Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Madeira-hanen" av Ola JonsmoenSkriv ut Utskrift

Analyse av novellen "Madeira-hanen" av Ola Jonsmoen.

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



”Maderia –hanen” er ei novelle som er skrive av Ola Jonsmoen i 1994. Det er ei novelle som handlar om kjærleik, dårleg kommunikasjon i eit parforhold og eit bilete av ein hane. Den fortel om eit par som utviklar seg. Novella er prega av sjalusi og likegyldigheit.

 

Tittelen på novella er godt gjennomtenkt. Maderia er vulkanøy, og det finns eit sagn som seier at når Gud skapte verda, la han igjen ein liten bit av paradiset på denne øya. Denne øya er frodig og fruktbar, og det sikter til hanen. Ho ynskjar ein mann som er like god og fruktbar som hanen på biletet. Dama i novella, Anni, kjøpte dette biletet for mange år sida for alle pengane sine, og det betydde veldig mye for henne då. Biletet var drøymen om paradis. Drøymen om den perfekte mann.

 

Novella begynn med at paret ligg å søv, og Anni snakkar om at ho høyrer hanen gol. Han er for trøtt til å høre det, og søv vidare. Han sovnar av 7 dagar. Seinare i novella kan vi sjå at begge høyre hanen gol. ”Eg hører han, sa ho. Eg hører han eg og, sa han”. Dette beviser at paret har blitt meir samstemte. Så kan vi sjå at etter dei gifta seg, er det kun han som bryr seg om hanen. Han høyrer, men ho bare snur seg, og legger seg til å sove igjen. Ho hadde det så travelt om dagane at ho ikkje så på biletet ein gang, ”og eit ha det hang i lufta ei stund…” etter ho for på jobb. Dette er ei tydeleg forklaring på at forholdet begynner å ”daffe” av.

 

”Hanen var ei kraft av sinte musklar og spraglete fjører, kammen raud, nebbet farleg skarpt som nyslipt, sporane ferdig til hogg. Han hang der og var ein knyttneve ut i morgonlyset”.

Han står å ser på biletet mens han tenker. Han er svartsjuk på et biletet av ein hane, men han vil ikkje innrømme det. ”Kven er vell svartsjuk på ein fargeflekk?”. Fargen bli gjentatt i teksten. Fargen er eit symbol på det fine.

 

Ho er meir glad i biletet enn mannen hennar. Ho syns hanen er meir attraktiv. Han spør om ho huske at hanen gol, og da svarer hu ”Ja, den gongen ja”. Ho hørte det før, men no kan ho ikkje høyre lengre. Før ho flytta ut spør han om ho skal ta med seg biletet. Då svarar ho at hu ikkje veit, men da hu drog tok ho med seg det, utan å sei ifrå.

 

På slutten av novella får vi sjå at han ligg i senga si. Han kan fortsatt høyre hanen frå ein stan nede i byen. Han har ikkje gidd opp håpet på ho

 

Opninga av Madeia-hanen er skrevet med frampeik, så vi veit kva som kommer til å sjå. Handlinga føregår i eit hus på landet. Forfattaren skriver novella i tre delar; handlinga begynner før dei var gift, midt i novella fortel når dei er gift, og på slutten at dei var gift. Paret glir frå kvarandre ettersom årene går. Kommunikasjonen blir dårlegare og dårlegare. Før kunne dei kommunisere gjennom biletet, men no høyrar ikkje Anni det lengre. Dette er ein god komposisjon som Jonsmoen har fått til bra!

 

Den er skrevet i 3.person, og bytte på scene/dialog og refererande. Forteljinga beskriv heile forholdet til paret. Det er gjentakingar gjennom heila novella, kor biletet kommer tydeleg fram heile tida. Vendepunktet skjer når Anni bestem seg for å flytte frå ham. Når det skjer skriv ikkje Jonsmoen det rett på papiret, men vi les gjennom linjene.

 

Teksten er skreve med ufullstendige setningar. Det kan tyde på utryggheit. Kanskje han bare er usikker på seg sjølv? Han følar seg utafor pga av hanen. Ho ser opp og betraktar hanen heile tida, mens han blir bare lengre og lengre bort i frå ho. Ho begynn å lengte tilbake til drøymen. Det er også lange setningar, som kan tyde på kompliserte tankar.

 

Mange metaforar er brukt i teksten. Fargen, som gjenspeiler det beste. Hanen beheld fargen gjennom heile teksten, mens fargen til mannen henna forsvinn etter som årane går. Eks. ”Hanen er like fin i fargen. Ja den, sa ho”.

 

Lyset er eit fint bilde på at han ikkje har gitt opp. Lyset er eit bilde på at det finns håp enda. ” Han ligg i det stor, vakre soverommet og ser lyset sprenge seg som kilar inn under gardinene”.

 

Hanen er eit biletet på stolthet, og symboliserer maskulinitet. Anni ville at han skulle symbolisere det same, men han klarte ikkje og leve opp til det. Hanen symboliserer også ein ny dag og nye mulegheiter, men mannen hennar er det stikk motsette. Han sovnar av sju dagar på rad.

 

Biletet er ein fin metafor. Biletet ”bevegeir” seg fint gjennom heile teksten. Vi får det inntrykket av at hanen bevegeir seg, og levar, men det er jo bare eit biletet. Vi får inntrykket av at han gol og verkelig er der for han og henne.

 

På slutten i novella veljar ho å ta med biletet sitt. Kvifor? Ho ville ikkje gi opp håpet. Ho hadde fortsatt ein drøym om å finne mannen i hennar liv, og nå skulle ho begynne å lete på nytt.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish