Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
NaboenSkriv ut Utskrift
En mystisk nabo med en hemmelighet...
Nynorsk - NovelleForfatter:


Ho sit alltid der i sofaen. Alltid. Kvar gong eg ser ned på naboens hus, sit ho der i sofakroken. Ho ser på TV, les eller strikkar. Av og til strikkar ho luar, av og til hanskar. Eg veit ikkje kven ho skal gi dem til. Kanskje ho har familie. Eg veit ikkje. Ho sit berre der.

 

Ho er ei kraftig dame med stort, krøllet og lyst hår. Ho kler seg alltid i den same kvite genseren og det rosa skjørtet med kvite paljettar. Korleis ho ser ut, veit eg ikkje. Ho sit alltid med ryggen til, omgitt av blomstar, møblar, bilete og andre merkelege antikvitetar. Blikket hennar feiar over havet av gjenstandar. Det ser iallfall slik ut. Hadde eg kunne sjå augo hennar, ville eg sagt at dei var triste.

 

Plutseleg ein dag berre sat ho der. Eg hadde ingen aning om at herr Martinsen hadde flytta. Og uten førevarsel budde det i heilt ukjend dame i herr Martinsens hus. Ei dame som aldri forlet huset. Iallfall ikkje foran mine augo. Denne hendinga var utruleg merkeleg. Eg berre måtte finne ut av det. Eg tok på meg skoa, og lukka døra bak meg.

 

Eg ringde på. Ett ringj, to ringj, tre ringj. Så venta eg. Kakeboksane som eg skulle sejle for å tene pengar tilklasseturen på slutten av året, la trygt under venstre arm. Først høyrde eg ingenting. Men så høyrdest vill romstering frå huset. Det gjekk eit minutt. Kanskje to. Hjertet mitt banka så hardt av eg var sikker på at det kunne høyrast i mils omkrets. Så opna døra seg. Eg skvatt så mykje at eg nesten mista kakeboksane.

 

Flau som eg var, såg eg opp. - Hei, vil du kjøpe ein ka...” Eg klarte ikkje å seie meir.

 

I døra stod ein mann. Det var herr Martinsen. Auga hans var omringa av kajal, og på leppene var det eit tjukt lag med rosa leppestift.

 

- Ville du noko?, spurde han og såg rert på meg. - Nei, det var ingenting, sa eg usikkert, mens eg målte ham frå topp til tå. Då eg fann ut at han hadde måla tåneglene raude, begynte eg å bli svimmel. Eg fekk til slutt pressa fram et ynkelig lite - Hade, før eg låg i firspang mot huset vårt.

 

Han sit alltid der i sofaen. Kvar gong eg ser ned på naboens hus, sit han der. Han ser på TV, les eller strikkar. Både luar og hanskar. Den store, krøllete og lyse parykken ligg som ein manke rundt hovudet. Nokre ganger reisar han seg for å bake ei kake. Eller kanskje han berre skal på do. Eg veit ikkje. Mn eg veit ein ing; eg har løyst hemmelegheita hans!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish