Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Vald og kriminalitetSkriv ut Utskrift

Årsaker til at vold og kriminalitet har blitt et samfunnsproblem, og hvordan det påvirker meg og deg.

Nynorsk - EssayForfatter:



Ein kan spørje seg sjølv kva som er årsakene til at det er så mykje kriminalitet og vald i samfunnet i dag og kva som får menneske til å gjere uakseptable handlingar. Det er nok mange teoriar på dette og eg trur nok ikkje det fins berre eit korrekt svar, det er nok mange grunnar bak handlingane!

 

 Det er mange ulike former for kriminalitet, og dei mest skremmande er vel blind vald, fysiske overgrep som til dømes voldtekt, og grove innbrudd – også mens det er folk tilstades i huset. Eg trur at den største grunnen til dette er at det er ein større grunnleggjande mangel på respekt for menneskelege verdiar og ein større egoisme som samfunnet har bidratt til. I større byar og tettstadar lever vi tettare inn på folk vi ikkje kjenner og manglar ofte dei viktige nettverka som fans der før. Eg tykkjer også at det er meir fokus på grupper og ikkje enkeltmenneska, at alle er unike og har ein verdi.

 

 Informasjon og filmar som inneheld grov vald er så mykje lettare tilgjengelig senkar terskelen for kva som er akseptabelt, sjølv om ein blir fortalt at ”det er berre film”! Eg er heilt sikker på at til og med små ungar får tilgang til dette. I eit samfunn i stadig forandring, der ting skjer raskare og vi blir stadig fleire – vert det stadig vanskeligare å få kontroll.

 

Sjølv om kriminalitet utøvast av mange, får ungdomane ofte skylda for at det blir slik. Og det er sant at det er i ung alder ein legg grunnlaget for kva som skjer seinare i livet. stiller ein for store krav til ungdomane i dag, samtidig som dei ikkje blir møtt med forståelse for deira behov? Skaper dette igjen eit behov for å bryte grenser og søke spenning? Kanskje for nokre. Nokre gjer det nok frivillig og det blir ein del av måten å leve på – men det er også mange som søker tilhørighet i større gjengar og miljø og blir dratt inn i vanskelige situasjonar.

 

Har ein berre hatt medgang i livet, er det vanskelegare å forstå menneske som slit og treng hjelp til å kome ut av det. Mange menneske slit også med psykiske problem i tillegg. Slike problem kan også være grunn til kriminelle handlingar. Foreldra veit ofte ikkje kva dei skal gjere, sjølv om dei har ressursar til å hjelpe. Det har til alle tider vore ei kløft mellom generasjonane og sjølv om eldre folk er åpnare for nye ting, så vil det alltid vera eit behov for ungdomar til å markere seg.

 

Kjem det aldri til å ta slutt? Eg trur ikkje det. Vald og Kriminalitet trur eg er eit problem som vi aldri kjem til å bli kvitt, heller ikkje om 10 år, men eg trur også samfunnet kan forbetre seg mykje dersom fleire er villig til endring! Det er vanskeleg å styre kriminalitet i framtida, enten så aukar det eller så blir det mindre, alt etter kva som skjer. Det er mogleg det må skje ei større krise, som gjer at folk må samarbeide – og eg er sikker på at slike kriser vil kome i form av konfliktar, sjukdomar eller økonomiske kriser. Sjå kva som skjedde i USA etter 11. september. Sjølv om ting fort blir gløymd, så vil vi alltid stå saman i kamp mot terrorisme – som kanskje blir ein enno større trussel i framtida.

 

På grunn av terrorismen har framandfrykta auka. Men denne trur eg har auka mest hos dei eldre. Terrorisme er vel også eit utslag av fanatisme. Det som skapar rasisme i Norge er kanskje mest gjengmiljøa og uvitenheit og mangel på respekt kulturane imellom. Dette gjeld også respekt for den norske kulturen! Det er motsetningane som skapar konfliktene trur eg.

 

Kriminaliteten har vorte eit problem som ikkje berre påverkar dei som er midt i det, men også heile samfunnet! Det påverkar også min kvardag som tenåring, og dette merkar eg på mange forskjellige måtar. Eg får først og fremst mykje informasjon gjennom media, og vi snakker mykje om det med vener, heime og på skulen. Dette trur eg er bra for at vi skal få ei bevisst holdning til problemet. Foreldra mine er også mykje strengare på kor lenge eg kan vera ute om kveldane og kvar vi kan opphalde oss. Eg får blant anna ikkje lov å dra åleine til Oslo.

 

Eg er vel ikkje den einaste som har fått alvorspraten om at ein ikkje skal bli med framande kva dei enn tilbyr. All denne praten om at ein må vere forsiktig og passe seg har gjort at ein vert reddare for enkelte ting. Dette merkar eg spesielt når eg går aleine i mørket, da hender det jo at eg møter på nokon som eg ikkje kjennar som kanskje ser litt farlig ut (noe som han sikkert ikkje er!). Dette er ganske naivt syns no eg, men disse fordommane er resultata av korleis samfunnet er i dag og alt snakket om at ein må passe seg!

 

Det einaste eg kan gjere er å sjå positivt på framtida og ta mine forholdsreglar.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish