Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Josef Stalin

Josef Stalin

Fakta om Josef Stalin.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.09.2006


Joseph Stalin, fødd Iosif Vissarionovich Dzhugashvili var generalsektretær i kommunistpartiet i Sovjetunionen frå 1929 til 1953, og styrte då altså Sovjet i den tidlegaste perioden av den kalde krigen.

 

Han vart fødd 21. Desember 1879 i Georgia, og framleis mens han var ein ung revolusjonær tok han namnet Stalin som tyder ”stålmannen”. Han var son av ein skomakar og mora fekk han inn på presteskule i Tbilisi, men han slutta og blei same år medlem av det nydanna russiske sosialdemokratiske parti. Han kom resten av livet til å leve av og for politikken.

 

Frå 1900 til 1913 var han ein slags yrkesrevolusjonære for Marxist-Leninismen eller kommunismen, og han jobba med dette og med partiarbeid til han vart forvist til Sibir i 1913. Det var ein slags oppbevaringsstad eller ein ”fryseboks” for dei som sa staten imot.

 

Han kom fyrst til makta i 1922 som generalsektretær i det kommunistiske partiet. Denne stillinga hadd framleis ikkje den prestisje den seinare fekk. Stalin var svært stille av seg og sa ikkje stort på partimøta. Dei fleste såg på han som ei ubetydeleg brikke, men ein dyktig organisator, og nesten ingen rekna han som ein trussel.


 

Då det blei klart at Lenin, som var kjernemannen og leiar for heile det kommunistiske parti og Sovjetunionen var døyande, var ein splitting i kommunistpartiet nær foreståande. Kampen ville stå mellom Stalin og Trotskij. Trotskij var akademikar, leiar for ”den raude arme” og ein teoretikar som ikkje lot meiningane sine vera innestengd. Lenin skreiv i sitt testamente ein månad før han døydde:

 

”Stalin er for uhøfleg, og denne feilen kan me umogleg tolerera frå ein generalsekretær. Difor føreslår eg at kameratane fjernar Stalin frå denne stillinga og utnemnar ein som på alle måtar skil seg frå Stalin når det gjeld tolmot, lojalitet, høfligheit og det å vera lydhør overfor partikameratar.”

 

Lenin kritiserte også Stalin for altfor fort å ha brukt militærmakt for å tvinge andre nasjonar til å lystra Sovjetregjeringa.

 

Partileiinga valde å sjå bort frå åtvaringane frå Lenin og han døydde etter ein serie hjerneslag i Januar 1924. Trotskij blei utmanøvrert og vart til slutt stempla som fiende av staten og sendt til Sibir, kor han fekk ein ishakke i hovudet av ein av Stalin sine agentar.

 

Stalin allierte seg snart med den eine og snart med den andre, noko som resulterte i at dei fleste andre kjente partileiarane etterkvart vart utmanøvrert og Stalin sat att som eineherskar. Frå 1929 stod han fram som statens einaste rette leiar.

 

Dei slagne leiarane fekk fyrst administrative stillingar, men vart stadig strengare overvakte og meir isolerte.

 

Under moskvaprosessane forsvann nokre, nokre vart likvidert og andre begjekk sjølmord. Alle dei tidlegare medlemmane i politbyrået og alle som sa Stalin imot. Det er eit mysterium for historikarane. I løpet av andre verdskrig møtte han den britiske statsministeren Winston Churchill og USAs president Franklin D. Roosevelt i Teheran i 1943 og deltok på konferansen i Potsdam i Juli i 1945, saman med president Truman og Churchill.

 

Stalin vart beundra og sett opp til som ein helt og var førebiletet for kommunistane i dei aller fleste land.

 

Leiinga i det norske kommunistpartiet skildra i si avis ”Arbeideren” Stalin på denne måten:

 

”Arbeidaren Stalin – den enkle, beskjedne, sjølvfornektande klassekjempar – har berre eit overberande smil til overs for alt det vrøvl som til dagleg serveres om han av fiendar og ynkelege forrædere. (…). Han legemleggjer alle dei strålande eigenskapane mennesket er i besittelse av på den delen av jorda kor verdas første sosialistiske samfunn byggjes opp. Framtida er Stalins.”

 

Han kontrollerte all media og førte kanskje verdas største propagandaaksjon. Ingen turte å sei imot Stalin, då ville dei bli drepne. Han var iskald og mangla totalt medmenneskelegheit. Stalin stod personleg ansvarleg for mellom 15 og 20 millionar menneskeliv, utan å ta med alle dei som døydde i sultkatastrofen etter tvangskollektiviseringa av landbruket. Han var asosial, mistenksom og stolte ikkje på nokon.

 

Viss han mistenkte potensielle indre fiendar, kvitta han seg straks med dei. Dei vart arrestert eller drepne. Alle sidar av samfunnslivet vart ramma av omfattande og vilkårleg terror, og alle faktiske eller innbilte tilløp til opposisjon vart knust gjennom ein rekkje politiske prosessar, blant anna moskvaprosessane.

 

Han hadde også sitt eige hemmelege politi: STASI, og mange folk var angjevarar. Det var livsfarleg å sei noko imot regjeringa. Han hadde militær, økonomisk og politisk kontroll over dei fleste andre landa i Aust-Europa. På den måten hadde han eit belte mot vest av kommunistiske land som var venlegsinna mot Sovjet.

 

Han hadde også ein hær på 6 millionar ståande etter slutten på andre verdskrig så han kunne gjere akkurat som han ville.

 

Han døydde 5. Mars 1953 i ein alder av 73 år. Hans død er veldig omdiskutert. Nokre meinar at han døydde av naturlege orsakar, medan andre meinar det var mord. I vel sju år kvilte Stalin ved Lenins side i mausoleet på den raude plass i Moskva, som Lenins likemann, men i 1961 vart han flytte til ein ganske anonym grav ved kremlmuren. Og mange byar og stader som bar hans namn, som Stalingrad, vart omdøypt.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil