Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Utdanningsmesse Øvre ÅrdalSkriv ut Utskrift

Informasjon om studieretninger ved Øvre Årdal videregående skole.

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - AnnetForfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


  • Messa var i idrettshallen i Øvre Årdal.
  • Det var ca 30 bedrifter der som ville presentera seg.
  • Det var elevar frå Leikanger, Haflso, Sogndal og Kaupanger der.
  • Foreldre kunne vera med men det var ikkje mange som vart med.

Logg, onsdag 1. november 2006

Me skulle møte på busshaldeplassen kl 08.15 får å ta bussen til Årdal vidaregåande skule. Eg var veldig spent om kva som var der, om dagen kom til å bli spanande eller kjedelig, me prata mykje om kva me trudde me hadde i vente. Me kom til skulen og bussen stoppa, me gjekk av og venta utanfor inngangen. Læraren vår sa at det kom til å bli kø fordi med måtte registrera oss, og me vart med i ein trekning. Læraren slapp oss inn og me stilte oss i kø, då me kom fram fekk me ein brosjyre med eit nummer på. Det sat nokre elevar frå skulen der og skreiv oss ned. Etter det fekk me ei gul t-skjorte der det stod ”utdanningsmesse 2006” på. Så slapp me inn i salen der messa føregikk.

 

Det var mange boder der. Alle bedriftene prøvde å få oss interiserte i det dei hadde å fortelje, men alt var ikkje like interisant. Dei gav oss brosjyrer om det dei presanterte. Det eg hugsar best var at ei bod som lagde noko drikke, det smakte som brus, det var av karbondioksyd. Me fekk 30 min på å gå rundt. me vart guida av ein som gjekk der, han var frå studiespesialisering det gjekk veldig fort. det var moro å gå rundt på messa, det var mange konkurransar det man kunne vinne pengepremiar (frå kr 500 til kr 2500) eg var med på nokre konkurransar. Dei fleste konkurransane var med spørsmål om bedrifta, men det var ein konkurranse der det var gjetting på kor mykje pengar det var i ein sparegris, eg rakk ikkje å gjetta fordi eg oppdaga den ikkje før rett før me skulle reise.

 

Årdal vidaregåande skule

Skulen vart stifta i 1965 og var ein kommunal handelshøgskule med to klassar, dei var der gamle farnes skule var. Skulen har endra seg mykje sidan den vart starta, og det har komme mange nye linjer, og skulen er ein moderne skule og må derfor forandrast på heile tida for å støtta arbeidskrava arbeidsgivaren treng

 

Linjer på Årdal vidaregåande skule:

 

Studiespesialisering

Eg fant ut at det var heilt vanleg studiespesialisering sånn som det er i Sogndal med dei faga som høyrer til allmennfag

 

Elektro

Det fyrste året (grunnkurs) er alle elevane samla som har valt det. Det andre året er det delt i to retningar, svakstraum og sterkstraum. Det tredje året er meir yrkesretta etter kva eleven vil jobba med etter han er ferdig utdanna.

 

Helse og sosialfag

Årdal var den fyrste skulen som hadde denne linja i hjelpepleia frå 1965. Det er ei spanande linje som vekslar mykje mellom praktiske fag og allmenne fag. Dei har godt samanarbeid med helse førde, lærdal sjukehus og andre små sjukehus i nærleiken

 

Kjemiske prosessfag

Er den einaste plassen denne linja finnst i sogn og fjordane, dei som går på denne linja er slike som skal reparera ting i oljen eller nokre elektriske ting, det er enkelt å skaffe seg jobb etterpå fordi det er stor etterspyrjnad

 

Skipsbygging

Her byggjer dei ikkje skip men dei lære korleis dei skal gjere det. Det er tre rettningar innan skipsbyggjing: maskinarbeidar, industrimekanikar og plate og sveis. Viss du vel denne linja er det mykje arbeid gjennom bedrifter. Linja har mange kontaktar. Dei produserar delar til industrien i Øvre Årdal

 

Automatikar

På denne linja får du jobbar innan industrien (prosessindustrien og mekanisk industri) og reparer og velihelder utstyr som vert brukt i inndustrien.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish