Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tolking av "Det barn du var skal du aldri bli"Skriv ut Utskrift
Tolkning av diktet "Det barn du var skal du aldri bli" av L. S. Christensen.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



Diktet "Det barn du var skal du aldri bli" er skrive av den norske forfattaren Lars Saabye Christensen. Lars Saabye Christensen blei født i 1953, og har vore ein av dei mest populære forfattarane dei siste 15-20 årane. Den største suksessen er romanen "Beatles" (1984) kor vi følgjer fire unge Oslo-gutars liv frå 1965-1972. Romanen "Herman" (1988) blei også populær. Han har gitt ut fleire diktsamlingar og novellesamlingar og ei rekke spennande romaner. Christensen har dessutan skrive fleire dramatiske stykkjer for radioteateret. Han kombinerer litteratur og musikk, og saman med gruppa "Norsk Utflukt" har han gjeve ut 2 Cd-ar.

 

Diktet "Det barn du var skal du aldri bli" er henta frå diktsamlinga "Jaktmarker" (1979), og handlar om barndomen, oppvekst, opplevingar og livet. Forteljaren let oss høyre ei historie om ein person som snart skal seie farvel til det livet han/ho lever. Motivet er det tydelege skiljet i personlegdomen og alt det som har endra seg i livet til han/ho forteljaren fortel seg til. Temaet i diktet trur eg kan vere forandringar, livet og det å seie farvel til noko.

 

Stemninga i diktet, sett i ein heilskap, er på ein måte ganske dyster. Da tenkjer eg på det forteljaren seier til mottakaren i byrjinga av dei tre fyste strofene og i den siste, som berre er på to vers: "det barn du var skal du aldri bli" og "den du er skal du snart glemme." Lars Saabye Christensen seier her til personen at barndomen ikkje kjem tilbake, og at han/ho sitt nåverande liv også vil komme til å endrast. Mange vil oppfatte dei to versa som litt triste og kanskje deprimerande. Ein kan jo førestelle seg korleis det er å ønske seg noko, samtidig som ein veit at det er uoppnåeleg. Men det er viktig å leggje merkje til alle dei vedunderlege skildringane frå barndomen og resten av livet til denne personen. Christensen skrivar: "de drømmer som formet deg/de bilder som fylte sommernatten/med grønn sol og gule dager", og: "da lek og latter fulgte deg inn i søvnen/og ingenting var umulig." Disse versa skaper ei mild, drøymande og glad stemning. Ordbruken til Christensen vil hos mange vekkje muntre og gode minner frå barndomen, tida da otte var eit fjernt ord i vår tilvære. Det er derfor tydeleg at han/ho som det talas til i diktet, ikkje lenger er eit barn, men ein vaksen. Diktet inneheld ikkje eit "lyrisk eg", men forfattaren er likevel synleg ved at han vender seg både til lesaren og "du-personen." Eit eksempel på dette er: "det barn du var skal du aldri bli/ingen kan hente frem/de drømmer som formet deg."

 

Ordvalet er relativt enkelt. Lars Saabye Christensen brukar ingen kompliserte og vanskelege ord eller formuleringar. Tvert imot så er språket kvardagsleg og folkeleg. Men ein må sjølvsagt tenkje over nokre av dei litt merkelege oppfatningane av verda som personane i diktet har hatt. Forfattaren skrivar om: "de bilder som fylte sommernatten/med grønn sol og gule dager", og om "rom fulle av vann og blomstertapet". Barndomen var, som nemnt i førre avsnitt, ei verd utan otte, og med mykje leik, vakre drøymar og herlegdom. Personleg oppfattar eg tida som barn, som ei naturleg flukt frå røyndomen, ei tid da livet bestod av leik, moro og lystig stemning. Eg trur Christensen også meinte noko av det samme. Det levande språket til forfattaren vil sannsynlegvis vekkje fleire av dei samme assosiasjonane hos andre lesarar.

 

Diktet "Det barn du var skal du aldri bli" inneheld ein sterk biletbruk. I første strofe, vers 5; "med grønn sol og gule dager", brukar Christensen fargar som eit symbol på korleis det er mogleg å oppfatte verda. Røyndomen var ein heilt anna, mykje meir spennande og fargerik. Fargane som er nemnt, kan jo vere eit symbol på gode, vakre og varme kjensler. Fargen gul vil nok mange assosiere med sola, ei vakker, varmande og livsviktig glødande kule. Lars Saabye Christensen tar også i bruk besjeling og personifisering. I fyste strofe, vers 2 og 3; "de drømmer som formet deg/de bilder som fylte sommernatten", og i 3 strofe, vers 6; "da lek og latter fulgte deg inn i søvnen", blir draumar, bileter, leik og latter gitt liv. Dette forsterkar og aukar moglegheitene for assosiering, og skapar dessutan bileter, slik at lesaren må sette fantasien i sving. Bileta levandegjer dessutan teksten. Rytmen i diktet er ikkje heilt taktfast, men det har eit roleg, forteljande og samtidig raskt lesetempo, som passar til stemninga.

 

Temaet i diktet "Det barn du var skal du aldri bli" er sannsynlegvis forandringar, ønskjer, livet og det å seie farvel til noko, men samtidig å godta noko nytt. Gjennom heile teksten fortel Christensen om opplevingar som "du-personen" har hatt. Det verkar som om denne personen ikkje heilt klarar å akseptere det faktum at ting endrast. Forfattaren skrivar i 2. strofe: "du har lagt noe bak deg/du har mistet noe du holdt av…" Kanskje det var vanskeleg å innsjå at årene kom, at barndomen ikkje varte evig. Frykta for det som var annleis og nytt, kan hende fjerna og drap noko av livsgleda og drømmane til "du-personen." Diktet prøver å formidle eit budskap om å akseptere endringar, men samtidig at man ikkje må gi opp draumane, men sjå vidare og optimistisk på verda…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish