Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tenåringsjenter… ei uforståelig oppfinning?Skriv ut Utskrift
Kåseri/petitartikkel om tenåringsjenter.
Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



Dei finst overalt,fnisande og hemmelighetsfulle, med klede som du av ymse grunnar ikkje akkurat kan oversjå. Du har heilt sikkert møtt på dei ein eller annan gong i livet ditt, men om det var kjekt, er heilt individuelt. Dei fleste i Noreg, og på heile kloten for den saks skuld, har store urokkelege fordommar mot dei. Kanskje ikkje så veldig rart,der dei mangedoblar telefonrekningar og lagar ståhei i heimen om dei ikkje får lov til å pierce tunga si. Men fordomsfulle menneske likar dei ikkje, dei er jo perfekte sjølv, iallfall i sine eigne auge…

 

Joda..me snakkar om tenåringsjenter… Jentene som blir møtt med drepande augekast frå mødre og misunnelige blikk frå mindre.. I mange sammanhengar har folk feilaktig brukt ordet ”ungdomsjenter” på dei, dette er svært feil. Tenåringsjenter er nemleg ikkje ungdomsjenter; men dei er jenter i sitt livs beste periode, speidande etter lykka, på jakt etter nye opplevingar, og ein håplaus trang til å leve livet sitt akkurat slik dei vil.Dei har sine lyster og vanar som virkar totalt uforståelig på dei som ikkje finn seg under kategorien ”Tenåringsjenter”.

 

Tenåringsjenter er eit nytt fenomen.Akkurat kva tid det oppstod er usikkert, men at det er, det er iallfall sikkert. Dei som no er mødre til tenåringsjenter, er slike som gikk rett frå det å være ei snill skulepike på ni år og til det å være gift trebarnsmor. Derfor er det å være tenåringsjente ofte synonymt med å slite med håplause foreldre som ikkje forstår nokon ting. Men for at du skal forstå dette med tenåringsjenter, må du ha klart for det følgjande: Det er ikkje alle tenåringssjenter som er skikkelege tenåringsjenter!! Dei uekte jentene er slike som ikkje bryr seg om at dei ikkje får dra på discotek med 15 års grense når dei er 13, og som ikkje lagar ståhei i heimen om det blir slått fast at ”vinterskoa i fjor duger like bra i år”. Dette er falske tenåringsjenter, dei er ikkje, og kan aldri bli, ekte. Kanskje dei prøvar seg ein gong i blant med ei lite fnis, men sjå opp, dette er tvers igjennom falskt. Dei uekte tenåringsjentene er ofte slike som fell under kategorien ”Fornuftig Ungdom”,elska av alle, men ikkje av dei ekte tenåringsjentene.

 

Så må eg jo seia litt om korleis du kan avsløre ei skikkelig Tenåringsjente. Det klaraste kjenneteiknet er om ho er kledd i siste mote, dersom ho er det, er ho muligens ei ekte, men pass på! Det kan være ulv i fårklede, kanskje det er ei uekte ei med masse penger! Så må du sjå på augekasta, går auga automatisk frå hankjønn til hankjønn, er det nesten sikkert at du har ei ekte i kikkerten. Dersom ho òg tyggar tyggis, fnisar, bruker over ein time på badet utan å forstå kvifor andre familiemedlem blir sure, klikkar heilt om ho ikkje får lov til å gå ut når alle andre får, hatar foreldre, lærarar, søsken og andre idiotiske oppfinningar og dersom ho blir overlykkeleg over at det berre er 42 dagar til ho kan begynne å gå på discotek og depressiv om det skulle dukke opp ein uventa matte-prøve, kan du være sikker….Då har du ei tvers igjennom ekte Tenåringsjente……..Men vær Obs, holdbarheten er berre på 5-6 år…….


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish