Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Læreforholda på dei norske skuleneSkriv ut Utskrift
Om læreforholda på dei norske skulene. (mangler konklusjon)
Nynorsk - ResonnerendeForfatter:



Vi veit alle at dei fleste ungdommane nu til dags stadig lærar mindre en før, kva er eigentleg grunnen til dette? Og kva kan gjerast for å betre forholda her til lands? Dette er dei spørsmåla mange stiller seg sjølve, men som ingen klarar å gi eit nøyaktig svar på.

 

Dagens skule er ein viktig milepæl i livet og nøkkelen til framtida. Men ikkje alle ungdommane nu til dags tar skula seriøst lengre. Skulen er rett og slett for kjedelege for dei, men det dei burde vere oppmerksam på er at utan skulen kjem dei seg ikkje langt her i livet. Mange elevar påstår at dei gjer sitt beste for å fullføre skulen, men nokon fell av heilt i starten. Dei synest det er kjedeleg å gå på skulen og ein kan vel eigentleg ikkje klandra dei. Men kva kan vi gjere for å hjelpe ungdommen til ei sikker framtid? Politikarane kunne kanskje ha bevilga litt meir pengar til skulen slik at trivselen kunne aukast, men visst det førte til at sjukehusa mista pengane sine, ville det då ville det framleis vert lurt å satse på skulen? Ein annan ting er at foreldra burde ” pushe ” litt ekstra på ungdommen sin slik at dei blei nøgde å gjere leksar, men vist dei ” pusher ” for hardt kunne dette igjen føre til at ungdommen såg seg lei av heile skola . Men det er ikkje berre ungdommen som det må gjerast noko med. Forholda på enkelte skuler kan vere forferdelege, til dømes kan det være lekkasje i taket, dårleg skule utstyr slik som: Pultar, stolar, EDB utstyr og bibliotek. Alt dette er med på å auke trivselen og velvære på skulen. Bortsett fra utstyr er det viktig at lærarane er godt lærd slik at dei veit kva dei skal læra bort. Gode lærare er minst like viktig som flinke elevar og gode lære forhold. Men visst elevane verkeleg satte seg inn i stoffet ville det kanskje ikkje vært nødvendig for staten å investere massevis av pengar på å utdanne lærerar. Då ville kvar enkelt elev hatt ansvar for egen læring (AFEL), og det kunne blitt ei læring for livet.

 

Får å fange interessen til ungdommen kunne man begynt med ein annan form for undervisning. Skoleprosjekter eller elevbedrifter ville har vert ein bra måte å forberede elevane på arbeidslivet og også ein meir interessant måte å lære ting på. Elevane kunne via dette fått ei innføring i korleis man arbeider i lag med andre på ein praktisk måte, også ville dei kunne utveksle lærdom med kvarandre. Men ville nå dette eigentleg være så lurt å hoppe uti? Dei lærarane som er i skuleverket no har ikkje kompetanse nok til å lede eit slikt prosjekt, og for mykje prøving å feiling kan koste skulen dyrt. Det er då heller ikkje sikkert at alle elevane er like lysten på å delta i ein slik elevbedrift.

 

Statsråd Jon Lilletun peikar på at vidaregåande skule har hatt si reform og grunnskulen er i gang med si. Men på ungdomstrinnet seier elevane at skulen er ” kjedeleg ”. Han trur at det er viktigare å gjere noko med skule kvardagen enn å lage ein ny læreplan. Statsråden framhevar at regjeringa oppmodar elevar, lærarar og foreldre til å arbeide med utviklingsprosjekt og forsøk i skulen, og minner om at ekstra midlar er løyvd, mellom anna til permisjons ordningar for lærarar. Det skulen verkeleg treng er lærarar som vågar å ta med seg det beste i frå fortida inn i framtida. Men disse framtidsretta lærarane frå fortida er vel kanskje ikkje heilt kva skulen treng. Gamle og til dels pussige lærarar skaper ikkje det beste læringsmiljøet i skulen, der dei vasar rundt og forsøker å hugse kva dei skal læra oss. Men det finst selvfølgeleg nokre unntak. Dei lærarane som burde bli annsatt i skulen burde vere mellom 30 – 60 år slik at de har ei livserfaring å dele med studentane og slik at dei ikkje er for rotete. Ein annan ting som kunne vert gjort annleis er når skulen begynner om morgonen. Dei fleste ungdommane som kommer på skulen når den begynner klokka halv ni, er som regel trøtte.

 

Men det er selvølgeleg ikkje alle ungdommane som er B- mennesker, så det som kunne ha vert løysinga på problemet er visst dei to første og dei to siste timane av skulen var opne, slik at ungdommen sjølv kunne velje når dei ville starte. Men dette ville eigentleg bli helt feil, for det skulen er til for er å forberede oss til arbeidslivet, og ute i den store verden startar dei fleste jobbane kl åtte eller halv ni. Så visst skulen gjennomfører dette får ungdommane ei heilt feil innstilling når dei skal begynne i arbeidslivet.

 

”Vi har sett oss som mål å ta alle barn på alvor, med dei føresetnadene dei har. Det seier seg sjølv at det krev tilpassing av undervisninga” seier Kyrkje-, utdannings og forskningsminister, Jon Lilletun. Og han har så rett i det. Det ungdommen lengtar og skrikar etter er ei forandring i korleis undervisninga er bygd opp og dette seier seg å vere årsaka til at ungdom synast at dagens undervisning er kjedeleg. Og visst vi skal følgje det som statsråden seier blir vi nøydt til å starte med å ta alle på alvor, noko som kan føre til at vi kan komme til ei løysing på kva som gjør at ungdommen ikkje er like villige til å lære no som dei var før i tida.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish