Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Noreg - eit fint land å reise frå?Skriv ut Utskrift
En svaroppgave til novellen "Norge på Prærien" som handler om en sommerleir i USA hvor man lærer om norsk kultur. Alle går i bunad, alt er rosemalt og middagsmenyen er poteter og blomkålsuppe. Denne stilen handler om hvordan Norge virkelig er.
Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



Noreg er eit land fullt av spanande mulegheiter. Det er i det minste det vi ynskjer at det skulle vere. Sanninga er at Noregs yngre generasjon kjedar seg. Dei er lei av gamlingar i bunad som av ein eller anna grunn prøvar å sparke ein hatt av ei stong oppi lufta. Dei er lei av vær med større variasjonar enn humøret til ein gjennomsnittleg tenåringsjente. ”Fedrenes kamp”, som vi kan høyre om i nasjonalsangen vår, er for lengst over. Ein ny kamp kjempes no på norsk grunn; kampen mot ein kjedsam kvardag.

 

Du kan kalle det ei verkeleg framstelning av landet vårt. Modernismen har i all grad teke over. Dette kan man sjå over alt. Dei tidlegare staute bøndene som pløyde åkaren for hand, spiste sauehoder og rodde til Danmark har no blitt til noko heilt anna. No er dei ikkje anna enn harry bønder som har rulletobakken på brystlomma, kjører pickup med 231 luktfriskere og Dolly Parton på full guffe og har bilete av han som oppfant kruttet over senga og onanerar til det kvar kveld. Dei tar alt senterpartiet seie for god fisk og berer inne med eit stort hat mot utlendingar og homofile, også kalla ”pakket”. Familien min har hytte i Kvinesdal. Kvar gong eg skal innom det lokale ”samvirkelaget” møtar eg bygdeungdomen utanfor. Der stend dei dag ut og dag inn, skrevs over mopedane sine. Dei røykar rullings og preker om damane dei hadde hatt mulegheita til å nedlegge om dei berre hadde hatt ein Ford Cosworth. Det må selfølgeleg vere ein nittisju-modell, for dei har den beste akselereringa. Det greiaste er å importere den fra Amerika, for der har dei ein rik onkel. Alle i Kvinesdal har slektningar i Amerika.

 

Apropos Amerika; kan det vere rota til det nye, verkelege Noreg? Det lovande landet ”over pytten” har absolutt smitta litt av sitt over på vårt vakre land. Ta våre nye merkedagar for eksempel. Halloween er blitt ein ”hit” blant det norske folk. Kvelden 31. oktober kler alle ungane seg ut som små monstre, enda dei allerede er det, og løper rundt og kreve godteri mot å ikkje bombardere huset ditt med egg og det som verre er. Dei voksne drar på fyllefestar kor det for damane er om å gjere å kle seg mest muleg usømmeleg. Valentinesday har også blitt ein slager. Denne dagen skal man i følge tradisjonen finne på mest muleg kliss å overraske din store kjærleik med. Dette er antakeleg den dagen i året flest personar stikk seg på rosetornar. Også det norske språket er blitt amerikanisert. Ord som ”chill”, ”læxe”, ”kult” og ”najs” er alle fornorskede ord fra det amerikanske vokabular som vitner om en Amerika-kultur, men mest av alt er det vel teknologien som er blitt amerikanisert. All teknologi er nok ikkje fra Amerika, men det er der denne ”maskinen-gjer-alt-for-deg-kulturen” kjem fra.

 

Er det noko Noreg er gode på, så er det kultur. Ikkje framandkultur, men god, gamal, norsk kultur. Lefsebaking, bunader og skigåing. Tradisjonene står i kø for en nyinnviet normann. Ikke alle tradisjonane holder bi den dag i dag. Bunaden er på vei ut, og ekte, hjemmelaga lefser er det bare gamle koner med flere rynker enn pølsene på Texaco fem minutter før stengetid som kan bake fortsatt. Det er heldigvis, om man kan seie det slik, ein tradisjon som har holdt seg populær i over hundre år no. Vanlegvis døy norske tradisjonar ut i ein slak fallkurve, men russefeiringa berre stig for kvart år som gjeng. Tradisjonen tro løper alle rundt i klær i sin eigen russefarge, som dei også gjorde for 30, 60 og 80 år sia, men i desse dagar tek det helit av. Det verker som dei fleste russ trur meininga med russefeiringa er å drekke seg mest muleg full og ha mest muleg sex. 3. klassingane blir forena idet dei tek på seg rueetøyet. Dei terroriserar 1. klassingane med vann, egg og bortføringar. Dette er jo vel og bra, men eg trur ein del gløymer at det dei feirer er 12 års endt skulegang. Dette viser seg i at nokon det neste året har mulegheita til å feire 13 års skulegang.

 

”Det kriminelle Noreg” er eit begrep som har kome fram i lyset dei siste åra. Dopkulturen har teke seg godt opp dei siste åra. Over alt treffer du dophuer som tigger om pengar til ”ein trip”. Lille Mandal er blitt ein av dei største narkobyane i Noreg. Korleis skal det går med vera? Det finnes heller ikkje eit folk betre på skattesnylting og forsikringssvindel enn Noregs. Folk gjer dei mest forunderlege handlingar for å unngå dei minste avgiftane. Det verste er at desse svindlarane risikerar å få lengre fengselsstraff enn ein voldtektsforbrytar. Straffesystemet i Noreg er heilt på trynet. Dei verste forbrytarane får 20 års fengsel, men om dei har oppført seg greit slepp dei gjerne ut etter 14 år. Ein kan jo nesten ikkje kalle fengsel ei straff ei gong. For å biletgjere dette har eg laga ei gåte; Kva får du om du legg ein mintsjokolade på puta i senga i eit norsk fengsel?

(Svar: Eit hotell!)

 

Det verkelege Noreg ligg langt frå bunadar, vikingar og rosemaling. Vi er blitt eit land avhengig av mobiltelefonar, feit mat, dyre klær og narkotika. Sosialistar og kapitalistar tek over for dei konservative få. ”Ti vi heller landet brente enn det kom til fall” heiter det i nasjonalsangen vår. La oss inderleg håpe ikkje det kjem til det. Eg vil helst sleppe å sjå fleire tusen ungdomar grine over at dei ikkje kan senda vennindane sine melding for å grine litt til fordi huset med alle designerklæra deira står i brann.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish