Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Jorda sine krefterSkriv ut Utskrift

Oppgave fra 8. klasse om jorda sine indre og ytre krefter.

Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


1) Denne teikninga viser korleis Jorda er bygd opp.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

2) Når to havbotnplater glir frå kvarandre, vert det ei sprekk mellom desse platene. Sprekka vert fylt med lava som dannar ei havbotnplate og lagar ei undersjøisk fjellrekkje som me kallar midthavsrygg.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Når to kontinentplater kolliderer, vil kantane deira verta fjellfaldingar. I tillegg til faldingane vil dei to delane av jordskorpa verta skuva over kvarandre. Sand, grus og leire som elvar har ført ned i havet er også med i faldingane og overskuvingane.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

3)

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

4) Ei kjelde som sprutar varmt vatn vert kalla ein geysir, oppkalla etter ei stor kjelde på Island som heiter Geysir. Ein går ut frå at Geysir oppstod under eit jordskjelv på 1400-talet.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

5) Året 1816 vert kalla ”året utan sommar”, fordi det kom frost og snø om sommaren og øydela avlingane i delar av Europa og Skandinavia. Dette førte til at folk svalt, og kornprisane i England og Tyskland steig enormt.

 

Forskarar trur at grunnen til at det var så kaldt dette året, var at vulkanen Tambora hadde eit kraftig utbrot 10. april 1815. Svovel, oske og støv som kom ut av vulkanen under utbrotet, vart ført rundt Jorda av luftstraumane. No vart Sola hindra i å varma opp Jorda like mykje som vanleg.

 

6) Vesuv er ein vulkan sør for Napoli. Norddelen er ein halvsirkelforma rest av eit forhistorisk krater, Monte Somma som ligg 1132 moh. Den sørlige delen er ei yngre vulkankjegle som stadig har endra seg. Vesuv hadde sitt fyrste, kjente utbrot i 79 e.Kr., då byane Pompeii, Herculaneum og Stabiae vart øydelagde. Seinare store utbrot har vore i 1631, 1730, 1794, 1850, 1858, 1868, 1872 (etter dette utbrotet var toppen av kjegla 1301 moh.), 1906, 1929, 1944 (1186 m).

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

<bilde>

Logg inn for å se bildet
<bilde>

Logg inn for å se bildet

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

7) Dette er eit kart som viser korleis jordplatene er forma og korleis dei rører seg.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

8) Dette kartet viser stader på Jorda med vulkansk aktivitet.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

9) Dette kartet viser jordskjelv-område på Jorda.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Eg har funne ut at jordskjelva og vulkanane for det meste ligg ved eller på grensene mellom jordplatene.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Jorda sine ytre krefter

 

Rennande vatn

1) Ein v-dal er ein dal som er forma av rennande vatn. V-dalen har form som ein V.

 

Ein u-dal er eigentleg ein v-dal som har vorte slipt ned av isen. Somme stader u-dalane forma som ein v-dal, og det er fordi fjellet er veldig hardt, og isen har ikkje greidd å slipa det ned.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

2) Ein foss er ein del av ei elv der vatnet dett meir eller mindre fritt frå eit høgare til eit lågare plan. Viss elva går i stryk, vert fallhøgda fordelt over ein lenger strekning. Ved foten av fossen vert terrenget ofte uthult til ein stor kulp.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

3) Salto Ángel er den høgaste fossen i verda og er 978 meter høg.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Den høgaste fossen i Noreg er Vettisfossen som er 274 meter høg.

 

4) Der elver munnar ut, vert det liggjande igjen jord, grus og sand. Dette vert kalla eit delta etter den greske bokstaven ∆.

 

Ei elveslette er ein stad der elva renn roleg og i svingar gjennom eit flatt område. Dette området er danna av lausmateriale som elva har ført med seg gjennom fleire tusen år.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Meandrar er svingane som elva lagar på ei elveslette. Når elva renn i svingar, grev ho ut materiale i yttersvingane og legg frå seg lausmateriale i innersvingane.

 

Kroksjø er stader der elva har meandrert og teke ein snarveg, og lete svingen stå igjen (biletet).

 

Når det er så mykje vatn i ei elv at elva går over breiddene er det flaum.

 

5) Øyra og Øyre er stader som er oppkalla etter ordet øyr. Øyr er nytta om delta som vert danna inst i fjordane.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish