Thomas Vermes: Innskrenke mobiliteten

Hovedsynspunkt i teksten "Innskrenke mobiliteten" av Thomas Vermes
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.07.10

Forfattaren skriv i denne artikkelen om at vi i dag bruker bilen for mykje. Han meiner at vi ved å bruke bilen, blir for late, og at vi øydelegg lokalsamfunna. Forureining og problematikken rundt den blir òg peika på. Hovudsynspunkta i teksten er at mobiliteten i dag er det bare kapitalistane som er tent med, at distrikta i Noreg blir fråflytta, og at vi i dag forureinar med all bilkøyringa.

 

Forfattaren meiner at næringslivet framstiller vegar og bruer som vilkår for å overleve. I dei siste åra har vi begynt å reise meir enn vi gjorde før og har tatt inn fleire og eksotiske matvarar enn for få år sidan. Vermes meiner med dette at vi klarte oss utan det før og vi kan klare oss utan det nå òg. Dessutan tener dei som før har tent masse peng, enda meir. Det høyres kanskje dumt ut når ein høyrer det første gongen, men når ein tenkjer på det, har det konsekvensar. Når ein person drar ut i verda og ser seg om, får ein nye inntrykk. Han treng ikkje dra langt, kanskje bare ein liten tur inn til storbyen. Før alle hadde bil, var dette sjeldan. Nå drar folk frå distrikta inn til byen nesten kvar dag, enten dei skal på jobb, trene, gå på kino, eller andre ting. Når fleire drar inn til byane, blir det mindre å gjøre på bygda. Dette fører til at fleire butikkar og filialar i distrikta blir lagt ned, og folk flytter inn til byen. Sidan fleire og fleire eig bil i dag, og vi stadig forbetrar vegnettet her i landet, pendlar stadig fleire menneske mange mil om dagen for å komma seg til og frå jobb. Med nye motorvegar tar folk sin eige bil i staden for toget, eller bussen.

 

Den gamle myten om at bygdefolk treng bilen mest sidan dei ikkje har tilstrekkeleg med transportmidlar, holder ikkje lenger. I dag er det klart at byfolk køyrer meir med bil enn folk på landet. Det hjelper ikkje at det i byen er meir kollektivtransport, trafikken i byane aukar bare. Ein annan ting som aukar i takt med trafikken er forureininga. Dei rike folka flytter frå byane og ut til forstadene. Her bor dei i store luksusvillaer, og køyrer inn til byen for å handle. Dette aukar forureininga i byane, samstundes som trafikkfaren aukar.

 

Men er det verkeleg slik at bilen har skylda i alt dette? Høgst sannsynleg er det vel ikkje bilen eine og aleine som har skylda for alt. Veger må byggjast, grunna transport og kommunikasjon. Når det gjeld reiser, har vi i dei siste åra reist mykje meir enn tidlegare, men dei fleste familiar har òg fått betre økonomi sidan 1960-talet. Kvar familie har færre ungar nå enn da. Noreg er ein velferdstat, og vi eksporterer varer og importerer. Eksotiske frukter som kiwi og mango, er ein heilt banal ting hos den nåverande generasjonen.

 

Supermarknader og storsenter spretter opp i byane, medan butikkar leggast ned. Dette kan òg vera ein fordel, sidan ein jo har alt på ein stad. Eit slikt storsenter skapar òg fleire arbeidsplassar enn ein enkel butikk. I distrikta er bilen som transportmiddel nødvendig. Kollektivtransport er det lite av, og kvart år blir det stadig kutta ned på budsjettet for kollektivtransport. I byen der forureininga er verst, blir det også køyrd mest. Mange treng bilen på jobben, fordi dei har yrke som transport, bud, eller anna arbeid der ein bil er nødvendig. Folk som pendlar er enten uvitande om kollektivtransporten eller tidene, eller dei liker best å køyre sin eigen bil.

 

Status er viktig i dagens forbrukarsamfunn. Kvar familie skal ikkje ha bare ein bil, men helst to eller fleire. Er ein skikkeleg rik, bør ein òg ha ein sportsbil. Folk treng ikkje køyre så mye som dei gjør i dag, men etter kvart har ein vent seg til det, og nå er det vanskeleg å stoppe utviklinga. Tenk om du sjølv skulle latt bilen stå ei veke. Hadde du takla det?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst