Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Gjennom skogen - referat av Vigdis Hjort si bok

Gjennom skogen - referat av Vigdis Hjort si bok

Ungdomsbok om oppvekst, forelskelse og erotisk oppvåkning.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.07.2000

Boka er forteljinga om korleis Ellen på femten veks seg ut av familiens trygge omgiving. Foreldra ser ho som ny, ei ung kvinne på veg bort frå dei. Det er sommarferie og vi følgjer ho gjennom ei tid med gutar, forelsking og erotisk oppvakning.

 

Kvar torsdag går Ellen gjennom skogen for å besøkje bestemora som ligg på det kvite sjukehuset og snart skal døy. Torsdagar var det nemleg hennar tur. Forferdelege torsdagar. Men ein torsdag møter ho Jan. Han er 16 år og maratonløpar. Han løpar saman med kameratane sine på idrettsplassen ved sjukehuset. Ein dag følgjer han ho til busshaldeplassen, og da kyssar dei for fyrste gong. Etter den dagen er dei saman i skogen kvar torsdag. På den tomme idrettsplassen, i den våte skogen, på dei kalde betonghellene. Dei utforskar kvarandre, tar på kvarandre. Jan vekkjer nye og framande kjensler i kroppen hennar, kjensler ho aldri har visst om før.

 

Dagen før skulen slutter står han og ventar på ho utanfor sjukehuset. Trenar ikkje som han pleier å gjere. Seier han ikkje gidder. Han vil noko anna i dag. Dei legg seg ned på stien. No skjer det, tenkjer ho. Det dei begge har venta på. Men dei kjem aldri så langt, og så må ho heim.

 

Dagen etter er skulen over og dei skal som vanleg på hytta ei veke. Til morelltrea og smørbrødskivene med tomat og majones. Men noko er annleis mellom Ellen og foreldra hennar dette året. Dei urolege blikka over avisa, granskande blikk, som om dei så noko innarst i augo hennar. Heile våren hadde dei sett på ho på ei anna måte.
- Det er bare fordi vi er redde for deg…
- Redde for hva?
- For deg.
- For meg?

 

Så skal foreldra dra på ferie aleine ei veke, og Ellen må bu hos tante og onkel i Oslo. Ho vil ikkje. Vil tilbake til Jan. Være aleine med han. Men det blir til at ho drar til tante og onkel likevel. Ho går turar langs Carl Johan, les avisa i Frognerparken og drikk kaffi og et croissanter på små kaféer. Ho føler seg veldig vaksen.

 

Tante og onkel har ein son, Erik. Han er 19 år og teologistudent. Ellen liker han ikkje, synes han er trøttsam og stygg. Og han ser alltid på ho med eit rart blikk i augo. Ein dag spør han om ho har lyst til å være med å køyre. Han har fått sertifikatet. Ho går motvillig med på det. Dei køyrer heilt opp til Frognersetra. Ellen forstår etterkvart at noko er galt. Han stoppar bilen, lenar seg mot ho og prøver å kysse ho. Ho snur seg vekk, vil ikkje. Han blir raud og dei køyrer heim utan å si eit ord.

 

Dagen etter kjem tante heim med ein trist nyheit. Bestemor er daud. Sovna stille inn. Ellen blir lei seg og redd på saman tid. Vil plutseleg heim. Ho pakkar saman sakene sine og listar seg ut av huset. Spring så heile vegen til togstasjonen.

 

Boka sluttar av med Ellen som sit aleine på toget, på veg heim til Jan og eit hus heilt for seg sjølv. Og ho tenkjer at nå kan dei kanskje endeleg gjere ”det”. Og det skal bli så vedunderleg. Det er ho viss på!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil