Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kunsten å ta førarkort

Kunsten å ta førarkort

Kåseri om å ta førerkort.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Tema
Bil

Dei fleste har vel ei eller annan gong som barn drøymt om eller leikt at dei kunne køyre bil. Då eg var yngre, lagde vi ”olabiler” som vi ”crossa” rundt i, utan å ta omsyn til alle dei gamle kjerringane som kom i vår veg. Medan vi sat der, bak det primitive rattet, tenkte vi som oftast på korleis det ville vere å køyre ein ordentleg bil, og kanskje var det derfor vi aldri lagde merkje til ho Olga, som nesten brekte båe beina då ho hoppa ut i grøfta. Teori hadde vi ikkje høyrd om, men nokre av oss hadde vel funni ut at trafikkreglane måtte kunnes. Det einaste som hindra oss i å ta førarkortet den gong, var at dei vaksne sa at vi var for småe, ikkje det at vi ikkje var flinke nok.

 

Åra gjekk, og då vi fylte 16, kunne vi endeleg få prøve å køyre ein ordentleg bil. Vel og merkje måtte vi ha ein vaksen i setet ved sid av oss, men elles var det inga andre krav enn at ein hadde fylt 16 år.

 

På dette tidspunkt var det mange som fann ut at det å køyre bil kanskje ikkje var så lett som ein hadde trudd. Det å svinge og gire samtidig som at ein skulle halde gass, brems og clutch får kvarandre var meir enn nok, om ikkje far skulle sitje der og mase om vikeplikt og anna ”tøv” på same tid.

 

I USA har dei ein teoriprøve som alle må ta før dei får tillating til å setje seg bak rattet. Der er det ikkje rekna som ei selvfølge at ein kan trafikkreglane fordi ein har fylt 16. Kvifor er det slik i Noreg? Er norske ungdommar glupare enn amerikanske?

 

No skal eg ikkje sitje her og seie at det amerikanske systemet for oppkøyring er så mykje betre enn det norske, for det er langtfrå kva eg meiner. Der treng ein jo ikkje vere eldre enn 15 år for å ta førarkortet i einskilde statar, og det tykkjer eg er reint for ungt. Kor mange gamle kjerringar ville vel ikkje prydd våre grøfter om vi skulle ha gjeve norske 15-åringer den same moglegheiten?

 

Etter at ein har køyrd lenge nok med far, kommer tida for køyretimane, som ikkje er særskild forskjellige sett bort ifrå at dei kostar ein formue.

 

Dette er perioden kor somme finn ut at dei kanskje skulle køyrd litt meir med far, medan andre finn ut at dei SKULLE køyrd med far fyrst, for å spare ”nokre” kroner. Nokre fann kanskje også ut at dei ikkje skulle ha køyrd med far I det heile tatt, men derimot med mor. Før ein kan ta ”den store førarprøven” må ein også ha teoritimar. Det er vel også ein føremon om teoritimane vert tekne før køyretimane, men ikkje eit krav. Teorien består av ca. 30, I alle si meining, vanskelege timar, og så godt som alle pugga før teoriprøven, så kan det vel ikkje vere ein einaste ein som har gløymt, eller vil kome til å gløyme det meste av teoristoffet. Ikkje at det ville vore så farleg om nokon hadde gjort det, ein klarar seg jo like bra i trafikken utan teori.

 

Endeleg kjem ”den store prøven”, og med hell gjer ein akkurat så få feil at ein likevel får kortet. Ein kan jo ikkje vente at nokon skal kunne klare prøven utan feil, ein feil av og til må ein alltid rekne med at folk vil gjere i trafikken. Så pass deg, Olga! Den neste feilen kan koste deg livet!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil