Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Utbygging av Stavanger KinoSkriv ut Utskrift
Om Stavanger Kino, men formen er også god med tanke på offentlig/privat, argumentering, økonimisk prioritering osv.
Nynorsk - ResonnerendeForfatter: Anonym



Utbygging av Stavanger Kino er eit emne som har vore svært aktuelt den siste tida. Saka går ut på at kinoen i Stavanger skal byggjast ut med fleire salar i eit heilt nytt bygg på Holmen, og at dei gamle salane skal pussast opp. Salane skal byggast ut slik at det blir mogeleg å servera alkohol under førestellingane. Investorane bak ein eventuell ny kino vil byggja han på Holmen. Dersom Stavanger Kinematografer ikkje er interessert i å investera så mykje pengar i ein ny kino, vil private overta prosjektet . Det har vore stor usemje om kor den nye kinoen skal plasserast, og det har ikkje minst vore stor usemje om kinoen i det heile tatt skal byggast ut med eit nytt bygg på Holmen, mellom Øvre og Nedre Holmegate. Mange meiner det er sløseri å setja i verk ei utbygging, og dei meiner difor det er feil. Andre meiner at ei utbygging er naudsynt fordi den nåverande kinoen i Stavanger ikkje er noko å vera stolt av. Er det naudsynt å byggja ut Stavanger Kino? Vil folk strøyma til kinoen dersom fleire kinosalar blir tilgjengelege? Er Stavanger Kinematografer interessert i ein ny kino, eller vil private overta prosjektet? Det er slike spørsmål ein må ta omsyn til dersom ein skal setja i verk ei slik utbygging.

 

Dersom ein skal byggja fleire kinoar og samtidig skifta ut lerretet og alle seta i dei gamle kinosalane, kan ei eventuell utbygging bli svært dyr. Mange er difor imot dette forslaget. Somme synest altså ikkje det er riktig å byggja ut kinoen, andre synest det er heilt greitt. Dei som er for planane, meiner at ei utbygging er naudsynt for å halda oppe interessa for å gå kino. Salar som er betre enn dei gamle vil lokka fleire folk til å gå på kino, meiner dei som er for. Stavanger er den fjerde største byen i Noreg, men likevel har byen ein av dei dårlegaste kinoane i landet. Dei seier òg at ein ny kino vil vekka interessa for å gå på kino, også hjå folk som aldri har vist noka interesse for det. Men ikkje alle er for utbygging av kinoen i Stavanger. Dei som er imot, legg mest vekt på at ein ny kino ikkje er naudsynt for å halda oppe interessa for film og kino. Dei meiner at den kinoen som allereie er der, er god nok for kinogjengarane i Stavanger. Pengane bør heller brukast på naudsynte saker, for eksempel til finansiering av fleire skular.

 

I tillegg til at det er stor usemje om ein ny kino i det heile tatt skal byggast ut, er det òg stor usemje om kinoen skal vera privat eller kommunal. Kinogjengarane bryr seg ikkje om kinoen er privat eller kommunal, her er det investorane som ikkje blir samde. Dersom Stavanger Kinematografer ikkje er villige til å investera i ein kommunal kino, vil ein privat kino bli bygd. Dei som er for utbygginga kan altså sjå fram til ein ny kino på Holmen same kva.

 

Dei som er for utbygginga oppmodar andre til å engasjera seg i denne saka. Særleg oppmodar dei ungdommen til å engasjera seg, slik at barn og unge kan få eit betre kulturtilbod i Stavanger. Å gå på kino er fyrst og fremst ei sosial handling, og ein ny kino vil difor fremja det sosiale miljøet og den sosiale tryggleiken. Men somme meiner framleis at det ikkje er naudsynt og at ein ny kino berre vil by på økonomiske problem.

 

Er det naudsynt å setja i verk ei utbygging av kinoen i Stavanger, eller er det berre sløsing med pengar? Somme meiner ei utbygging er naudsynt for å fremja kulturtilbodet, andre fokuserer på det som er negativt. Det finst ein del argument for, og det finst ein del argument mot. Dei som er mot, vil aldri bli samde med dei som er for og omvendt, og det vil alltid vera usemje om korleis ein bør prioritera i eit slikt tilfelle.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish