monologar kjende med tankar, kjensler og ynskje hjå personane. Oline fantaserar om engelskmannen ho skulle gifte seg med, men som gjekk og drukna seg. Sjur Gabriel, derimot undrar seg over kvifor Magne – som han hadde vore tenestedreng saman med før, kjem så mykje betre økonomsikk ut av det enn han sjølv gjer.

 

Åra går og Oline blir gravid igjen. Fødselen er hard og Sjur Gabriel må springe etter assistanse, men det er ikkje berre enkelt. Han endar opp med å måtte spørje heksa Gamle-Kari, sjølv om han har lite lyst. Neppe om det finst mykje andre val. Sjur ”legg seg flat” og lar ho få det ho enn vil ha av pengar i betaling. Som den griske og usympatiske mennesket ho er, er det kun pengar som streifar i tankane hennar og ikkje Oline som ligg heime å ska fø. Etter mykje om og men, dreg dei saman tilbake til Hellemyren, og hjelper til med fødselen.

 

I dei neste dagane, går som regel alt tilbake til det normale igjen, og Oline startar å drikke som før. Ho stel av Sjur Gabriel for å klare å betale Kari for brennevinet. Då Sjur Gabriel får nyss i dette, skamslår han Oline og hiv Kari på døra. Men, Kari tar ”hevn” ved å leggje ei frykteleg forbanning over han. Og ein ser utfallet av dette dagen etter då ei ku blir så sjuk at Sjur Gabriel blir nøydt til å slakte den.

 

Det nyskapte barnet på garden er ein gut og får namnet Vesle-Gabriel. Han blir den som gir ny gnist i familien. Han er englebarnet alle foreldre kunne ha tenkt seg og blir Sjur Gabriels augestein. Sjur Gabriel meiner at guten er sendt som ei gåve frå Gud. Banda mellom far og son blir sterkare for kvar dag som går og dette skyldast fleire grunnar:

~ han må åleine ta ansvar for sonen sin

~ Vesle-Gabriel er den einaste av barna han kjem i nærkontakt med

~ same namnet

 

Desse nære banda mellom far og son fører til at dei andre barna må styre seg sjølv. Eldstejenta Ingeborg blir som ei ”mor” etter at Oline blir sendt på sjukehuset med vonde bein som følgje av fylla. Ingeborg tar seg av matstellet heretter og har eit stort ansvar. Også Sjur Gabriel får kjenne ansvaret på kroppen. Han arbeidar dag og natt for å tene til dagens brød, men likevel ser han at han treng hjelp på garden om han skal få dei daglegdagse gjeremåla i boks. Han tilsetjer tenesteguten Aslak i håp om å få avlasting, men Aslak er dårleg til å arbeide.

 

Ein dag då Aslak gløymer å lukke igjen grinda, forsyn kyrne seg med mykje av graset rundt huset. Dagen etter, då Sjur Gabriel skal ut for å arbeide, blir han møtt av eit forferdeleg syn. Det heile endar med at Sjur Gabriel slår han nærmast helselaus. Sjur må betale bot for overfallet mot Aslak og med det minkar pengane hans. Ikkje nok med det, må han betale for sjukehusopphaldet til Oline. Og det er heller ikkje lite, seksten spesidalar og trettito shilling. Over halvparten av det han har spart opp frå han var dreng, forsvinn ut i lause lufta. ”Uhella” ser ikkje ut til å ta slutt…

 

Då Oline kjem attende heim etter innlegginga på sjukehuset, viser Ingeborg mo si kven som er den eigentlege ”frua” i huset. I frustrasjonen ”heng ho ut mora”: ”Lyt eg gjera alt ana, so vidn eg yve detana mæ”. ”Ho Mor æ inkje førd te å arbeia”. Oline blir rasande og slår dottera, men angrar med det same etterpå. Kva for ei mor er ho blitt?

 

Åra går og elendet viser seg igjen. Vesle-Gabriel blir sjuk og er plaga av forferdeleg hoste. Det er her klimakset ligg. Guten kjem seg igjen, og som den strekt truande mannen Sjur Gabriel er, takkar han Gud for mirakelet. Han er sikker på at Gud har ein finger med i spelet og er han evig takksam.

 

Men håpet snur. Vesle-Gabriel blir alvorleg sjuk som følgje av strupehosten. Sjur Gabriel har stor forkjærleik for sonen sin, men veit ikkje kva godt han skal gjere for han. Han bestem seg for å reise til byen for å få fatt i doktor. Sjur Gabriel viser at pengane spelar lita rolle då han er villig til å betala doktorane kva enn dei vil ha, berre dei får guten hans frisk. Og etter mykje strev, får han tak i ein doktor som er villig til å bli med han heim.

 

Då det blir klart for Sjur Gabriel at det ikkje finst noko håp for guten hans, klandrar han seg sjølv. Etter Vesle-Gabriels død, skjønar han at Gud ikkje kan tilgi han for det fryktelege han ein gong gjor, nemleg å grave ned barnet sitt han fekk med ei uskyldig jente. Han skjønar at han ikkje oppnår tilgjevinga før han har ”betalt” den siste delen, som her er Vesle-Gabriel.

 

Vendepunktet i boka kjem på slutten då også Sjur Gabriel tek til brennevinsflaska. Han som var så imot denne drikkinga før, druknar sine sorger etter sonen sin i alkoholen. Avslutninga rundar av litt uventande som følgje av denne hendinga, men elles avsluttar den ganske forventande. Den har ein roleg avslutning.

 

Amalie Skram har i denne romanen valt å skrive på dialekt –strilemål. Dette bruker ho for å få heilskapen til å verke meir realistisk. Språket kan vere litt vanskeleg å forstå til tider, men samanhengen er klar.

 

Romanen er først og fremst ein samfunnsroman. Den beskriv kvinna og mannens posisjon i samfunnet i 1820-åra der mannen fungerar som familiens overhovud. Han bestem alt og blir lyda av resten av familien. Kvinna, derimot skal ta seg av heimen og det ansvaret som fylgjer med der. 

 

Romanen er bygt opp scenisk og inneheld mykje tankereferat. Boka er delt inn i 17 kapitler og er skriven i kronologisk rekkjefølgje, men bruk av frampeik og ikkje minst retrospektiv teknikk er nytta. Døme på dette:

~ Vesle-Gabriels fødsel og sjukdom

~ barnemordet

 

Andre verkemiddel:

~ Samanlikningar: hosten til Vesle-Gabriel og hanen. Utdrag frå boka: ”Hva - for - noe! Galer Hanerne paa denne Tid paa disse Kanter eller hvad er det?”

~ Vêret: Alt etter kor tungt og dystert det er, beskrives vêret deretter, for riktig å illustrere sørgmodigheita. I motsetning til det me elles er vant med at vêret følgjer årstidene, bruker Skram vêret som virkemiddel til ulike sinnstemningar.

 

Boka Sjur Gabriel har typiske naturalistiske trekk som brutale fattigdomsskildringar, pessimistisk menneskesyn og determinisme. Hovudpersonen i romanen, Sjur Gabriel, viser oss kor dominerande og valdeleg ein mannsperson kan bli og kva for ein dobbelmoral det er som prega kvinnesynet. Me ser tydeleg spor etter naturalismen i skildringa av anfallet til Vesle-Gabriel: ”Andfaldet blev stedse heftigere og heftigere. Det brød og knagede i Barnets Bryst, mens det hev og hikkede efter Vejret. Øjnene rullede vildere end nogensinde”

 

Det Amalie Skram vil vise med denne historia er kva konsekvensar alkoholen kan skape for ein familie. Bodskapen hennar kan ein sjå på som slik: Likevel om tilvære ser ganske så ”mørkt” ut, må ein då samstundes tenkje på alle dei positive sidene ved livet sitt. Det finst alltid noko som gir livet verdt å leve, og i boka er Vesle-Gabriel eit godt døme på dette. Han blir Sjur Gabriels augestein.

 

Sjølv syntest eg boka var svært interessant å lese. Amalie skriv nært, og brukar gode skildringar, samt at ho skriv mykje personleg. Mykje av dei same opplevingane frå barndomen og livet hennar, blir brukte her. Slik som livet til Sjur Gabriel blei, utarta også hennar eige liv på sett og vis. Dei siste åra av hennar liv var tunge, men dottera Johanne var den einaste som gav livet meining. Johanne eg også sentral i boka.

 

Alt dette får oss lesarar på kroken og det blir med eitt liv i teksten. Me får sjølv den kjensla av å vere til stades i historia som ein ”outsider” som ser og høyrer alt. Også tema ho skriv om, for eksempel alkoholproblem og fattigdom kan vere sentrale punkt ein møter i dagens samfunn.

 

 

Kjelder

~ Boka Sjur Gabriel av Amalie Skram

~ Norskboka Tekst og tanke, lærebok.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish