Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Silmarillion" av J.R.R. Tolkien

"Silmarillion" av J.R.R. Tolkien

Bokanmeldelse av Tolkiens "Silmarillion".

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.11.2006


Boka handlar om verdas byrjing og fram til det trede tidevervet.

 

I starten er det berre ein: ”Iluvatar”, eller ”Eru”, ”den eine”. Han skaper ainuane, som er fødde av tankane hans. Han gjev dei kvar sitt tonemønster, som dei framfører saman som eit stort kvad. Etter kvart byrjar den største av ainuane, Melkor, å synga utanom kvadet. Han vil herska og styra over ting sjølve, og ut ifrå mislyden hans, veks alt det vonde. Når kvadet er ferdig, viser Eru kva dei har gjort: Midt uti tomrommet, heng det no ei kule.

 

Dette er Arda, og her får ainuane tilbod om å stiga ned. Mange av dei gjer dette, og dei er i to ulike ordenar: Valaane, som er dei mektigaste, og maiane, tenarar av valaane. Her skal dei  skapa ein fager plass til Iluvatars’ born, men Melkor som har gjort krav på arda, og øydelegg alt som dei andre lagar til. Til slutt, går valaane til krig mot Melkor, og dei tek han til fange. Dette hender rett etter att Iluvatars’ førstefødde born, alvane, har vakna.


 

Alvane vakna ved den store sjøen Cuivinen, mens det enno var mørkt. Melkor hadde øydelagt lampane til valane, men Varda, Stjernedronninga, hadde lagt stjerner på himmelen, slik at alvane ikkje skulle vakna i eit fullstendig mørke. Etter krigen mot Melkor laga valaane to tre som lyste opp Valinor.

 

Etter krigen mot Melkor, fann valaane ut at dei skulle frakta alvane i sikkerheit i Valinor, der valaane budde. Alvane var delte i 3 store slekter: noldoane, vanyaane og teleriane. Kvar av desse slektene hadde ein leiar, og det var Finwë som leia noldoane, Ingwë leia vanyaane, medan teleriane hadde to: Elwë og Olwë.

 

På vegen vart teleriane hengane etter, og Elwë, som var den øvste leiaren, gjekk for å leita etter dei andre. Då han ei natt kom inn i ein skog, fekk han auge på Melian, som song saman med nattergalar. Melian var ein maia av ainuane, og Elwë vart forelska ved første blikk. Etterpå gjekk dei hand i hand ut av skogen, og mange av teleri-folket tok Elwë til konge og vart verande i Midgard med an. Dette folket vert no kalla sindaer. Resten av teleriane følgde Olwë, og kom til slutt til Valinor.

 

I Valinor levde alvane lukkeleg i mange år. Etter ei tid, fekk Finwë og Míriel ein son som fekk namnet Curufinwë. Míriel kalla han for Fëanor, ild-anden. Det var dette namnet som seinare vart brukt om han. Etter fødselen vart Míriel svak, og ho at Fëanor hadde fått livskrafta til mange andre born, hennar og. Ein gong ho la seg ned for å sova, vakna ho aldri igjen.

 

Fëanor, som vaks opp til å verta ein dyktig handverkar, vart ikkje glad då faren gifta seg på nytt med Indis av vanyaane. Dei fekk sønene Fingolfin og Finarfin. Det vart aldri eit varmt venskap mellom Indis-borna og Fëanor. Når Fëanor var vaksen, gifta han seg med Nerdanel, dottera til ein god smed. Dei fekk sønene Maedhros, Maglor, Caranthir, Celegorm, Curufin, Amrod og Amras. Dei to siste var tvilingar.

 

No laga Fëanor det største verket sitt, Silmarillane. I desse tre edelsteinane samla han lys frå dei to trea. Han skatta silmarillane enormt høgt, og unna berre sønene og faren å sjå dei. Elles hadde han dei innelåste i ei borg.

 

Det var på denne tida at Melkor vart løyste frå fangeskapet. Han fekk ikkje lov til å forlata Valinor. Melkor starta å spreia onde løgner blant alvane, og han sa til Fëanor at Indis-borna ville ta plassen hans hjå faren. Då vart Fëanor harm og trakk sverd mot Fingolfin. For dette vart han lyst i bann frå byen til noldoane. Han og sønene bygde då ei borg utafor byen. Finwë flytta og til denne borga.

 

Då  valaane oppdaga at Melkor hadde planta desse løgnene, prøvde dei å ta han, men han hadde rømt til Midgard. Der fekk han lokka med seg Ungoliat, eit vesen som hadde teke form som ein enorm edderkopp. Dei reiste til Valinor og øydela dei to trea, drap Finwë og stal Silmarillane. På grunn av dette fekk Fëanor med seg dei fleste av noldoane for å reisa til Midgard for å vinna tilbake Silmarillane frå Melkor, eller Morgoth som Fëanor kalla han, som tyder verdas svarte fiende.

 

Etter ei stund vaknar menneska langt aust i Midgard, og treff på alvar på ferdene sine.

 

Silmarillion er skriven av Tolkien, men dei ulike forteljingane vart ikkje sette saman før han døydde. Derfor har sonen Christopher Tolkien redigert tekstane saman til ei bok. The Silmarillion vart utgjeven i 1977 på engelsk, og Silmarillion kom ut på norsk i 1994.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil