Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Språkdebatten på 1830-talletSkriv ut Utskrift
Om språkdebatten på 1830-åra, med paralleller til det seinere arbeidet til Asbjørnsen og Moe og Kundsen og Aasen.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:



Språkdebatt er noe alle nordmenn har høyrt om eller vore borti. Det norske språket har forandra seg mykje dei siste 200 åra og det har alltid vore diskutert korleis ein skal skrive det. Nynorsk og bokmål har hatt kvar sine tilhengjarar, og debatten om bruken av det eine eller det andre språket har til dels hatt høg temperatur. Denne situasjonen må kallast moderne fordi han ikkje oppstod før på begynninga av 1800-talet. På 1830-talet begynte folk for alvor å diskutere kva slags språk vi skulle skrive i Noreg. Dansk hadde vore skriftspråket i Noreg sida Danmark overtok makta i Noreg i 1380. Då Noreg blei sjølvstendig att i 1814, var det viktig å skape ei nasjonalkjensle og då sto språkspørsmålet sentralt. Eit sjølvstendig land måtte ha eit eige språk, meinte mange.

 

Etterkvart utvikla det seg to hovudgrupper som stod mot kvarandre i språkstriden. Den eine gruppa blei fronta av Henrik Wergeland. Dei kalla seg ”patriotene” og meinte at Noreg måtte reise seg etter å ha vore undertrykka politisk og kulturelt av danskane i over 400 år. Motstandarane av patriotane kalla seg intelligenspartiet, det var stifta av Johan Sebastian Welhaven. Han var for dansk som skriftspråk og såg ikkje det som eit uttrykk for undertrykking. Han hadde ei kulturell haldning som var meir vendt mot Europa og det klassiske enn det Wergeland hadde. Dei som støtta intelligenspartiet blei ofte kalla ”danonmanene”.

 

Henrik Wergeland sto på bøndene si side i samfunnstrida. Dei hadde fått meir å seie i språkdebatten, politikken og i samfunnslivet elles på denne tida. Wergeland var eit ektefødt barn av opplysningstida, og han ga ut hefte og bøker for å informere om mellom anna betre dyrkingsmetodar for landbruk og gartneri. Han trudde på nytta av å ha ein opplyst allmoge, ein tanke som hadde bakgrunn i opplysningstida på 1700-talet. Ei hindring i dette arbeidet var at mange ikkje kunne lese eller skrive.  Han meinte at eit skriftspråk som låg tett opp til talemålet ville gjere det enklare for folk å lære å lese, og dermed og kunne forstå skriftleg informasjon. Wergeland tenkte seg ikkje eit grunnleggjande nytt språk. Han ville bruke dansk som grunnlag, men gjere særnorske ord lovlige i skriftspråket.

 

På den andre sida stod embetsmennene som støtta Welhaven og intelligenspartiet. Grunnen til at dei framleis ønska å ha dansk som skriftspråk, var at dei meinte Noreg måtte halde på dei kulturelle førebindingane til Danmark for ikkje å bli heilt isolert frå Europa. Viss vi braut desse viktige banda, ville det vere det samme som eit ”kulturelt sjølvmord”.  Welhaven var klassisist og hadde si hovudinteresse i historie og ”kultur” i meir snever tyding av ordet. Det var det klassiske Europa som var hans ideal. Han trudde ikkje norsk kultur hadde noe å stille opp med i ein slik samanhang og ville derfor døy kulturelt om ei slik utvikling skjedde.  

 

Wergeland var ein del av den romantiske rørsla som prega Europa på denne tida. Denne rørsla sette kjensler og lengsler høgt. Kjærleik til natur og fedreland var og ein del av innhaldet i denne retninga. Kunstnaren fekk ei ny rolle som profet og sjåar, ein som skjønte ting vanlege folk ikkje såg. Ein kan seie at Wergeland såg seg sjølv som ein slik romantisk profet.

 

Den tredje personen som peikte seg ut i språkdebatten på denne tida var historikaren og språkforskaren Peter Andreas Munch. Han meinte at språket burde følgje sine eigne lover og han var veldig skeptisk til at fornorskinga skulle ta utgangspunkt i talemålet til bønder og folk frå lågare ”klasser”. Han ville at ein skulle lage eit nytt språk som hadde ein meir ”høgverdig” dialekt som basis. Viss ikkje ein fann ei dialekt som passa, skulle ein leggje det norrøne som grunnlag for det nye språket.

 

Seinare tok mange opp desse tankane og ideane om korleis språket skulle bli. Allereie i 1836 kom Ivar Aasen med eit framlegg om å byggje eit mål på grunnlag av fellestrekk ved dei norske dialektane som var lite påverka av dansken. Det vil hovudsakleg seie dialektar frå dei indre bygdene på Austlandet, frå vestlandet og Midt-Noreg. Han ville lage eit språk som skulle kome bøndene til gode. Han meinte at bøndene ville få meir å seie i samfunnet viss dei fekk eit skriftspråk som fall naturleg for dei. Aasen var sjølv bondeson frå Ørsta på Sunnmøre, han reiste rundt over heile Noreg då han skulle samle inn materiale til det nye språket.  

 

Ivar Aasen hadde mange motstandarar, hans viktigaste motstander var Knud Knudsen, ein presteson frå Holt utanfor Tvedestrand. Han tok opp att tankane om å fornorske dansken. Ein kan derfor seie at han arbeidde ut frå samme tanke som Wergeland.

 

Welhaven sitt ønske om å halde på dansken som skriftspråk mista etterkvart tilhengjarar, og striden kom i første rekke til å stå mellom Aasen si radikale løysing med eit nytt skriftspråk, og Knudsen si meir moderate haldning om fornorsking ut frå dansk utgangspunkt.   

 

Partane stod steilt mot kvarandre. Akkurat som på 1830-talet utvikla det seg to klare frontar, der den eine gruppa støtta Aasen medan den andre støtta Knudsen. Strida blei løyst i 1885, då begge målformene blei jamstelte, det vil seie at landsmål og riksmål, som var namna på dei to målføra, skulle ha likt verd i offisielt norsk språk. No kjenner vi dei att som nynorsk og bokmål. Trass i jamstelingsvedtaket har vi hatt språkstrid i Noreg fram til no, og vi vil sikkert halde fram med det i mange år framover.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish