Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
George WashingtonSkriv ut Utskrift

Ein liten artikkel om mitt førebilete.

Skrevet på tentamen i 10. klasse.

Nynorsk - ArtikkelForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


I denne artikkelen skal eg utgreie om Amerika sin fyrste president, George Washington. Eg skal ta for meg korleis han blei president, og om han var ein god eller dårleg president.

George Washington sitt mål var lenge å bli ein løytnantsoffiser, men då forfremjinga aldri kom pensjonerte han seg frå militæret. Han kjøpte ein fruktbar gard att med kona si, Martha Danridridge Custis. Dei blei rike godseigarar og eigde mange slavar. Men sjølv om dei var rike, behandla dei alltid slavane sine fint. Dei såg ikkje på slavane som objekt, eller ein måte å tene pengar på. George Washington og kona behandla slavane med den største respekten dei kunne. Slavane hadde alltid mat nok, så ingen svalt. Washington skilde heller aldri familiar frå kvarandre.

Etter kvart gjekk Frankrike til åtak på Boston og krigslysta blei etterkvart større og større. Dei amerikanske styrkane gjekk til motåtak med Washington i spissen. Etter mange harde nederlag, og mange råe seiarar. Gjekk dei endeleg til åtak på Frankrike sin hovudbase i Boston, etter ein lang og hard kamp – vann Washington & co. Dei lykkes å ta tilbake Boston, og kanskje kunne Amerika bli ein sjølvstendig stat.

 

Etter krigen byrja den lange kampen om å bli ein sjølvstendig nasjon. Amerika ville ta avstand frå Storbritannia, og bli ein sjølvstendig nasjon.

Amerika sa til Storbritannia at dei ønskte å bli ein sjølvstendig nasjon, men ville og oppretthalde det nære samarbeidet deira. Storbritannia var ueinige at dei burde bli ein eigen nasjon, det blei ført ein krig som heiter ”Den amerikanske uavhengigheitskrigen”. Tretten britiske koloniar kjempa mot Storbritannia, og dei tretten koloniane vann etter ein lang og hard kamp. Parisavtalen i 1783 godkjente Amerika sin uavhengigskap. Etter denne seiaren trengte Amerika ein president, og det store spørsmålet var: Kven skulle bli Amerika sin fyrste president?

Etter krigen var Washington veldig populær for sine seiarar mot Britiske og Franske styrker. Han stilte til val og vant, i 1789 blei han Amerika sin fyrste president og John Adams Amerika sin fyrste visepresident. Washington satt i verk mange nye nøkkellovar, som fins i dag og er sjølve grunnlaget for det Amerika vi kjenner. Washington si tid i presidentstolen gav Amerika den solide nasjonal følinga, og det grunnleggande dei trengte for å bli ein av verdens supermakter.

 

President Washington er den einaste presidenten som har eit distrikt oppkalla etter seg, Washington D. C.. Washington fekk teikningane til det kvite hus teikna etter sitt eige ønske, men ironisk nok stod ikkje huset ferdig då Washington var president. John Adams (Amerika sin andre president) var den fyrste presidenten som budde i det kvite hus. Etter to periodar som president sa Washington takk for seg, sjølv om det var mange som ville at han skulle vere president heile livet sitt – som ein konge. Han og kona flytta tilbake til garden deira, og dreiv vidare som godseigarar.

 

Etter at Washington sa takk for seg, blei John Adams president (Washington sin tidligare visepresident. John Adams gav Washington rangen Løytnantsgeneral (den høgaste rangen då). Etter kvart blei general ein høgare rang enn løytnantsgeneral, men dette ble endra i 1976 då Washington gjennom eit vedtak i kongressen blei forfremma til general av arméene og på denne måten fekk ein høgare rang enn nokon tidlegare, nåverande og framtidige generalar. Det blei erklært at han alltid ville være den høgast rangerte militære offiseren i Amerika. Sjølv om Washington fekk den høgaste rangen i militæret gjekk han aldri aktivt inn i militæret igjen. Washington er den einaste presidenten som gjekk inn i militæret etter at han var president, med unntak av president Dwight D. Eisenhower. Washington vart sjuk og døde 14. desember 1799 av akutt lunge- og halsbetennelse. Washington ble gravlagt i familiens gravplass på Mount Vernon. Kongressmannen Henry Lee, ein kamerat frå revolusjonskrigen, minnet Washington som «ein borger, først i krig, først i fred og først i hjarta til sine landsmenn».

Washington er mitt førebilete fordi han var målbevisst, smart, før si tid, ressurssterk, handlingskraftig og heltemodig. Han nølte ikkje då Amerika var i fare, men viktigast av alt han mishandla ikkje andre menneske. Han hadde eit mål, og det målet var å gjere Amerika til ein sameint nasjon. La oss alle minnes denne flotte personen som prega Amerika, på ein god måte. Det er ikkje sikkert at det hadde vore noko Amerika i dag utan han, det hadde i alle fall ikkje vore det same. Men mest av alt la oss huske han som den mest betydingsfulle presidenten gjennom tidene i Amerika.

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish