Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Mine gamle henderSkriv ut Utskrift

Vi fikk en oppgave om å skrive en tekst til et bilde av en gammel mann som satt i en seng.

Karakter: 5+

Nynorsk - FortellingForfatter:



Har ikkje rokke å ta det ned enno. Sjølv om det er over tjue år sia. Og no klarar eg ikkje å ta det ned lengre. Eg seier det er på grunn av helsa, men eg veit at innerst inne lever det enno eit håp om at ho ein gang skal tilgi meg. Eg kan sjå på det bilete i fleire timar om dagen. Eg seier det er fordi eg ikkje har anna og gjere på mine eldre dagar, men det er ikkje det. Eg treng noko lykkeleg å sjå på.

 

Eg bur i eit trist hus, så det er godt å ha ein lykkeleg ting å sjå på. Bilete har svarte rammer. Det er ein trist farge. Eg og Ingeborg er kledde i svart. Det er ein trist farge. Bakgrunnen er grå. Det er også ein trist farge. Men bilete gjer meg lykkeleg. Det minnar om ei lykkeleg tid. Ei tid da sola skein inn vindauget på det lille kjøkkenet kor eg og Ingeborg satt og drakk nytrakta kaffe. Ei tid da ungane sprang rundt i huset og lagde lydar. Lykkelege lydar. Dei heng igjen som eit ekko. Det er bære dryppet frå takrenna som bryt stillheita. Drypp…drypp….drypp…

 

Eg lever eit liv i nokre minnar. Eg må leve i dei lykkelege minnane. Ikkje i dei som kjem etter. Da får eg bere lyst til å spy av meg sjølv. Dei seier at eg er ein ekkel mann. Eg veit jo at eg er det, men dei skulle bære vite at alt som skjedde eigentlig ikkje skulle ha skjedd. Det var aldri meininga at det som skjedde skulle skje.

 

Når eg ligg i senga mi om kvelden ser eg på hendene mine. Sånne store stygge hender kan gjera mykje ugang. Det trekk kaldt opp gjennom sprekkande i golvet og det isnar i ryggen min. Puta mi lukter gamal mugg, men til slutt sovnar eg. Eg drøymar om natta. Drøymar i minnar. Dei lykkelige minnane…

 

Vi var ein stor familie. Eg var far til fire små snille barn: Geir, Liv, Anna og Sivert. Og så hadde eg verdas beste kone. Eg jobba som arbeidar på ein stor fabrikk og vi hadde pengar så vi hadde til livets opphald. Eg hugsar spesielt søndagane da heile familien drog ut til havet. Det var ei stor strand vi hadde heilt for oss sjølve. Ungane bada og lekte, mens eg og Ingeborg kunne ta ein pause i frå kvardagens stress. Vi hadde alltid med oss ein matkurv fylt av dei deiligste ting. Ingeborg var ein meister i å lage mat, og kunne trylle fram det mest vidunerligste av nesten ingen ting. Då ungane blei større drog vi på båttur. Ingen ting var som Siverts lysande auge då han kjende napp i snøret eller Geirs stoltheit då han drog opp storsei etter storsei.

 

Heime i huset var det eit yrande liv kvar dag, men ville eg eller Ingeborg ha ro, lystra dei med ein gong. Det var slike snille ungar. Eg hadde ei slik snill kone. Kvifor? Kva skjedde med meg?

 

Eg vaknar svett over heile kroppen. Det er mørkt ute. Mørket legg seg tett om meg. Prøvar og kvele meg. Over meg heng bilete. Maris auge ser ned på meg. Eg kryp saman. Borrar ansiktet ned i puta. Ein rotten eim trenger seg inn i nesa mi. Men eg veit ikkje om det er eg eller puta som luktar. Eg klarar ikkje å sove meire, får stavra meg opp på dei gamle beina mine og går bort til vindauget. Det går ikkje an å bære leva i dei lykkelege minnane, dei andre ligg der som eit svart teppe og trengar seg på. Dei vil også hugsast. ”Nei” skrik eg. ”Gå vekk.” Men minnane kjem, og eg hugsar, eg hugsar dei alt for godt…

 

Plutseleg ein dag vart kvardagen vår forandra. Eg kom på jobb og fekk vite at fabrikken var gått konkurs! ”Slapp av,” sa han Torleif som eg jobba saman med. ”Du ska sjå at neste veke har vi arbete igjen.” Men eg klarte ikkje å tru på ham. Det var heilt førferdelig å gå der utan å være til nytte for nokon. Dag ut og dag ut trødde eg rundt utan å komme fram tel ei førnuftig lausning. Pengane flaug av sted, og vi vart nødt tel å selje båten. No hadde ikkje ungane noke å sjå fram tel. Eg så det på han Geir, eg så det på ho Liv, eg så det på ho Anna og ikkje minst kunne eg se det på han vesle Sivert. Dei vert tynnare og tynnare, allikevel haldt dei humøret oppe og støtta meg.

 

Etter kvart var eg desperat etter arbeid. Kvar dag var eg i byen, men eg hadde ikkje hellet med meg ein einaste gang. Ein av dagane da været var som verst, med sur nordavind og regn, møtte eg han Torleif. Han hadde heller ikkje funne noke arbeid. Det var seint,og vi var begge triste og nedslåtte etter ein lang dag på leit. ”Veit du ka”, sa han Torleif plutselig etter at vi hadde gått ei lang stund i tausheit. ”No er eg lei av å gå rundt i dårleg humøre heile dagen. Ka seier du tel å ta ein tur innom vertshuset i kveld?” Eg hadde ikkje noko anna føre og takka ja tel invitasjonen.

 

Inne på vertshuset var det varmt og godt. Folk lo og prata. Det var liksome ei heilt anna verd enn der ute. No kunne eg lene meg telbake og slappe av utan og måtte tenke på familien heile tida. Vi gikk bort tel eit bord kor mange av kameratane våre satt. ”Nei kven e det som kjem her? Det var da eit sjeldent syn. Slå dokker ned og ta ein dram saman med oss.” Det gjekk tel langt på natt, og eg var i eit mykje bedre humør da eg forlot vertshuset enn da eg gjekk inn.

 

Det var heilt stille i huset da eg kom inn. Eg prøvde å kle av meg så stille som mogleg, men var ikkje heilt stø på beina og brasa rett inn eit skap da eg skulle kle av meg skoene. ”Det var da som pokker,” ropte eg ut i det stille huset,”at nokon måtte settje eit skap akkurat der. Og så brast eg i latter. Eit slikt filleskap sku då ikkje få øydeleggje den her fine dagen. Neida, det sku nok meire te. Eg kom meg opp, men datt om nesten med ein gong. Søren kor vanskelig det skulle være å reise seg. Var det ingen her som skjønte at eg måtte ha hjelp? ”Ingeborg.” Etter ei stund kunne eg høyre at noko skjedde oppe i andre etasje. Eg ropte på nytt: ”Ingeborg.” Ho kom ned trappa. ”Min rooooooooose, der er du joooooooooooooo,” sang eg. ”Hysj på deg,” glefsa ho. ”Du vekke ungane.” Kvifor i all verda skulle ho være så sur og glefsat? ”Hjelp meg heller opp i staden for og stå der å være sur, di kjerring.” Endelig reagerte ho. Eg kjende eit hardt grep om skuldrane mine. ”Kom deg no i seng,” sa ho. Eg hadde aldri nøyrt ho snakke med det tonefallet før, og når eg tenkjer på det i dag kan eg ikkje fatte kvifor eg fortsatte. Kvifor? Eg veit egentlig svaret, eg bære skammar meg øver at eg kunne gjere det mot dei. At eg bære tenkte på meg sjølv. Men det var så enkelt. Med alkoholen kunne eg gløyme kvardagen.

 

Kvar kveld var eg lykkeleg, men kvar morgon var eit mareritt. Då kunne eg ikkje flykte frå verkeligheita. Ingeborg gjorde alt ho kunne før at eg ikkje skulle være grinat og sur. Ho lage nydelig mat av det lille vi hadde, ho var alltid hjelpsom og blid. Men det virka mot sin hensikt. Og stå opp med den dunkanese haupina og med vissheita om at eg verken hadde pengar eller arbeid, og så gå ned på kjøkkenet og møte eit smilandes fjes irriterte meg så grenselaust. Korleis kunne ho være så positiv og blid når eg bære så inn i ei mørk framtid? Eide ho ikkje følelser for andre mennesker? Det ulma inne i meg.

 

Også ungane som eg før hadde gleda meg så over virka no som irriterande små fluer. Dei igla seg inn over alt. Det var bråk over alt. Hyling og latter. Korleis kunne nokon le i vår situasjon? Ein dag rant begeret over. Ingeborg var ute i eit erend, og eg satt med kvalme og dundrande haupine i ein stol og prøvde å sove. Men eg klarte det ikkje. Ungane bråka og herja. Eg kunne høyre Anna sin lyse latter trille som perlar rundt i huset. Perlane traff hovudet mitt med harde klunk. ”Ti stillle”, ropte eg,” ser dokker ikkje at eg prøver å sove?!” Det stilna ei lita stund, men så var det full rulle igjen. ”Hold kjeft ungar,” gikk det ikkje an å dempe seg litt i alle fall så eg kunne få sove? ”Men pappa,” lille Sivert var kommet bort til meg. ”Man skal jo ikkje sove når det er dag. Det kokte inne i meg. Skulle han komme her og belære sin far i kva som var rett og ikkje rett? Før eg visste ord av det hadde eg klapsa han hardt på kinnet. Det kom litt blod frå nesa. Det isna inne i meg. Kva hadde eg gjort? Sivert hyla. I samme augeblikk kom ho Ingeborg heim. ”Kva skjer,” ropte ho bekymra. ”Han pappa slo han Sivert.” Eit augeblikk blei det heilt stille. ”Slo du han Sivert? Korleis kunne du?” Stemmen hennes sprakk.

 

Eg gret stille ut i den mørke natta. Eg ser på hendane mine. Dei skjelv. Den gangen dei slo han Sivert blei ikkje siste. Tårane rend nedover kinnene mine og landar på skjorta. Det var aldri meininga. Eg hadde ikkje kontroll. Eg prøvde å forklare det til Ingeborg fleire gonger, men ho ville ikkje forstå. Alle de gangane eg slo ho. Eg slo, og slo, og slo heilt til ho knakk saman. Då sparka eg ho. Å se ho liggje der fekk meg tel å føle meg så mektig. Endelig var det noke eg hadde kontroll over. Kjære Ingeborg. Eg har aldri møtt eit menneske siden med så mykkje tolmodigheit. Men vårt liv saman kunne ikkje vare evig på det viset.

 

Ei sein natt da eg kom heim i frå vertshuset møtte ikkje Ingeborg meg i døra mer som ho hadde til vane. Ho brukte å sitte oppe kvar natt så ho kunne hjelpe meg i seng. Men i natt var det ingen. ”Ingeborg,” ropte eg. Ingen svarte. ”Kom og hjelp meg di helsikes kjerring!” Å, eg sku gi ho så mykje juling. Korleis kunne ho liggje der oppe i senga og sove når mannen hennar trengte hjelp?

 

Eg må ha sovna på golvet i gangen. Støl og stiv kom eg meg opp. No skulle ho Ingeborg verkeleg få. Eg lista meg opp i andreatasjen og inn på rommet. Det var ingen der! ”Ingeborg!” Hadde ho gjøymd seg? Var ho redd for å møte mannen sin? Eg sku nok finna ho. Hendene mine brant. Det blafra raudt foran augene mine. Eg gjekk fra soverommet til badet, fra badet til Annas soverom, fra Annas soverom til, men vent! Det var ingen som lå i Anna si seng! Hadde ho også gjøymt seg? Eg gjekk inn på Geir sitt rom. Senga var tom. Ein vil panikk kom over meg. Eg sprang fra rom til rom. ”Anna, Geir, Liv, Sivert.” Eg sprang, og sprang, og sprang. Til slutt datt eg saman. Eg følte ingen ting. Alt var bare eit svart tomrom.

 

Å, eg ønskar så inderleg at ho skal telgje meg. At ungane skal telgje meg. Eg elska dei jo alle saman! Alt blei så trist då eg blei aleina. Huset var alt for stort for ein ensleg mann. Det spiste meg opp. Eg klarte ikkje å være i noken rom uten å forbinde det med et eller anna vondt. Gjekk eg inn i stua kunne eg høyre Livs livredde hyl, eller Geirs klynking. Til slutt var det bære eit rom eg kunne være i. Eg stengte meg inne. Til slutt klarte eg å få hyla eg høyrde til å bli til latter, dei gråtande og redde fjesa eg blei til glade og smilande fjes. Til slutt huska eg ikkje anna enn dagane da vi dro ut til sjøen, da huset var fullt av lekande ungar og Ingeborg smilte så vakkert.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish