Sumarminne

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.07.10

Sumaren i år var eg og venninna mi Therese på ferie i Thailand. Me drog avgarde på ein mandag morgon, klokka åtte, fulle av eventyrlyst! Eg og ho Therese hadde gleda oss lenge til denne turen, og til alt det kule me skulle finna på! Me drog saman med tanta til Therese, ho Sylvia. Ho skulle treffe nokre gamle skulevener, og lurde derfor på om me ville vere med, noka me sjølvsagt ville!

 

Flyturen var veldig lang, den vara i heile tretten timar . Då me endeleg kom fram til den frodige øya Phuket i Thailand, var me alle glade for å sleppe ut av det overfylte og varme flyet!! Det første som kom imot oss då me gjekk ut av flyet, var den enorme varmen. Det var som ein varmeovn sto rett imot oss. Etter masse tull på flyplassen, fekk me endeleg satt oss på bussen som skulle kjøre oss til hotellet!

 

Hotellet vi budde på var kjempeflott, og eg og ho Therese hadde rom rett ut mot bassenget! Det første vi gjorde var å hoppe uti bassenget for å avkjøle kroppen. Resten av den dagen satt me berre ved bassenget og slappa av! Vi fant ut at det var lurt og slappe av denne dagen, for allerede dagen etter skulle me ut på eventyr! Dagen etter befant me oss på ein båt som skulle ta oss ti l den vakre øya Phi- Phi! På båtturen ut dit, traff me to andre ungdomar på vår alder, som heitte Thomas og Andreas. Dei skulle ut og snorkele ved eit kjent korallrev ved Phi- Phi, og dei spurde om me ville vera med! Gutane virka greie nok dei, så me sa ja! Me gjekk og kjøpte oss dykkarutstyr og blei med gutane. Etter at me hadde lært oss teknikken og fått vite korleis me skulle gjera om me fekk trøbbel uder vatnet, blei vi ganske gode etter kvart. Thomas og Andreas var ganske erfarne, og dykka ganske langt nedover, mens eg og Therese heldt oss på overflata og så på dei vakre og fargerike småfiskane. Etter ein vellykka dag med masse moro, bestemte me oss for å treffe gutane dagen etter også. Og slik fortsatte det, me var saman dag etter dag, og fant på mykje spennande og koseleg saman. Den eine dagen kunne vi dra på slangeshow, mens den neste kunne me berre liggje på stranda og slappe av og bade.

 

Etter ei uke med gutane, bestemte me at me skulle prøve å dykkje med ordentlig dykkjeutstyr. Ved eit korallrev ved ei lita øy, ein time utafor Phuket med båt. Då vi kom fram, øvde me oss heile den dagen på å bruke utstyret ordentleg, før neste dag då me skulle verkelig djupt ned i havet!

 

Neste morgon blei me vekkja tidleg av to overivrige gutar. Vi kom oss opp og var klare til den store ekspidisjonen under vatn!! Det var heilt utruleg, og noko heilt anna enn å snorkle på overflata. Eg kjende at det kilte i magen, og det var ein herleg kjensle. Fiskane hadde dei utrulegaste fargar, og det var vakre korallrev som kunne ta pusten frå ein. Det var ein eventyrverden, rett og slett!

 

Etter at me hadde symd ganske langt ned, så eg noko underleg bak sjøgraset litt lengre fram. Eg symde nærmare, og då kunne eg se at det var ei gamal seiskute som låg framfor meg. Dei andre kom bak meg, og dei fekk sjokk då dei fekk sjå skuta. Me såg at skuta var gamal, og at gamle ting låg spredd kring skroget. Me såg krukkar og kar, tønner og redskapar. Litt bortafor låg det ei kiste, nesten bortgjømd. Me såg på kvarandre og alle tenkte det same. Me symde bort til kista, og fekk dratt den opp til overflata. Vi drog ho på land og prøvde forgjeves å opne ho. Vi tok ho med i båten og fekk tatt ho med til ein låsesmed i Phuket. Han fekk opp låsen og me kunne endeleg gjera det me ville heile tida, opne lokket! Da me opna ho opp, blei me ganske overraska. Me titta oppi, men me såg ikkje noko! Då me titta betre etter, såg me ein liten svart boks. Me tok han ut og opna han. Inni boksen låg det ein liten lapp, og der sto det noko uforståeleg på Thai. Me tok lappen med oss til ein tolk, og forklarde han situasjonen. Då han leste lappen, begynte han å skoggle. Me spurde:” kva ler du av?” Då svarte han: ”Jau, direkte omsatt står det : ” blei du nyfiken no?”. Me blei lange i maska alle som ein, og følte oss litt teite, men før me visste ordet av det, satte me alle i gång med å gaple. Me trudde jo alle at me skulle bli millionærar alle saman, det skulle ein når ein endeleg fant ein skatt, men ikkje vi, nei!

 

Litt molefonkle drog me attende til hotellet, der me tok oss ein kvil ved bassenget. Sjøl om me var litt skuffa, måtte me le igjen, for me visste alle at dette var ein dag me ikkje ville gløyme nokon gong!!!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst