Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
RousseauSkriv ut Utskrift

Artikkel på sidemål om Rousseau.

Karakter: 5 (VKII, allmenn)

Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



Eg har valt å skrive ein artikkel om ein av dei største tenkjarane som har levd; Rousseau. Eg vil også prøve å forklare heilt kort korleis han hadde stor innverknad på den franske revolusjonen, ei omveltne som har betydd mykje for heile dagens samfunn.

 

Rousseau

Rousseau vart fødd i Sveits i 1712, og døydde i 1778. Barndomen til Rousseau var særs vanskeleg og det heile enda med at han rømde heimafrå og levde størsteparten av livet sitt i Frankrike. Rousseau følte seg misforstått og oversett, og det er vorte sagt at han hata alt og alle. Han viste stor allsidigheit når det gjaldt samfunnsengasjement, og set varig spor etter seg. Blant opplysningsfilosofane var Rousseau den mest allsidige og opprørske fordi at han gjekk langt i sin kritikk av samfunnet og lanserte forholdsvis radikale teoriar.

 

På den eine sida ynskja Rousseau eit styringsorgan som ikkje krenka fridomen til enkeltindivida, i form av eit direkte demokrati der den enkelte tek avgjersle på vegne av seg sjølv, etter kva ein sjølv meiner er det beste. På den andre sida hadde han ei tru på noko han kalla allmennvilja; det som er det beste for alle, er ikkje nødvendigvis det den enkelte ynskjer til einkvar tid. Dette er eit paradoks, og dermed veldig typisk for Rousseau, det er nemlig særs vanskeleg å få tak på kva han eigenleg meiner, då det ofte er store motsetnadar i Rousseau sine meiningar. Man kan òg sjå store motsetningar mellom livet til Rousseau og det han lærte vekk.

 

Mennesket kan tvingast til å verte fri, då dei ikkje veit kva det beste for seg er. Dette hevdar Rousseau i ”Samfunnspakten” frå 1762. Her er definisjonen på omgrepet fridom viktig. Ein kan skilje mellom to typar fridom i følje Rousseau. Den eine typen er den negative fridomen som inneber fridom frå stat og fellesskap. Den andre typen fridom er den positive fridomen som inneber å gjere det ein bør gjere, det som er til det beste for fellesskapet.

 

Ein gong levde menneska i ein naturlig tilstand der venlegheit, klokskap, altruisme og heiderskap herska. Dette var verdiar som forsvann då menneska danna ein sivilisasjon. Etter danninga av sivilisasjonen vart menneska ulukkelege grunna stor økonomisk ulikskap og stor avstand mellom dei som styrte og dei som ble styrt. I følje Rousseau var det det opphavelege og naturlege som kunne gjere menneska lukkelege. Rousseau spekulerte mykje i kva det var som gjorde at menneska braut opp med det naturlege og danna ein sivilisasjon. Konklusjonen var at menneska på eit visst utviklingspunkt følte ei trong til å organisere seg, noko som hadde gått i feil retning, slik at menneska vart ufrie.

 

Denne sivilisasjonen hadde i følje Rousseau skada menneska slik at kjensler og spontanitet vart undertrykt. Rousseau slo eit slag for intuisjon og impuls i staden for fornuft og vitskap. Dette gjorde ham til ein forløpar til romantikken som var ein reaksjon på den einsidige fornuftstrua i opplysningstida. Romantikken kan oppsummerast i dyrkinga av fantasi, draum og kjensler og ein søken etter det opphavelege i og utanfor menneska. Fellestrekka mellom Rousseau og romantikken er glorifiseringa av naturen som samfunnskritikk og ei lengting etter det opphavelege.

 

Rousseau hadde òg ein del typiske trekk med i eiga tid, opplysningstida. Ein kan nemne det at han såg på menneska som grunnleggande gode, og det at han såg på menneska som alle ting sin målestokk. Kort oppsummert kan ein sei at opplysningsfilosofane så på det vonde som eit resultat av vankunne, overtru og fordomar, med andre ord: mangel på kunnskap, mens Rousseau såg på det vonde som eit resultat av samfunnsutviklinga.

 

I ”Sammfunnspakten” som eg nemnde tidlegare påstod Rousseau også at ingen skulle ha rett til å bestemme over andre, med unntak av foreldre si oppfostring av born. Synet på oppfostring og utdanning presenterte han i romanen ”Emilè”. Typisk for den tida, var det å presentere meiningar og bodskap i romanar. Politiske tidsskrift var nemleg lite kjend, og få leste dei. I følje Rousseau har born ein eigenverdi og skal difor takast på alvor. Born er ikkje små vaksne, men er likevel sjølvstendige individ. Dei skal først og fremst lære gjennom naturlege interesser og behov. Skal dei lære gjennom bøker, må det vere når borna vil det sjølv. Så lenge som mogleg dei lære frå naturen, til dømes botanikk og zoologi. I si lære, viste Rousseau stor kjærleik til born. Dette står i sterk kontrast til Rousseau sitt eige liv; han fekk fem born, som alle ble plassert på barneheim.

 

”Barndom er fornufta si svevn”

- Rousseau -

( I1 http://www.ordtak.no/index.php?fn=Jean-Jacques&en=Rousseau , 04.01.07 )

 

Desse tankane var opprørske idear. Det er viktig å bite seg merkje i at det berre var gutane som skulle få denne opplæringa som er beskriven. Jentene skulle frå naturen si side bli koner og mødrer. Kvinnesynet sitt har Rousseau vorte kritisert for både då og no. I si samtid vart han spesielt kritisert av ei feministisk engelsk kvinne som heitte Mary Wollstonecraft. Ho protesterte mot at kvinna berre skulle vere kone og mor, og meinte at kvinner òg skulle få utdanne seg og ha dei same politiske og juridiske rettane som menn hadde. Noko av det Mary Wollstonecraft er mest kjend for er utsegnet det ho hevder at ekteskap er den mest utbreidde forma for prostitusjon. Dette hevdar ho fordi kvinna var avhengig av ekteskapet for å verte forsørgja.

 

I Rousseau sitt idealsamfunn skal alle kjenne seg som ein del av fellesskapet, ha noko å seie og ha moglegheit til å delta aktivt. Ikkje nokon skal bestemme over andre. Rousseau innsåg fort at det ikkje var mogleg å kome tilbake til det pre – eksisterande fellesskapet. Ein måtte komme til ei semje mellom dei som styrer og dei som verte styrt. Ein kan kalle det ei slags pakt. Det var i denne samanhengen han lanserte omgrepet allmennvilje, som går ut på at alle skal gje opp sine særinteresser for å la samfunnet sine interesser kome i fyrste rekkje  Dette kan ein sjå to openbare veikskapar med. For det første er det vanskeleg, om ikkje umogleg å vite kva allmennvilja til einkvar tid er, og for det andre vil kjensla av fellesskap og samarbeid bli svekka om ein overfører denne ideen til eit statssamfunn.

 

Omgrepet allmennvilje har opp igjennom tida vorte misbrukt, og teke til inntekt for diktatoriske og nasjonalisteike leiarar. Til dømes den fascistiske leiaren Mussolini, som påstod at det var han som visste kva det beste for folket var. Eit anna døme er Robespierre, ein av dei mest sentrale under den franske revolusjon, han påstod at han var allmennvilja.

 

Rousseau har fått kritikk for denne totalitære, dvs gjennomgripande, tanken om allmennvilja. Borgarskapet i Frankrike på slutten av 1700-talet likte derimot tankane om allmennvilja godt. Det var desse som laga revolusjon i Frankrike i 1789. Dei ville ha eit samfunn der det var ei pakt mellom dei som styrte og dei som blei styrt. Borgarskapet ville også ha dei same rettane som kyrkja og adelen hadde. Fridom, likskap og brorskap var viktige aspekt. Rousseau påverka med andre ord den franske revolusjonen, som igjen har betydd mykje for korleis vårt samfunn er i dag.

 

 

Kjelder

 

Skriftlege kjelder:

 

Malnes og Midgaard - ”Politisk tenkning fra antikken til vår tid” Universitetsforlaget (1993)

Kapittel VIII – ”Hobbes, Locke og Rousseau”       side 127 – 133.

 

Finn Eivind Jor - ”Problemer i politisk idéhistorie” Gyldendal (1997)

Kapittel 2. ”Det moderne demokratiets historie”  side 45 – 48

        

Birger Steiro - ”Politisk idéhistorie” Cappelen (2002)

”Opplysningstida”                                                 side 70 – 75

 

John Martin Høines - ”Skriftlige oppgaver ved Sygna videregående skole

Utlevert stensil i norskfaget (2006)

 

Verdsveven:

 

(I1)http://www.ordtak.no/index.php?fn=Jean-Jacques&en=Rousseau

(I2) http://www.hf.uio.no/ikos/ariadne/Idehistorie/framesetepoke6.htm?epoke6/e6_rousseau.htm

(I3) http://www.sv.ntnu.no/ped/hans.petter.ulleberg/Rousseau.htm

(I4) http://politiskidehistorie.cappelen.no/1/4/

 

Munnlege kjelder

Frode Holgersen - Undervisning og samtalar i faget Politisk idèhistorie

Harald Ro - Undervisning og samtalar i faget Nyare Historie




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish