Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Som alle andre?Skriv ut Utskrift

Om å ikke alltid følge flertallet.

Tentamensoppgave i 10. klasse i nynorsk (skjønnlitteratur).

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Det var heilt stille, nesten. Ute hølja det ned i bøttar og spann, og blada hang nesten ikkje fast på epletrea i hagen lengre. Nokre folk var det heller ikkje å se, dei var vel inne. Det var dei alle saman. Den eineste som var ute no var ein gamal laushund. Han hadde nok ikkje nokre sted han høyrde til han heller. Vindauget begynte å bli for duggete til at eg kunne se noko meir. Når eg tenkte litt var vêret eigentleg fint, ikkje at eg trudde nokon merka det. Dei var vel inne og gjorde som alle andre.

 

Eg smilte når eg gjekk ut av døra. Ute var det ingen, så eg var åleine. Om folk hadde tenkt seg om hadde dei nok sett kor fint regnet var. Dei gjer vel ikkje sånn, dei andre. Når sola er oppe er alle ute, og då er dei ikkje mulig å kose seg. Man kan ikkje ha det gøy når folk nekter å godta at man er seg sjølv. Kan hende eg er rar og merkeleg, men det bryr eg meg ikkje noko om. Berre dei sterkaste og modigste klarar seg. Dei modigste er dei som tør å leve etter sin eigen inspirasjon. Eg prøvde å gjere det. Eg måtte det, kvifor må man vere som alle andre for å bli godtatt? Å vere seg selv er noko av det finaste som fins, eg kan ikkje fortså kva som er så fint med å vere som alle andre. Det å vere seg sjølv gjer kvar dag til ein spennande utfordring. Det er ikkje bra å berre godta dei som er ein kopi av ein sjølv. No smilte eg ikkje lengre. Det hadde slutta å regne, og folk kjem ut i fra husane sine. Dei stygge blikka kom med ein gong. Eg visste nok at dei kviskra i smug. Kvifor ville dei ikkje ein gong snakke med meg? Eller i det minste kunne dei kome med eit lite ”hei”! Nei, dei ville nok aldri seie noko sånt. Det ville vere i mot alle andre.

 

Eg orka snart ikkje meir. Utfordringane blei kan hende for store. No var eg snart framme ved kjerkegården. Der var det stille. Ingen blikk som fylgde kvart skritt eg tok. Ingen kviskrane stemmar. Alle her var døde. Hadde dei levande visst at eg var her ville dei nok snakka enda meire om kor rar eg var. Eigentleg var eg ikkje sint på dei. Dei gjorde som fleirtalet sa var riktig, og eg kunne ikkje forvente noko meir enn det. Det skapte utfordringar for meg, og den motgangen gjorde meg sterkare. Dei døde svarte ikkje på tankane mine. Eg gjekk varsamt over gravene, nesten som om dei døde ville blitt fornærma hvis eg gjorde noko annet. Den store kjerka tårna seg opp foran meg. Eg visste kor eg skulle, og på ein benk på nordsiden av kjerka satte eg meg. Kva som var nordsiden hadde eg reikna ut for lenge siden, når eg var der ein gong i sommarferien. Benken var ikkje heilt tør, men det gjorde ikkje noko. Her skulle eg gjerne sittet i all evighet tenkte eg.

 

Og det kunne nesten virke som ein evighet også. For eg gjekk ikkje heim før fleire timar seinere. Vel heime la eg meg berre rett ned på senga. I bokhylla i hjørnet stod Ringenes Herre og glinsa mot meg. Eg tok han ned og ga meg til å lese om alvar og magi og onde ringar. Disturbed dundra frå høgtalarane og midt på golvet låg ein stor bunke med sorte klær. Teikningane mine var alle saman i ein haug på eit gamalt bord, men same kva, kunne eg møte nye utfordringar i morgon. For eg visste godt at eg kjem til å klare meg. Bare eg var meg sjølv ver eg den som klarte utfordringane. Dei som ikkje har mot til å vere seg sjølv har heiller ingen motstandskraft når dei ein gong møtar fleitalet. Fleirtalet hadde ikkje plass til draumarar eller folk med eigne meningar som var i mot dei. Eg ville ikkje vere med i noko fleirtal, same kor lik meg dei måtte vere. Eg blei sterkare av å vere aleine, og den dagen vi alle møtar store utfordringar er eg forberett på. Å gjere som man sjølv vil tar meir mot enn mange nokon gong kjem til å fortså. Eg er ein draumar som gjer som eg vil. Derfor kan eg møte utfordringane som morgondagen måtte bringe utan frykt, fordi eg nekter å vere som alle andre. Enda ein gong så eg ut av vindauget. No regna det igjen.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish