Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Urettferd - eller som fortent?Skriv ut Utskrift
Et essay om rettferdighet og urettferdighet.
Nynorsk - EssayForfatter:



Eg sit på skulen. Tentamen starta for ti minutt sida, og eg har framleis ikkje fått ned eit einaste ord på arket. Kva var det læraren sa eg skulle skrive om igjen? Kvifor høyrde eg ikkje på han når han gjennomgjekk? Atter ein gong har eg overvurdert min eigen fantasi.

 

Eg ser bort på naboen min. Han har alt kommi i gang, pennen rullar umødesamt og fort over linjene. Det er verkeleg ikkje rettferdig at nokon skal kunne få det så enkelt. Og i det same eg tenkjer det eine ordet på linja over, slår det ned som lyn frå klar himmel kva eg skal skrive om: Rettferd!

 

Bare dette vesle rommet er jo proppfullt av rettferd, og kanskje enda fullare av det som møter oss overalt: Urettferd. Er det ikkje urettferdig at medelevane mine allereie har skrivi over ei side, mens eg framleis sit fast i introduksjonen? Eller er det bare rettferdig, sia den håplause evna mi til å planleggje stilane på forhand, ikkje ser ut til å ha forbetra seg eit einaste hakk sida i fjor? Eg har i det minste eit tema å skrive om, og det er det viktigaste.

 

Slik eg ser det, eksisterar rettferd, både med og utan negasjon, overalt i samfunnet vårt. I stor grad, i liten grad, omtrent alle hendingar kan sjåast som både rettferdige og urettferdige.

 

Kanskje er ikkje Noreg det beste eksempelet når ein skal skrive ein stil om rettferd og urettferd. Vi som er fødd her i verdas ”beste” land, kan sjå på oss sjølv like heldige som lottomillionærar. Dei fleste er vel einige om at verkeleg  urettferd finner ein fyrst og fremst i u-land med mykje krig, svolt og fattigdom. Uskuldige barn døyr på grunn av borgarkrig som kunne vori stoppa med hjelp frå det rike vesten, ungdommar og vaksne døyr på grunn av AIDS som kunne vori utsletta med riktig medisinering. Men er den urettferda verre enn den som eksisterer her heime?

 

Eg har vori forelska i ei jente i snart eit år no, men likevel overser ho meg fullstendig. Eg trur ho nesten er saman med ein annan, den ”kule” guten i klassen. Er det rettferdig? Hadde det vori rettferdig for den ”kule” guten om ho hadde likt meg? Er det slik at viss noko skal vere rettferdig for nokon, er det urettferdig for andre?

 

Og er vi eigentleg einige om kva rettferd er? Vi er einige om at eit sekund er eit uhyre høgt tall svingingar av cesiumatomet, vi er einige om at gull har atomnummer 79 og er verdifullt, men kva er eigentlig rettferd? Nokon meiner det kan definerast som dekning av våre menneskelige rettar; mat, ein stad å bu, osv. Men då kan jo i alle fall ikkje eg klage på at eg ikkje får den jenta eg vil ha. Det er vel ikkje ein menneskerett? Nei, rettferd er nok mykje meir enn som så.

 

Er det rettferdig å døy? Alle skal jo døy ein gong, men ingen gjer noko stort nummer ut av det før dei eventuelt er i ein livsfarleg situasjon. Er det meir rettferdig å døy gammal enn ung? Viss ein døyr i for eksempel ei bilulukke, er det urettferdig? Kor gammal må ein vere for at ein skal kunne seie at det er rettferdig å døy?

 

Nokre religionar, som hinduismen, har eit veldig greitt syn på temaet: Dei har ein syklisk livsfilosofi. Viss du levde som eit godt menneske og gjorde gode handlingar i ditt førre liv, får du eit godt liv i det neste. Slik sett kan ikkje rettferda omtalast som flaks eller uflaks – som ho ofte blir gjort i samfunnet vårt. I følgje hinduismen får du den rettferda du fortener. Hadde ikkje det vori eit fint system for heile verda vår?

 

Eg trur ikkje at vi kjem til å utslette den store urettferda her i verda, i alle fall ikkje dei fyrste tiåra. Ho er ikkje noko menneskeskapt som vi berre med nok pengar og vilje kan bestemme oss for å utslette. Du er kanskje ueinig med meg om at ho ikkje er menneskeskapt, men viss du tenker etter – var det ikkje urettferd hos dinosaurane? Nokre av dei var på toppen av næringskjeda, mens andre blei spist. Heile samfunnet deira blei til slutt utsletta av naturkreftane. Urettferdig?

 

Eg sit framleis i klasserommet og skriv. Eg tenkjer på da eg var liten og syntest det var ufatteleg urettferdig at fetteren min fikk den største softisen, at eg aldri scora på fotballbanen, at eg berre fikk 15 kroner i vekepengar og at eg ikkje fikk spille meir enn ein halvtime Nintendo om dagen. Dette er jo ubetydelege hendingar, men likevel kan det setjast i eit større perspektiv. Handlar det berre om flaks og uflaks, som eg nemnte ovanfor, eller ligg det noko meir bak det, a là hinduismen? Eit sitat som eg har høyrd utallege vaksne fortelje meg, demrar i bakhovudet: ”Livet er urettferdig.”

 

Eg trur på det sitatet, kjenner eg. Vi kjem alle til å oppleve urettferd i løpet av livet. Dei stakkars barna i Afrika vil oppleve meir av det enn det som sunt er, men forhåpentlegvis kjem dei også etter kvart til å få lov til å kjenne litt av det motsette og. Det same trur eg om oss rike snobbar i nordvest: Vi opplever meir rettferd enn det vi burde, og er vi heldige, kjem vi til å oppleve skikkeleg urettferd før eller seinare. Da kan vi kanskje forstå kva det ordet verkeleg betyr. I mellomtida har eg ein muleg definisjon: Rettferd er balansen mellom det å kunne krevje noko – og det å kunne fortene noko.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish