Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Min musikalske utviklingSkriv ut Utskrift
Rett og slett en oppgave om min musikalske utvikling.
Nynorsk - EssayForfatter:



Musikk tyda ikkje så mykje for meg for litt over eitt år sida. Då var eg generelt sett lei av all driten som var på listene rundt om kring i avisar. Eg hørte mykje på Robbie Williams, Alicia Keys, U2 og ein del pop på den tida, men eg vart jo lei av det også. Eg har alltid blitt lei av det eg har hørt på. Berre U2 og litt Alicia Keys hører eg på i dag av det eg hørte på før.

 

Eg trengte noko nytt. Noko som ikkje alle andre hørte på. Noko som ikkje vart omtalt i avisa heile tida. Spørsmålet var klart; kor fann eg slike artistar? Ikkje på radio 1 eller energy i alle fall. Der finn man jo mest hip hop, R & B, pop og anna musikk som man hører over alt.

 

I min søken på nye artistar lærde eg at fjortispunkare som good charlotte og green day ikkje var noko for meg. Eg fann også ut at om eg skulle finne meg ny musikk, måtte det være rock! Men kva gjorde eg då, eg som aldri hadde hørt på anna rock enn U2?

 

Svaret kom som ein openbaring frå den kaizeriske himmelen i slutten av sommerferien i 2005, via ein artikkel i dagbladets fredagsmagasin. På biletet oppfatta eg først det brennande oljefatet i midten. Bak var det ein mann i gassmaske og fem andre menn i dress. Kva er no dette, tenkte eg og bladde fram til artikkelen. Jo då, dei snåle menna med gassmaske og dress var Kaizers Orchestra, som skulle gje ut eit nytt album, Maestro.

 

Eg hadde sett dei spele live på Spelemannsprisen i 2001, men eg huska ikkje så mykje meir enn at eg var på hytta den gangen og at dei slo på oljefat. Pappa og eg likte det vi hørte, mens mamma syntes det berre var bråk. Eg hørte altså ikkje meir om bandet før eg satt i bilen på vei frå Farsund og leste fredagsmagasinet fire år seinare. Ikkje overraskande, enda eg opp på Platekompaniet måndag 15. august for å høre om denne musikken kunne tilfredsstille mitt ønske om ny musikk som ikkje alle hørte på.

 

Etter det kan man vel si at det gjekk slag i slag. Dagen etter var eg i Bergen. Då kjøpte eg meg Ompa Til Du Dør. Og sanneleg, dagen etter der igjen, kjøpte eg Evig Pint. Seinare har det berre balla på seg, med absolutt alle EPar, plata til det tidligare bandet gnom, band T-skjorter og ikkje minst, konserten! Fjorårets største musikalske oppleving, som eg over all forventning har fått oppleve før fylte 18.

 

Men eg hører ikkje berre på Kaizers, sjølv om mange trur det. Via Kaizers og ikkje minst P3 og musikkavdelinga på biblioteket har eg oppdaga mange artistar. Soloprosjekta til Janove Ottesen og Geir Zahl i Kaizers er jo sjølvsagte. Herlege singer/songwriter låtar hos Janove, og americanalåtar hos Geir, som eg berre har hørt på ein livekonsert på P1 hittil, i og med at plata ikkje kjem ut før måndag. Skambankt, bandet til Terje Vinterstø i Kaizers, er også ganske sjølvsagte. Nydelig aggressiv rock med rogalandsvokal (i den grad aggressiv rock kan gå under definisjonen nydelig). Cloroform kjem også godt oppunder kaizersrelatert musikk, med Øyvind Storesund på kontrabass i begge band. Ikkje blant favorittane, men dei har nokre gode låtar.

 

Men det et jo sjølvsagt ikkje berre band med kaizersmedlemmar det går i. Også Tom Waits har blitt ein stor favoritt etter kvart, med sin fantastiske stemme og absurde songar. Man kan eigentleg sjå det sånn, at som Elvis og Jokke er kongar for nokre menneske, er Tom Waits kongen for meg.

 

Berre for å nemne nokre artistar som har prega iPoden og CDhylla min det siste året, må ein del artistar nemnas. Minor Majority og Christer Knutsen som har utruleg nydelig avslappingsmusikk, Geoff Berner, som spelar heilt sjuk og vanvittig sigøynarmusikk med trekkspill og fiolin, og Wunderkammer som også har ganske spesiell og nærmast skummel musikk. Ricochets og Madrugada som eigentleg berre spelar herleg rock, og DeLillos og ikkje minst Dumdum Boys som berre geniale norske band med utroleg gode låtar (i alle fall sistnemnte). I det siste har eg også begynt å høre på Dire Straits etter oppfordring frå mi kjære mor.

 

For å komme tilbake til kva musikk betyr for meg, som oppgova eigentleg gjekk ut på (det overståande kan vel seies å vere bakgrunnsstoff), kan eg vel si at musikk betyr ekstremt mykje for meg. Den musikksmaken ein har kan eigentleg regnast som eit personleg uttrykk. Ikkje at man må ha verkeleg sterke politiske meiningar og vere sint heile tida viss man høyrer på Skambankt, men ofte kan ein fornærming mot musikksmaken til ein person tolkast som ein fornærming mot sjølve personen. Ikkje berre ”den musikken du hører på synes eg er så stygg,” som mange ofte synes. Det er jo greitt, for alle har jo sin egen musikksmak, eg likar jo ikkje all musikken andre høyrer på eg heller. Man kan jo berre le av folk som seier at musikken du hører på berre er bråk og at dei ikkje har talent. F. eks mange av dei som gjer terningkast i VG, og terningkastfolka i dei svenske avisene.

 

Men nå rotar eg meg bort igjen! Musikk er jo som sagt blitt viktig for meg. Før hørte eg nesten ikkje på musikk, men no klarar eg meg nesten ikkje utan. Når eg går til og frå skolen må eg ha musikk, når eg går tur med mitt kjære hyperaktive dyr (av typen hund), hører eg på musikk, når eg er frustrert hører eg på musikk (nærmare bestemt Skambankt), generelt sett ganske ofte ender eg opp med et par øreproppar i ørene. Eg hører faktisk mellom 10 og 30 låtar kvar dag. I gjennomsnitt 15 kan man vel si. Men ikkje minst, eg hører på podcast! Ingen dag utan å høre på podcasten til Ken eller Torkil eller Osenbanden! Minuset med podcast, er sjølvsagt at man ikkje har musikken. Rett og slett radio utan musikk. Det er litt kjedelig i lengda, men det fungerer. Og når eg fyst er inne på radio! Dei beste programma er sjølvsagt på P3; Ken Eller Torkil, Kompani Knutsen og Osenbanden. Herleg å høre på når man skal gjøre lekser, eller berre ha i bakgrunnen gjennom heile ettermiddagen.

 

Viss det ikkje hadde vert for musikk, trur eg samfunnet hadde vert ganske så kjedelig i lengda. Tystnaden ville blitt rå. Dei fleste ville ikkje skjønt kva som var gale når dei gjekk på shopping utan musikken i bakgrunnen, men nokre smarte hovudar ville klart å forstå (til slutt) at det var musikken som mangla. Utan musikk ville vi blitt gale! Bakgrunnsmusikken ville vært borte, den store musikalske underholdninga ville vært borte, og ikkje minst filmmusikken! Tenk så kjedelig med film utan filmmusikk. Nei, takk og pris for at vi har musikken!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish