Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Skremmande utvikling i norsk fotballSkriv ut Utskrift
Kommentar på nynorsk om norsk fotball og sparking av trenere.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



I artikkelen ”frykter trenere kan begå selvmord” går Ivar Morten Nordmark klart fram og seier at viss vi ikkje tek vare på kvarandre, kan trenarar snart ta sjølvmord. Han meinar at det snart vil skje ei katastrofe i norsk fotball om denne nye ”trenden” fortsetter.

 

Eg vil seie meg einig i noko av det Nordmark seier, men ikkje alt. Eg meinar at nokre av dei norske klubbane opptrer uprofesjonelt når dei sparkar trenaren sin så tidleg i sesongen som Nordmark blei, sjølv om Tromsø berga plassen. Eg lurar på om det føregår nokre prosedyrar i ein fotballklubb når trenaren skal sparkast, eller om det bare er ei spontan avgjering å sparke trenaren om han gjør det dårlig. For meg virke det nesten som det er ein febrilsk reaksjon på å redde klubben frå eit eventuelt nedrykk. I og for seg er det greitt, men eg synast det er litt for uprofesjonelt av norske toppklubbar å tenkje så kortsiktig.

 

Her må eg faktisk få skryte av fotballklubben Brann som valde å ikkje sparke trenaren Mons Ivar Mjelde da han presterte under klubbens forventningar i fjor. Dei gav han heller ekstra tillit slik at han kunne bygge opp Brann til ein toppklubb på ny. Denne situasjonen viser at det finnast anna lausningar enn å sparka trenaren.

 

Ein kan undre på kompetansen til visse klubber i tippeligaen, når ein ser kor mange trenarar som har vorte sparka denne sesongen. Det faktum at så mange som 8 av 14 trenarar har vorte sparka eller valde å forlate klubben er tragisk for norsk fotball, synas eg. Med ordet tragisk meinar eg det er trist at norsk fotball har mista så mange trenarprofilar dei siste åra. Både Kjetil Rekdal, Ivar Morten Nordmark og Uwe Rösler var markante personar innanfor norsk fotball og det er synd at vi mister slike.

 

Men ein kan og seie at viss ein først veljar å ta jobben som trenar, så må ein væra tøff nok til å takle krava og presset som følgjer med jobben. Dette seier Arne Erlandsen om å være trenar:

”Det blir tøffere og tøffere, men når man er fotballtrener på toppnivå vet man at man er gud den ene helga og styggedommen den neste. Jeg er veldig klar på at dette er et valg vi har selv, vi vet hva det fører med seg og det er enkelt å la være.” Dette utsagnet understreker at å være trenar er tøft, men frivillig. Erlandsen fikk sjølv sparken fra IFK Göteborg for ikkje lenge sia, og han trekker mange paralleller mellom det å være topptrenar i ein fotballklubb og det å vere toppleder innenfor næringslivet. Blant anna seier han også at dei som investerar i klubbane har prestasjonskrav og resultatkrav, og at presset ikkje kjem til å bli noko mindre med åra. Dei som ikkje vil ha det sånn, kan ikkje ta jobben. Eg synas alle toppklubbane må ta disse utsagna på alvor, for idrett og næringsliv har blitt meire sammensveisa, og det hender at næringslivtoppar tek sine egne liv.

 

Men det fins også dei som synas at Nordmark overreagerer med det han seier. Erik Soler er ein av dei, han seier dette: ”Det kan ikke være overraskende at det er medieoppmerksomhet, og det kan heller ikke være overraskende at man må slutte. Hvis man ikke tåler det, så er ikke dette en arena man bør bevege seg inn på.” Han meiner norsk fotball er ein hyggeleg bransje, og at det vises masse hensyn. Det er mykje verre i utlandet, seier han. Det kan eg sjølv vere einig i, berre sjå på tilstandane i England, Spania og Italia. Trenarane der borte opererar på eit mykje høgare nivå, og kravet om gode resultatar er også større.

 

Alt i alt må eg seie at eg ikkje liker utviklinga i norsk fotball. Den nye, negative trenden med å sparke trenarar påvirker kvaliteten på norsk fotball. Eg meinar også at det er viktig å ta Ivar Morten Nordmarks kommentar på alvor, det krev nerver av stål for å vere fotballtrenar på det øvste planet, og alle takler nok ikkje ansvaret like bra.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish