Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
MetallicaSkriv ut Utskrift

Metallica frå begynnelsen til St. Anger. Prøvd å få med det meste.

Karakter: 5

Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Innleiing

Eg har valt å skriva eit prosjekt om Metallica fordi medlemmene av bandet er dei største førebileta mine. Fyrste gongen eg høyrde Metallica var for ca. 4 år sidan, men eg byrja ikkje å høyre på dei for alvor før ca.1 år seinare. I byrjinga høyrde eg veldig lite og sjeldan på dei, men etter kvart som tida gjekk, vart eg meir og meir fasinert av musikken deira. No går det aldri ein heil dag utan at eg høyrer METALLICA…

 

Som bakgrunnsstoff for prosjektet har eg sett ein dokumentarfilm om bandet si siste plateutgiving, og eg har sett fleire konsertopptak på DVD. Dessutan har eg fleire Cd-ar av dei.

 

Eg har vore inn på Internett og lasta ned informasjon om medlemane og historia til bandet. Dette er noko av det eg vil skriva om i prosjektet mitt.

 

Problemstilling

Korleis starta Metallica og korleis har kariera deira vore?

 

Tidleg historie

Metallica vart danna i Doweny, California i 1981 av trommeslagar og tidlegare tennis talent, dansken Lars Ulrich og gitarist/vokalist James Hetfield. Begge hadde sett inn kontakt- annonser i det amerikanske bladet the Recyler og det var James som svarte på annonsen til Lars. Saman fekk dei tak i bassisten Ron McGoveny. Dei byrja å laga songar, både tekstar og melodiar. Ein av songane, ”Hit the Lights” spelte dei inn for samlealbumet Metal Massacre.

 

Då hadde dei leigd inn ein gitarist, Lloyd Grant som spelte solodelane. Etterpå sette Lars inn annonser etter ein permanent sologitarist i lokale aviser. Dave Mustain frå Huntington Beach, California svarte. Den fyrste øvinga gjekk før seg i garasjen til Lars Ulrich. Dei spelte inn demoen No Life ’Till Leather. Denne demoen vart godt mottatt.

 

Det oppstod ein del konfliktar mellom Ron og resten av bandet, noko som førte til at Ron forlèt bandet. Han vart erstatta av Cliff Burton frå Castro Valley, California. Resten av bandet var så imponerte av bassinga til Cliff at dei flytta til hans heimstad for å få han med. Dette var starten på den store kariera til Metallica.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

f.v. James Hetfield, Cliff Burton, Lars Ulrich, Dave Mustain.

 

I 1983 flytta Metallica til New York etter gode råd frå marknadsførarane Jon og Marsha Zazula. Etter at Metallica hadde opptredd nokre gonger, signerte bandet ein avtale med Zazula sitt nye plateselskap, Megaforce Records. Dave Mustain sin oppførsel når han drakk, skapte ein del missnøye i bandet og han vart sparka ut av Metallica. Kirk Hammet overtok plassen hans som sologitarist. Kirk hadde spelt litt med James og Lars dei siste to åra. Kirk hadde med seg ein meir progressiv og teknisk stil enn Mustain. Det vart ikkje synleg før på albumet Ride the Lightning sidan songane frå Kill’em All allereie var ferdigskrevet. På sin måte endra Kirk bandet mykje og gjorde dei betre. Etter at Mustain måtte forlate Metallica, vart bandet meir opne for kvarandre sine idear som førte til deira fyrste plateutgiving.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Turnè

I 1984 reiste Metallica ut på turne i USA for å promotere Kill’em All. Turneen gjekk betre enn forventa og produceren Flemming Rasmussen sendte dei til Europa for å få blest om albumet der. Det gjekk og betre enn forventa med 25 000 tilskodarar på sin fyrste Europakonsert i Paris. Etter eit par konsertar reiste dei heim att mykje meir erfarne enn då dei reiste. Dei følte at dei måtte utvikle seg på den musikalske fronten, så Lars lærte seg nokre nye avanserte rytmar på trommer, Kirk tok gitartimar og Cliff spelte med Gene Simmons og Jim Martin. James følte at han ikkje trong å læra noko meir, og han gadd rett å slett ikkje bruke tid på slikt tull.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Det var og dette året då albumet Ride the Lightning kom ut og vart stor suksess. På det nye albumet tok Metallica nye steg. Songane vart lengre og innehaldt både instrumentale låtar og songtekstar som gjekk djupare enn dei som blei gjort tidlegare. Den mest tydlege låten på dette var songen Fade to Black. Den songen er ein meir djupgåande og roleg song om ein som vurderer å ta sjølvmord. Fade to Black var den fyrste av mange songar i den stilen. Seinare eksemplar er Welcome Home (sanitarium) og One. Slike songar er noko av det som skilte Metallica frå dei fleste trash-metal banda som Anthrax, Slayer, og Megadeth. Det var gamle sologitarist Dave Mustain som danna gruppa Megadeth.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

f.v. Kirk Hammet, Cliff Burton, Lars Ulrich, James Hetfield.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Gjennombrot og tragedie

I 1986 gav dei ut sitt tredje album Master of Puppets. Det var dette albumet som gjorde at Metallica fekk sitt store gjennombrot med songane Master of Puppets og Welcome Home. Metallica hadde no eit snitt på 34 600 tilskodarar pr. konsert gjennom heile turneen og det er det ikkje mange band som kan stille opp med.

På den same turneen var dei i Sverige og skulle køyre til København etter ein konsert i Göteborg. Vegane var glatte og det var dårleg brøytt. Bussen sklei på isen og veltet rundt. Cliff Burton vart kasta ut av bussen og bussen landet på han. Han omkom. Resten av bandet kom frå det i live. Dette var eit stort tap for resten av medlemmene både personleg og musikalsk. James har sagt ved fleire høve at Cliff hjelpte han til å utvikle seg musikalsk. Hetfield vart bla. Inspirert til å skriva låten One etter å ha lest boka Johnny got his Gun av Dalton Trumbo som han hadde fått av Cliff.

 

Jason Newsted blei satt inn som ny bassist den 28 oktober 1986 og dei fullførte turneen.

 

I 1987 lagde Metallica sin fyrste cover-album som også var deira fyrste Cd med Jason Newsted. James, Kirk og Lars erta og terga mykje på Jason for å sjå om han kunne takle dei påkjenningane som dei måtte tåle i kvardagen i livet sitt som rockestjerner. Jason klarde seg fint og han vart med på turne i Asia der han vart teken godt i mot av tilskodarane.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Då dei kom heim att frå Asia hadde dei eitt ”slapp av” år, og spelte inn albumet

And Justice For All. Det var ingenting spesielt som skjedde dette året unntatt utgivinga av singelen One. One vart ein klassikar i resten av karrieren deira og dei speler denne songen på nesten kvar konsert.

 

I 1989 gav Metallica ut albumet And Justice For All som vart ein større suksess enn Master of  Puppets. Med songane som One, Eye Of the Beholder og Dyers Eve vart dette deira største suksess og dei drog på turne resten av året.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

f.v. Kirk Hammet, Lars Ulrich, Jason Newsted, James Hetfield.

 

Etter 10 år som producer for Metallica, går Flemming Rasmussen av som producer og starter som trommeteknikker. Bob Rock vart deira nye producer i 1991. Det same året gav Metallica ut albumet The Black Album som vart ein megasuksess og gjorde Metallica til rockelegender med songane Enter Sandman, Nothing Else Matters, og Wherever I May Roam. Etter at dei var ferdige med turneen for dette albumet, visste alle kven Metallica var.           

 

Metallica turnerte i ca 3 år for The Black Album og då dei var ferdige tok dei ein pause til seint i 1995. Då gjorde dei det dei likte aller best, nemleg å spele andre sine låtar. Etter det lagde dei eit nytt album som kom ut i 1996. Albumet hette Load og sidan det er avgrensa med plass på ei cd plate så gav dei ut eit album til kort tid etter i 1997. Dette albumet hette Reload. Desse to nesten identiske albuma, representerte ei stor forandring for Metallica. Bandets raske trash-rock var bytta ut me noko meir bluesaktig rock.

 

Hetfields vokalar fekk meir plass enn før og fleire songar viste at bandet eksperimenterte med andre lydar og sjangrar. Low Man’s Lyric og Mama Said er gode eksempel på dette. Det var veldig blanda kritikk av desse to albuma,

<bilde>

Logg inn for å se bildet
og mange fans følte at stilen deira hadde endra seg for drastisk. Innan 1996 hadde alle i bandet klypt håret og klesstilen var heilt forandra.

 

I 1998 gav Metallica ut dobbeltalbumet Garage Inc. Den fyrste Cd-en innehaldt nyinnspelte coverlåtar. På den andre plata hadde dei samla dei fleste andre tidlegare utgitte cover låtane sine.

 

I 1999 fekk Metallica eit spørsmål av Michael Kamen om dei ville halde nokre konsertar der dei spelte med San Francisco symfoniorkester. Metallica takka ja og konserten vart haldt 21. og 22. april 1999. Det vart skrive to nye songar i dette høve. No Leaf Clover og Human. Konsertane vart stor suksess.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Newsted forlèt bandet

I 2001 forlèt Jason Newsted Metallica etter 14 år medlemskap like før dei skulle spela inn sitt nye album. Jason sa det var på grunn av den psykologiske skaden han hadde påført seg sjølv medan han spelte den musikken han elskar. Men det viste seg at Jason hadde hatt eit sideprosjekt med bandet Echobrain.

 

James likte det svert dårleg og han sa at han ikkje kunne spela med ein som hadde eit prosjekt med eit anna band for han trudde det ville svekke Metallica. Jason forlèt då Metallica. Bandet byrja ikkje å leite etter ein ny bassist. Dei leigde nokre gamle nedlagte militærbrakker der dei skulle spele inn sit nye album. Dei hadde ingenting å byrja med. Ingen tøffe gitarriff, ingen tekstar og ingen idear i det heile.

 

Dette var ein ny måte dei skulle prøve på. Dei byrja å spele så smått men det var ingenting som såg ut til å fungere. Det vart mykje kjefting og krangling mellom Lars og James og dei tilsette ein psykolog. James, Lars og Kirk fekk snakka ut om ein heil del. Lars fortel at dei ikkje hadde samarbeidd på over ni månader. Det vart laga ein dokumentarfilm frå heile den tida, frå dei gjekk inn i studio og til albumet var ferdig. Etter den tida då Cliff Burton omkom i 1986 byrja James å drikke mykje. No la han seg inn på avvenningskurs og framtida for Metallica var mørk. Dette gjorde at filminga vart mykje lengre enn planlagt og det vart lang utsetting på albumet som skulle lagast.

 

Etter ca. eit år kom James tilbake frå avrusing og bandet tok til så smått med å skriva nye låtar. Det var James som var primus motor når det gjaldt låtskriving, men no slapp Lars og Kirk og til. Det var framleis litt problem i bandet så dei hadde framleis psykolog. Det var lenge snakk om at dei skulle slutte med filminga til dokumentarfilmen Some Kind Of Monster. Metallica bestemte seg for at filminga skulle halde fram. Dei flytta og plateinnspelinga til eit skikkelig studio.

 

James hadde inngått avtale med familien at han skulle bruke meir tid med dei, så han kunne berre jobbe med albumet frå kl.12 til kl.16. Lars likte dette dårleg og det vart nye konfliktar. Etter mykje snakk med psykologen deira, lærte Lars å respektere James. Det gjekk etter kvart betre med låtskrivinga og dei lagde nye songar. James hadde fått nokre idear medan han var borte og alle ideane handla om sterkt sinne og frustrasjon. Dei fekk mykje av aggresjonen og sinnet sitt ut i tekstane og melodiane. Metallica byrja og å sjå

<bilde>

Logg inn for å se bildet

etter ein ny bassist. Dei hadde audition og ein av dei som møtte opp var Robert Trujillo. Robert hadde før spelt for Ozzy Osbourne. Ironisk nok henta Ozzy inn Jason Newsted slik at dei bytte bassistar.

 

 

Då albumet St. Anger endeleg kom ut i juni 2003 kom det rett inn på førsteplass på albumlistene i tretti land. Det gjekk og rykte om at det var det mest aggressive albumet som bandet hadde kome ut med på 10 år. Metallica vann og ein Grammy for det nye albumet. Dokumentaren Some Kind Of Monster fekk også veldig gode kritikkar. Før dei fekk Robert Trujillo som fast bassist var det producaren Bob Rock som hadde spelt bass på øvingane. Den bassen som du høyrer på St. Anger er det James Hetfield som speler. Utgivinga ville vorte 3 månadar forsinka dersom Robert skulle spelt bassen. 


Dette er bandet i dag

<bilde>

Logg inn for å se bildet

f.v. Robert Trujillo, Kirk Hammet, James Hetfield, Lars Ulrich.

 

Mine tankar om Metallica

Eg synest det har vore interessant å lesa om Metallica og om korleis utviklinga i bandet har vore. Det som har gjort mest inntrykk på meg var då eg såg dokumentarfilmen Some Kind Of Monster. Mykje av dokumentaren gjekk ut på å skildra problema til bandmedlemma. Spesielt James som hadde problem med drikking. Det var rørande å sjå korleis han klarde å kome seg ut or problema sine, og korleis han klarde å koma seg framover att. Han fann ei ny meining med livet der kona og ungane kom før bandet. Sakte, men sikkert kom Metallica seg på fote igjen og dei fekk ny suksess.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Den fyrste konserten etter ei lang tid med problem i bandet.


Eg synest og det var spesielt korleis musikken vart brukt til å få ut all den aggresjonen og sinne som James hadde bore på. Han hadde hatt ein hard oppvekst der foreldra skilde lag då han var 13 år. Faren fann seg ny familie og den nye dama hadde ein son i frå før som spelte trommer. Det var slik James byrja med musikk. Mora til James døde då han var 16 år. James sa i dokumentaren at det einaste han hadde att då var musikken. Han seier og at utan den så hadde han mest sannsynleg vore død eller i fengsel. Eg fekk tårer i augene då eg såg filmen.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Dokumentarfilmen Some Kind Of Monster.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish