Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
"Populærmusikk frå Vittula" av Mikael NiemiSkriv ut Utskrift
Arbeidsoppgaver fra boka "Populærmusikk frå Vittula" av Mikael Niemi.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

1. Forfattar Mikael Niemi er fødd og oppvaksen i Pajala, ein svenskfinsk by som ligg nord i Sverige. Handlinga i boka er og lagt til denne byen. Niemi starta å skrive i ung alder, heilt nede i femtenårsalderen starta han å skrive dikt og noveller. Hans store draum gjennom ungdomsåra var å vere forfattar for resten av livet.

 

Mikael Niemi har jobba med mye forskjellig igjennom livet, og har vore gjennom yrke som lærarvikar, ungdomsarbeidar, verkstedsmeidarbeidar og ein jobb på eit lite bokforlag. I botnen er Niemi utdanna som elektrisk teleteknikar.

 

Niemi debuterte som forfattar i 1998 med diktsamlinga ”Näsblod”. Sia har han skrive ein del lyrikk, prosa og teater for både radio og scenen.

 

Mormora til Niemi er same og faren er tornedaling, så eg legg dermed ikkje skjul på at eg trur mykje av Niemis inspirasjon til denne boka kjem derifrå.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

2. Romanen ”Populærmusikk fra Vittula” omhandlar dei to gutane Matti og Niila på deires surfing på livets bølgje. Dei veks opp på seksti-syttitalet, i den avsidesliggande svenskfinske Tornedalen. De opplevar ein røff oppvekst kor alkohol og vold er ein stor del av kvardagen. Vi får høre om vanlege hendingar som gutanes første fysiske kontakt med jenter, puberteten, om korleis det er å starte band med heile bygda mot seg. Dei tre hovudhendingane i romanen er ein begravelse, eit bryllaup og ei bursdagsfeiring. Vi får også høyre om den religiøse læstadianismen som har prega innbyggarane i byen og korleis rockemusikken blir mottatt. Dette er ikkje ei bok for yngre på grunn av mye vold, sex og bannord. Men er ein kjempeflott bok for dei som likar å lese overraskande og lattervekkande historier om korleis to unge gutar veks opp. Brorskap er eit relevant ord å bruke i beskrivinga av boka, for den handlar mykje om to gutars nære vennskap.

 

I Pajala er det viktig å ikkje være knapsu. Knapsu er ein betegnelse som går på hardbarka husmødrer som driv med husarbete og er skikkelige kvinnfolk. Dissa kjærringane er ”veldig kjærringar”, så alle gutars mareritt i Pajala, og generelt Tornedalen for den saks skyld, er å bli utnemnt som ei skikkelig knapsu. Da gutane startar band for alvor og startar å opptre offentlig blir dei plaga litt av gutane i Pajala for dette med å være knapsu. Men med den nye trommissen som banker alt og alle tar det ikkje lang tid før dei slippar det problemet.

 

Vi får også høyre litt om musikklærar Greger som har mista alle fingra utanom tommelen på den eine handa, og spillar gitar som ein gud. Han skaffar gutane fullt bandutstyr etter ”kamp” med skolestyret på skolen deira.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

3. Romanen er skrive i førstepersonssynsvinkel. Vi får presentert innehaldet i boka gjennom Mattis auge, noe som til tider kan vere ganske forvirrande. For forteljarpersonen virke som ein ”allvitande” person som veit alt om alle i bygda. Særleg om korleis Isak følte ting psykisk og om korleis hans oppvekst hadde vore. Han veit også om opplevingar han ikkje sjølv har vore med på, og kan fortelje så mangt om dei. Det er litt pussig!

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

4. Tema i boka kan vere så mangt, men eg syns lausriving går som ein raud tråd igjennom heile boka. I alle situasjonar som Niila er med Matti føler eg at Niila føler seg utanfor på grunn av måten han blir oppdradd heime. Jo meir annleis Niila opplever med sine venner – jo meir river han seg laus frå korleis dei har det i familien og korleis han har blitt oppdradd til å oppføre seg.

 

Ein kan også sei at tema då er vennskap og brorskap. For det går nesten ikkje eit einaste kapittel utan at vi får høre om alle opplevingane Matti og Niila har saman.

 

5. Boka er bygd opp med ei ny forteljing for kvart kapittel. Boka er skrive på ”Heime – borte – heime” måten, noe som gjer at kvart kapittel begynner ganske stille for seg og byggar seg opp til noko spennande eller farlig mot slutten av kapitla. Etter å ha lest eit kapittel sitter ein igjen og undrar seg over kva det neste dei vil finne på i Tornedalen vil vere. For rare hendingar møter ein på i kvart einaste kapittel. Alt frå å gjømme seg i ein vedovn til å spille rockekonsert for ein gjeng med gamle, bortgjømde, berusa gubbar.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

6. Handlinga i boka føregår på seksti- og syttitalet i den bortgjema, aude svenskfinske Tornedalen. Hovudpersonane bur i eit strøk som kallast Vittulajänkkä (fittemyra) i den avsidesliggande byen Pajala. Her er miljøet spesielt. Ungdommane har ikkje så mykje å finne på, så store kretsmesterskap innanfor hemmebrentdrikking er ein slager. Eg trur ikkje at Niila og Matti ville ha spikra tregitarar som dei ”spilte” på om dei hadde hatt masse å ta seg til.

 

Niila veks også opp under eit hardt ”regime”. Så fort ein av ungane i familien så mye som rører ein finger trår faren, Isak, til med beltet. Så vald er vanleg i heimen deira.

 

7.

 

Matti

Matti er ein typisk ”A4”-gutt. Han kjem frå ei vanleg familie, har heilt vanlege familiekår og oppfører seg stort sett heilt ”normalt”. I motsetning til sin kamerat Niila, er ikkje Matti den av gutane som tenker mest på å komme seg vekk frå Pajala og Tornedalen. Han er van med dei trygge omgivingane i bygda og er oppvaksen til å tro at Kina er ”verdens ende”.

 

Matti er verkelig den av gutane som tar mest initiativ, både på damefronten og i forhold til bandet. Han vil stadig prøve ut nye ting. Vi får også høre om at Matti skoftar unna ei bandspilling berre for å vere samen med ei mystisk jente vi ikkje får vite namne til. Dei ender opp i garderoben til husmorgymnastikken, kor dei blir tatt med ”buksa nede” bokstaveleg talt.

 

Han er rett og slett alltid den fyrste til å gjere stort sett alt. Til dømes blir Matti tvunge til å drikke øl som unge av venninna til søstera og får også da oppleve sitt første ufrivillige, om eg kan kalle det for det, tungekyss av same jenta.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Niila

Niila kjem frå ein familie kor Lars Levi Læstadius har sitt innverke. Niila blir Mattis fyrste venn, og da dei blir vennar seier han ikkje stort. I hans familie var dei nemlig vand med ikkje sei stort. Men etter som åra går får Niila litt meir trua på seg sjølv og snakkar når han er saman med sine kameratar.

 

Niila snakkar i sin barndom et språk som ingen andre i Pajala forstår, men da ein afrikansk misjonær kommer til byda for å spre guds bud finner bygda ut at det er esperanto lille Niila har gått rundt og snakka, da han blir den einaste som kan oversette den afrikanske mannens språk da tolken besvimer og blir dårlig.

 

Niila er ikkje den som snakkar høyast i vennegjengen og lar seg lett ”overvinne” når gutane diskuterer ting. Han vil så gjerne gjøre litt ”show” på bandspillingar og vise seg litt fram, for det får han ikkje gjort stort av heime, men som vokalist er det sjølvklart Matti si rolle på scenen. Han er ikkje den beste på gitar, og blir nervøs da Holgeri, som henholdsvis er eksepsjonell på gitar, plutselig blir gutanes fyrste nye bandmedlem.

 

Niila tar sjeldent opp ting han har ein eigen meining om, og mitt syn på dette forteljar meg at dette har med Niilas grusamme oppvekst å gjere. Så fort ein i huset rørar på så mykje som ein finger eller gjer noko ut av seg tar Isak, Niilas far, fram beltet. I hans familie ble ungane slått jevnlig. Eg tror dette har gjort Niila til ein såkalte ”tøffel”, i og med at han heime frå var vand med å bli slått så fort han som sagt gjorde noe ut av seg, sa han heller ikkje så mykje når han fyrst sa noe. Han var blitt veldig ”kua” ned av Isak og var dermed ekstremt ydmjuk overfor alle sine medmenneska.

 

Niila er også veldig oppteke av å komme seg vekk frå Pajala før det er ”for seint”.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

8. Når ein lever slik som menneska i Pajala er det sjølvklart at slekta har mykje å seie. Det å bo i ei lita bygd gjer at ein blir verande med stort sett dei same menneska gjennom heile oppveksten, og ein kan dermed oppleve eit mykje nærare forhold til kvarandre.

 

I Pajala er det også viktig å ha eit godt ”familierykte”. Det virke litt som om ein alltid prøver å ha den beste familien. Dette får vi eit godt døme på i måten dei skildrar familiane sine i sosiale settingar i boka. Til døme måten Mattis familie skryter på seg ein heil haug med svært usannsynlige saker og ting deiers familie har prestert gjennom åra.

 

Vi får også i boka høyre om korleis menneska sjåar på seg sjølv i Pajala. Dei identifiserer seg verken som svenskar eller finsker, og skaper ein eigen individualitet og identitet ut av dette. Her kommer da familien også sterkt inn i bildet.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

9. I boka er høgdepunkta om ei begraving, eit bryllaup og om ein fødselsdag.

 

I begravinga blir farmora til Niila framstilt som ei heks og alle hennar rare ”påfunn” blir brukt som små morsomheitar i noen av kapitla i boka. Til døme vaknar ho til live ein kveld Niila ligg og les ”vaksenblad”. Det renner grønt ut av munnen hennar og ho tar kveletak på Niila. Han trur ho straffar han fordi han leste ”ulovlige” ting på senga og synda i forhold til Læstadianartroa. Niila blir vettskremt og går direkte til Matti for å høyre kva han har å si til saken. Mot Niilas vilje drar dei to gutane til Russi-Jussi kor dei leite etter råd.

 

Sitat frå boka: – Kjerringa vil få gravferd… kjerringa vil forsvinne om deire skjærer kuken av henne…

 

I bryllaupet skryter Mattis slekt på seg ein heil haug med usannheitar og det heile ender med ein gjeng sørpe fulle folk som drar krok, bryt handbak, og tar badstove bad med bjørkerispisking og ”mannfolkprat”. Ei av kvinnene i bryllaupet er ”på” Matti frå fyrste stund. Ho gir han sprit, og han drikker på som ein mann. Da han er ute i gangen for å drikke gamle alkoholrestar kjem ho ut og grip tak i han. Han blir skremt og roper at ho skal sleppe, men da kjem ho med spørsmålet : ”Blir du kåt når du er full?” Etter det drar ho av han buksa, set seg på han, og vips var dyden hans borte. Da ho fant ut at han ikkje var blitt kjønnsmoden enda blei ho sur og gjekk. Matti satt igjen med følinga av forvirring og fortviling.

 

I fødselsdagen møter vi ein gjeng med mannfolk som syns det er betre med tre dagar bakrus enn å vere avhalds. Her har musikklæraren bedt bandet til Niila og Matti om å spille for å få litt meir erfaring før dei verkelig store spillingane. Den eine gamlingen drikk meir enn den andre og til slutt blir heile gjengen med gamlingar lagt inni krikane og krokane kor dei kan sove ut sin sterke heimebrentrus.

 

Me blir presentert for eit ganske grovt innehalde i boka og eg syns nokre gangar at humoren er litt dryg. Å gjere narr av dei tinga som Niemi har gjort i boka er likevel akseptert, fordi det er verkelig skrive på ein slik måte at er berre nøydt til å le. Det er også fleire hendingar man sjølv kan kjenne seg igjen i, og dermed le litt av dei minna man sjølv har i mente. Eg syns dei humoristiske situasjonane frå boka var hysterisk morsame mange gangar, og til tider så teite eller rare at deil berre blei heilt latterlege.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

10. Sjølv om menneska i Pajala lever i eit heilt anna miljø og i ei heilt anna tid kan me sjå likskapar med vår eigen oppvekst. Opplevingar som sin fyrste venn, sitt fyrste kyss, puberteten, å miste dyden og ikkje minst det å bryte opp frå det ein er oppvakse med og oppdradd til.

 

Men eg må sei at dei veks opp under veldig ulike forhold enn oss i Noreg i våre dagar. I boka får me føre at Matti arbeidar livet av seg med rottedreping hos ein gammal, tysk krigssoldat, for å spare saman kroner til ein el-gitar. Som eg opplever det kan nok dei fleste norske ungdommar få det dei trengar til fritidsinteressa din, eller i alle fall få lommepengar så ein kan spare til dei tinga man ønskjer seg. Og eg kjenner heller absolutt ingen som må hogge tre i meterhøg skaresnø som ungdom for å skaffe ved til brensel, slik at familien held varmen vinteren igjennom.

 

Men utanom dette kan man jo trekke eindel parallellar mellom oppveksten og miljøet i boka i forhold til oppveksten og miljøet i våre dagar i Noreg. Men det trur eg kanskje har meir med at i alle oppvekstar og miljø er man igjennom eindel vanelege fasar som for eksempel pubertet!

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

11. Eg meiner det er fleire sorter av bodskap i boka. Blant anna det at menneska som veit korleis det er å komme frå ein vanskeleg oppvekst veit å jobbe hardare for ting dei brenn for. Niila kjem frå ein familie med dårlig råd og strenge kår. Matti kjem frå ein heilt vanleg familie. Mot slutten av boka får vi vete at Matti tenkje meir på jenter enn bandspillingar, og lyg om at farfaren held på å døy og seier jenta som ventar på han er kusina, når det verkeleg gjeld. Jenta som er den såkalte kusina er eigentleg ei jente han likar og har eit hemmeleg forhold til. Niila får da sitt ”gjennombrodd” da Matti skoftar unna for å dra med jenta han likar, og forstår da at han kan klare seg utan Matti. Han drar blir til slutt så sjølvstendig at han berre reiser ut i verda og spillar så avisene har sitt fulle hyre med å klare å få skrive nok om han. Bodskapen i denne sammeinhenga vil vere at den som jobbar hardt og fokusert får til det man verkeleg vil.

 

Eit anna døme på dette med bodskap i boka er jo dette med draumar. For Isak, Niilas far, hata at Niila spilte rockemusikk i band. Han kalde rockemusikken for satans musikk og brann den fyrste gitaren Niila hadde spart for å få råd til å kjøpe billig av Russi-Jussi. Kvar gong Niila hadde vore på spillingar med bandet fikk han juling av Isak. Niila draumde mest av alt om å bli rockestjerne som gutane i Beatles og snakka alltid om å dra ut i verda før det blei for seint. Så i dette dømet vil eg sei bodskapen er å aldri gje opp det man verkeleg draumar om, uansett kva andre meinar om ens draumar. Alle draumar er draumar, og om man verkeleg vil får man det til! Ein må berre vere førebudd på hardt arbeid og ha mykje pågangsmot. Å realisere ein draum krev at man ikkje bryr seg om andres meiningar og at ein er fokusert på å verkeleg stå på!

 

Ein kan også seie at bodskapen i boka er om å vere annleis. Matti og Niila er heilt motsetnader i personlegdom. Trur kanskje Niemi prøver å få fram at motsetnader tiltrekker kvarandre, og faktisk er svært viktige for kvarandre.

 

For kva skulle Niila gjort utan Matti?! Hadde det ikkje vært for Mattis sterke engasjement for deira vennskap hadde kanskje utfallet av Niilas oppvekst vore slik som det blei. Matti fikk Niila til å begynne å prate meir og meir. Fikk han til å klare å stå på eigne bein og klare det å rive seg laus frå faren til slutt. Brorskap frå begynning til slutt.

 

12. Eg likte boka kjempegodt! Det har kanskje med at eg er veldig glad i å lese bøker, kven veit?!

 

Eg syns Niemi skildrar så bra at eg såg dei forskjellige hendingane framfor meg i hovudet da eg låg og leste boka. Det er også eit godt pluss at han skriver med eit veldig lettlest språk.

 

Det er også veldig spennande at Niemi har gitt ein liten ”prolog” før kvart einaste kapittel. Det gjør at man ser meir frem til å lese om alt det rare dei to gutane finner på i Pajalastrøka.

 

For å komme til det negative synest eg det var eit minus at stort sett alle kapitla startar veldig tregt og kjedelig. Men med alle dei morsame skildringane og spenningstoppane mot sluten av kapitla er det nesten verd det.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

13. På filmatiseringa av Populærmusikk fra Vittula syns eg at me berre fekk sjå høgdepunkta frå boka. Det var også eindel hendingar frå boka som ikkje var med på filmen, noe eg syns var veldig trist. Sida fleire av dei hendingane eg likte best ikkje var med på filmen, blei eg sittande igjen med følinga av at noe var gløymd da filmen var slutt.

 

På nokre måtar likte eg likevel filmen best fordi der virka alt så mye meir verkeleg enn i boka. Ein får sjå korleis alle hovudpersonane sær ut og får eit anna perspektiv på innhaldet i boka. Somme gongar når eg leste boka følte eg at ting blei litt uklare. Når vi da så filmen fekk eg fleire gangar ei slags ”aha” –oppleving i magen da vi så hendingar eg ikkje heilt hadde forstått i boka.

 

Men eg må enda sei at eg likte boka best. Den er full av gode skildringar og morosame hendingar. Eg opplevde fleire gonge å ta meg sjølv i å le for meg sjølv, der eg låg og leste boka. Boka hadde også ein meir helheit over seg, mens eg syns filmen virka meir som ein samling av små utdrag frå boka fleire gonge, og ikkje ein ordentlig filmatisering av sjølve boka.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish