Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Kjærleikens finessarSkriv ut Utskrift

En stil om kunsten å kysse. Denne er lagt ut for inspirasjon, ikke for plagiering.

Karakter: 5+ (VK1)

Nynorsk - FortellingForfatter:

Edvard og eg satt og diskutera. Skulle ein suge eller blåse? Edvard var overbevist om at suging var alfa omega. Personleg trudde eg at litt luft måtte til for å skape det ultimate kyss. Sjølvsagt hadde vi sett på folk som kyssa, men vi greidde ikkje heilt å setje fingeren på dei små finessane, som var så altfor nødvendige. Det var berre ein dag igjen til juleballet, og for augneblinket levde vi eit liv i uvisse.

 

Min augnestein var Trude. Ein vakker sommarfugl som fekk magen til å slå kollbøtte kvar gong eg såg henne. Ikkje fordi ho var skummel, men fordi ein forelska kropp gjorde dei merkelegaste ting. Marthe var Edvards utkåra. Ei søt jente, som hadde sjarmert Edvard i senk. To uerfarne par, som hadde verda framfør seg.

 

Ungfolane, Edvard og eg, diskuterte korleis vi skulle utføre vårt vesle stunt. Vi hadde vore saman med Marthe og Trude i to månar nå, utan at noen av oss hadde kyssa. Det var sanneleg på tide. Eg hadde i tillegg planer om å si, - eg elskar deg, til Trude, men eg visste ikkje om eg turte. Kva skjedde viss ho ikkje likte det ho høyrde? Far sa alltid at det var betre å hoppe i det, enn å krype…så vi hoppa med begge beina først. - Eg trur vi prøver på kvar vår måte eg, John, sa Edvard, før vi tok kveld, og vinteren fekk røska kinnene mine røde, då eg gjekk heim.

 

Finstasen låg som eit dødt slakt utover stolen. Det rosa slipset såg ut som ei lealaus tunge. Smokingen hadde sett sine betre dagar. Magen føltes som ein tung stein, som skvulpa opp og ned, i takt med bevegelsene. Det var juleball, og eg fann ikkje matador-følelsen. Eg kunne berre tenke på kva Edvard og eg skulle gjøre. Kva om ho ikkje likte kva som blei sagt og gjort? Eg manna meg opp så best eg kunne. Såg meg sjølv i speilet, røska litt vann i andletet. Det var no eller aldri. Matadoren tusla villrådd ut døra. Satt seg på sykkelen, og trådde spent nedover gata, mot skolen.

 

Ved inngangen venta våre to gudinner. At to personer av det motsatte kjønn kunne vere så tiltrekkande slo oss som eit under. På barneskolen hadde kjærleiken vore eit krav, no forvandla den seg til reine nytelsen. Men noe som slo meg som eit større under, var at slike vakre sommarfuglar, såg på oss, som kjekke og attraktive. Ikkje hadde vi fått skjegg, og kvisene bobla ut, som små vulkanar, fulle av kvit magma. Verden hadde nok sett større sjarmørar… Men uansett sjarmera vi Marthe og Trude nok til at dei, flistrande, hald oss i handa, på vei inn i gymsalen. Ein betre middag skulle bli fordøya.

 

Etter den betre middagen, med julebrus og grøt, blei salen rydda, og det var klart for dans. Ein liten støvsky reisa seg frå smokingen min, i det Edvard og eg begynte ein heftig dans, kor dristig hoftevrikking ikkje var til å sjå bort frå. Kvar ein konservativ teolog ville nok sett på dansen med avsky, mens John Travolta (nok) ville ha rosa den opp i skyene. For om så dristig, så ei vulgært. Dei to gudinnene våre lo.

 

Så nærma kvelden seg slutten. Dj Tore, annonserte at no var det siste dans, rytmane roa seg, og sakte men sikkert, fann alle seg ein (eller anna) partner. Trude la hovudet på skuldra mi, og neste trappetrinn opp, var himmelen.

 

Når eg sto der på nest høgste trinnet, og tenkte på kor nære himmelen var, ja da gløymte eg kor stor fallhøgda var. For no som fallhøgda var på sitt største, så tenkte eg berre på tubaer og trombonar. Eg sto no der, på dansegolvet, lente med framover, og kyssa med all min kraft. Blåste: ein kort lyd av oppblåsne kinner, blei raskt avbrott av den lyden drøvelen gav frå seg, da den ville ned eterøret hennar. Og ho slo meg frå seg.

 

Vi sto der lamslått begge to. Ho raud og forfjamsa. Eg stille. For i det augneblinket var alle svar sa klare. Alt hadde blitt gjort så altfor feil. Eg skulle til å gå.

 

Trude lo, – du skal gjøre det slik gutten min. Også kyssa vi, sånn utan vidare. Og hjertet banka i takt med Dj Tores vulgære og taktlause dansing. Det hoppa. Og Tom Jones song, - I believe in miracles…

 

Eg sykla heim Trude. Den kalde snøen laga ein rolig knirkelyd under hjula, der vi humpa i vei heimover, og vinden røska kinnene våre raude.

 

Då vi kom til døra ville eg si at eg elska henne. Det hadde vore så perfekt, men dei enkle orda blei til verdas styggaste, og den trønderske versjonen fekk håra til å reise seg på nakken. Stille prøvde eg ut dei forskjellige versjonane inni me, men verken ”eg elskar deg”, ”æ ælske dæ” eller ”I love you”, hørtes bra ut, der vi sto og så på hverandre, meir forelska enn noen gang. ”æ ælske dæ” ville få tunga til å slå knute på seg tre gonger før eg ville få sagt det, i tillegg til at var det stygt. Ivar Aasens versjon var lite betre. Britene kunne romantikk, men det hjalp lite, der eg sto, som opprådd nordmann. Ho lente seg mot meg, og kyssa meg…og alt eg fikk ut av meg var, - glad i deg, jenta mi. Ho smila, før ho rødma lett. ”Eg elskar deg”, fekk vente til ein anna gong.


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish