Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
PusurSkriv ut Utskrift

Særoppgave om tegneserien om Pusur som jeg skrev i 8. klasse.
(Karakter; 4/5)

Nynorsk - SæroppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Historikk

Bakgrunn:

Den første Pusur stripa kom ut den 19. juni 1978, og den er teikna av Jim Davis. I 1978 var det Pusur striper i heile 41 United States aviser, og den slo til og med teikneserien ”KNØTTENE”. 1982 var Pusur stripene i heile 1000 aviser. 1983 hadde Pusur blitt oversatt til 7 forskjellige språk, og stripene var nå i 22 land. Pusur stripene fekk i 1986 kallenamnet ”fastes growing strip in history” sidan nå hadde stripene nådd opp til 1800 aviser. I 1987 nådde stripene like til 2000 aviser, og nå var den på tredje plass av dei teikneseriane som var på markedet. I 1991 fekk Pusur sin eigen Cd som tittel på Cd-en var ”Am i Cool or What?”. I 1993 var stripene i 2400 aviser, og i 1995 var den i 2500 aviser.

 

WWW.GARFIELD.COM blei lagt ut på nettet i 1996 her kunne ein lese om Pususr, Jim Davis finne fakta osv. I 1998 hadde Pusur sin 20 års bursdag og den blei feira i ”International Museum of Art”. I 2002 hamna Pusur i ”Guinnies World Record Book”. I 2003 hadde Pusur sin 25 års bursdag og den blei feira i Muncie. I 2004 fekk Pusur sin eigen langfilm som heitte ”Garfield the Movie”. I 2005 fekk Pusur si eiga ”Professor Garfield” heimesida der barn kunne lære ting om teikneseriefiguren. I 2006 kom det ein ny Pusur film som fekk tittelen ”Garfield 2  A Tale of Two kitties”.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Jim Davis (Teikneserieskapar)

Jim Davis blei født den 28.juli 1945 han var ein amerikansk teikneserie teiknar. Hans eigentlege namn er James Robert Davis og han er kjend for teikneserien ”PUSUR”. Jim Davis blei født i Marion som ligg i Indiana. Han vaks opp på ein gard nær Farimount med sin far som heiter Jim, moren Betty og broren, Dave. Familiens karakteristikk ble brukt i teikneserie stripene. På garden var det minst 25 kattar. Fleire gonger måtte Jim Davis som barn være i senga si, vekke frå garden, fordi han var plaga av astma.

 

Han lærte sine teikne ferdigheiter av mora. Den første Pusur stripa kom ut den 19.juli 1978 (Se bilde nedfor teksten). Ideen bak Pusur var at Jim Davis såg at det ikkje var så mykje teikneseriar om kattar i datidas teikneseriar. I 1969 var han assistent for Tom Ryan han teikna rammer, bobler og bakgrunnar på teikneserien Tumbleweed. Den eine stjerna på Hollywood Walk of Fame tilhøyrer Jim Davis, Jim Davis prøvde også å lage ein humoristisk teikneserie om innsektar innan reklamebransjen, som skulle heite ”Gnorm Gnat,” det gjorde han imens han jobba som assistent for Tom Ryan. Etter mykje hardt arbeid kom Jim Davis på ideen om Garfield. Sidan har Garfield vore ein verdskjent suksess.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Nasjonalitet:

Pusur har Amerikansk nasjonalitet og teikneseriane står på engelsk.

 

Utgjevarår:

Den første Pusur stripa kom ut i 1945 og sidan har Pusur komme ut i dagens aviser over nesten heile verden, finnes også på internett. Vi kan også kjøpe teikneserieblad som kjem ut Ca. 1 gong i månaden.

 

 

Andre Fakta

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Pusur the Movie:

Den første Pusur filmen handlar om den oransje katten Pusur og hunden Jølle. Filmen startar med at Pusur og Jon bor i huset sitt. Dei må køyre til dyrlegen med Pusur fordi Jon meiner han er så lat.

Pusur veit at Jon vil til dyrlegen, fordi han er forelska i veterinæren der, som heiter Liz. Jon får ein hund av Liz som han skal passa på, hunden heiter Jølle.

 

Når dei kjem heim igjen, viser Jon Jølle rundt i huset, og Pusur lærer Jølle å dansa. Seinare på dagen er Jon, Jølle, Pusur og Liz og ser på eit hunde show. Plutseleg spring Jølle midt imellom publikum og dansar slik som Pusur hadde lært han. Jølle vinn konkurransen.

 

Utover kvelden jagar Pusur Jølle ut av huset, slik at han stikk av inn til storbyen. Der blir han tatt opp av ein mann som heiter Norman. Han er ein stygg dyreplagar som har vonde planar for Jølle. Pusur må dra ut i storbyen for å redde Jølle frå fangenskapet. Resten må du/dykk finne ut sjølv.

          

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Pusur 2:

 

Filmen startar med at Pusur og Jon er i huset sitt. Jon har bedd Liz på besøk. Jon har tenkt å fri til Liz, men når ho kjem fortel ho at ho skal reisa til London. Der skal ho sjå på eit gammalt gods, derfor har ho dårleg tid.

Stakkars Jon han fekk ikkje muligheita til å fri til Liz.

 

Jon kjem på ein ide, han vil reisa til London for å overraska Liz. Jon kunne ikkje ta med seg Pusur og Jølle, derfor måtte dei inn på kennelen like i nærleiken. I mens Jon står og snakkar med den eine veterinæren på kennelen, rømmer Jølle og Pusur, begge to smetter inn i bilen til Jon.

Dei gøymer seg i bagen til Jon og lurar seg med til London.

 

Då dei kjem til London sjekkar dei inn, på det same hotellet som Liz. Jon legg merke til at Pusur og Jølle har lurt seg med til London, men han blir ikkje sur. Jon overraskar Liz og ho blir kjempeglad. Ein dag Jølle og Pusur er ute på byen, blir Pusur bytta ut med ein annan katt, katten har heilt likt utsjåande som Pusur, hans namn er Prins. Pusur stakkar får etterpå problem med å finna Jon.   

Pusur og vennene hans:

 Pusur:

Pusur er sjølve hovudpersonen i Pusur stripeserien. Pusur er ein feit og lat katt. Han er oransje med svarte striper, Pusur elskar mat, og lasange er det beste han veit. Ein anna ting som Pusur liker veldig godt er Tv, men det verste Pusur veit er måndagar ”Eg hater måndagar” eller ”I hate Mondays” er det han seier kvar måndag morgon. Pusur veier 19 kilo og han er 28 år nå. Han hadde 25 års jubileum i 2004. Han blei født den 19 juni på Mamma Leonie`s Italian restaurant og mora til Pusur er død nå. På Mamma Leonie`s Italian restaurant selde dei lasange, det er derfor Pusur er så glad i lasange. Eigaren av restauranten der Pusur blei født, selde Pusur til ein dyrebutikk, for å få råd til å drive restauranten vidare, og då kom Jon og kjøpte Pusur.

 

Jølle

Jølle kom først den 8. august 1978 i Pusur stripeserien, og han er ein dum og leken liten hund. Det seies at Jølle brukte 3 år på å lære å pusta, så han har ikkje så stor IQ. Nå er Jølles eigar Jon, den tidligare eigaren hans var Lyman, men han gav Jølle til Jon.  På engelsk heiter Jølle Odie.

 

Jon

Jon kom først den 19. juni 1978 i Pusur stripeserien og det ekte namnet hans er Jonathan Q. Arbluke.

Jon er eigaren til katten Pusur og hunden Jølle, Jon er forelska i ein dyrlege som heiter Liz. Eigentleg var Jon ein teikneserie skapar, og Jon kan lese Pusur sine tankar.

 

Arlene

Arlene er ein rosa katt ho kom først ut den 17. desember 1980 i Pusur stripeserien. Ho kom for å skape litt romantikk i serien.

 

Nermal

Nermal er ein grå liten katt han kom først ut den 9. september 1979 i Pusur stripeserien og då fekk Jon ho av ein mann som heiter Lyman.

 

Pooky

Pooky er Pusur sin teddybjørn den kom først ut den 23. November 1978 i Pusur seriestripa. Pooky er ein brun liten kose bjørn og den er alltid til hjelp når Pusur trenger han.

 

Liz

Liz er Pusur sin dyrlege og ho kom først ut den 26. juni 1979 i stripene. Ho er forelska i Jon Pusur sin eigar.

Liz og Jon pleier å gå ut på date. Den første gongen dei var på date var den 21. april 1980.

 

Mom

Mom er mora til Jon ho kom med i stripene den 13. februar 1980. Mom eller mamma som det heiter på norsk, elskar å vere bondekone på garden som ho og bur på. Mom er kona til Dad og ho er ei kjempeflink kokke som elskar å laga pai og tilberede poteter.

 

Dad

Dad kom med i stripene den 13. februar 1980. Dad eller far som det heiter på norsk, er faren til Jon og han er mannen til Mom. Han er bonden på garden ”Arbluke” som dei bur på.

 

Doc Boy

Doc boy kom først med i stripene den 17. mai 1983. Han er Jon sin bror og bur Også på garden Arbluke.

Doc Boy liker ikkje å bli kalla Doc Boy, han liker heller å bli kalla bare Doc. Doc Boy lever eit veldig latande og kjedeleg liv.

 

 

Lyman

Lyman var Jon sin rom kamerat, han kom først med 7. august 1978 i Pusur stripeserien. Det var Lyman som var Jølle sin første eigar, men han gav som tidlegare nemnt Jølle til Jon. Sidan Jølle ikkje visste kor han skulle sove, eller hadde nokon anna plass å vera, spurte han Jon om lov til å få sove hos han

 

Irma

Irma er ei stygg illeluktande dame som går med ein svart kafé dress og kvit forkle. Ho kom først med den 19. oktober 1979 i Pusur og ho serverer mat på ein kafé. Eigentleg kan Irma ikkje laga mat og når Jon og Pusur er på kafeen hennar smakar alltid maten ekkelt.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Dyra på garden Arbluke.

Orson:

Orson er ein gris han blei født den 3. mars 1986 av mora si. Han er ein kjent gris på garden Arbluke garden blir også kalla ”Orsons Farm.”

 

Wade:

Wade er ei gås som er veldig redd og ho er til og med redd sin eigen skygge. Han pleier alltid å gå med den same baderingen på seg og mottoet hans er ”Thats no superstition… thats really bad luck” som tyder ”det er ingen overtru… det bare virke sånn”. Wade kom først ut den 4. august 1986 i Pusur stripeserien.

 

Roy:

Roy er hanen på garden Arbluke. Det er han som vekker alle dyra på garden Arbluke med hornet sitt.

 

Booker:

Booker er ein liten gul kylling han blei klekka ut den 22. mai 1986. Det som vart så merkelig under Booker sin fødsel, er at Orson (grisen) sat å ruga på egget til Booker. Når egget blei klekka kalla han Orson for mor, og det kallar han Orson for ennå.

 

Sheldon:

Sheldon kom til verden den 27. mai 1986. Sheldon er eit egg med føtter som snakkar. Han er blitt slik, fordi han blei født slik. Han er broren til Booker. Hans namn er Sheldon, fordi han ikkje klarte å komma ut i frå skallet sitt.

 

Lanolin og Bo:

Lanolin og Bo er to kvite sauer, dei er tvillingar og begge kom med den 20.juli i Pusur stripeserien.

Bo er ein gut og Lanolin er ei jente, Lanolin går alltid med ai rosa sløyfe, mens Bo ikkje har noko på seg.

Bo er veldig forsiktig, glad og smiler til alle. Han er veldig vennelig og det går Lanolin på nervane.

 

The Worms:

The Worms eller makkane som det betyr på norsk, ser ut som ein Worm i Pusur stripeserien, men eigentleg er dei mange. Booker prøver å ete dei, men då finner makkane alltid på noko morosamt til slutt, for å redde liva sine. The Worms kom med den 28. november 1986 i Pusur stripeserien.

 

Cody:

Cody er ein svart og kvit valp som elskar å jakte på dei andre dyra på garden Arbluke. Codys beste venn er den blå katten Blue, Cody kom først med den 12. januar 1987.

 

Blue:

Blue er ein blå liten katt som bruker det meste av tida si til å vere med cody. Ho liker å vere med alle kattar, Blue kom først med den 12. april 1987 i pusur stripeserien.

Innhald:

Det er ikkje nokre lange forteljingar eller handlingar i Pusur stripene, fordi stripene er så korte.

Men på Garfield and Friends ein teiknefilm serie, som gjekk på Tv og ligg ute på nettet er det lengre historier.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Ein som eg likte veldig godt heiter ”Garfields Halloween Adventure” og det er denne eg skal fortelja om nå.

 

Det startar med at Pusur ligg å søv i senga si med Tv`en på, så plutseleg kjem det ein stygg klovn fram, og Pusur brå vaknar. Klovnen seier at det er Halloween i morgon kveld, og at alle ungane får gratis snop.

 

Då seier Pusur at han også vil gå Halloween, Han og Jølle kler seg ut som sjørøvarar, så begynner dei å gå, begge fekk mykje snop. Når dei kjem ned til hamna tenkar Pusur at han vil ro over til den andre sida, til ein annan by. Etter mykje roing utover sjøen, ror dei i feil retning. Tilslutt kjem dei inn til ei øy med eit mystisk hus på. Dei går på land og inn i huset, der treffer dei ein gammal mann. Han fortel at den øya dei er på er heimsøkt av spøkelse sjørøvarar. Han fortel også at denne kvelden ville spøkelse sjørøvarane komma tilbake, å spøke.

 

Plutseleg forsvinn den gamle mannen med båten deira og sjørøvarane kjem flygande inn i huset.

Pusur og Jølle gøymer seg inne i eit skap. Sjørøvarane gravar opp ein skatt som ligg under golvet i huset.

Plutseleg begynner Jølle å nysa, sjørøvarane merka at Pusur og Jølle er i skapet. Jølle og Pusur spring mot brygga og hopper på sjøen. Dei sym eit lite stykke, så finn dei att robåten som var tatt av den gamle mannen. Dei ror heim att og alt endar godt.

                                                                    

Stad, kor går der føre seg?

Pusur stripeseriane pleier å gå føre seg på mange forskjellige plassar f.eks. heima hos Jon, på garden Arbluke, ute og inne på kafeen til Irma.           

 

Heima hos Jon sit dei ofte ved eit bord eller er på forskjellige rom f.eks. rommet til Pusur der senga hans står. Når teikneserie figurane er på garden Arbluke er dei enten inne i låven, ute eller andre plassar. Når teikneserie figurane er ute er det ofte eit grønt underlag og ein blå himmel som bakgrunn. I kafeen til Irma får du sjå figurane ved disken, der Irma serverer kaffi.

 

Slik ser det ut når pusur er inne i huset:

<bilde>

Logg inn for å se bildet
 

Slik ser det ut når pusur og Jon sitter ved bordet:  

<bilde>

Logg inn for å se bildet
    

Slik ser det ut når pusur søv:

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Slik ser det ut når Pusur er på kennelen:

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Slik ser det ut når pusur er ute:

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Slik ser det ut når pusur ser på Tv`en:

<bilde>

Logg inn for å se bildet
 

        

Spenning - Kva slags spenning er det i serien?

<bilde>

Logg inn for å se bildet
I Pusur stripeserien finn vi ikkje akkurat så mykje spenning, men det er mykje humor. Eg kan til døme nemne ei spenningsscene, då Pusur står ved andre sida av Bikkjegjerdet og seier ”Herlig å kunne skjelle ut bikkjevraket, så lenge det er eit gjerde mellom oss.” Der tok Pusur feil han hadde gløymt ut at ”kvisthola” var så store. Dermed grep hunden tak i Pusur sin hals med handa si.

 

 

Humor - Kva slags humor er det i serien?

Det er all slags humor i Pusur stripene. Av og til er det noko Pusur gjer eller seier, som er morosamt.

Eller det er nokre andre i serien som er morosame, eller det er noko som kan skje. Til dømes når Pusur skal ete pai seier han ”man skal dele.” Så seie han ”det ligger mye i desse orda!!” ”storleiken er av mindre viktigheit.” Pusur slurpar i seg nesten heile paien, ein liten bit er igjen til Jølle.Eg trur at alle kommer til å le av i alle fall ei av stripene.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Vald/konfliktløysning - Er det slåssing/konfliktar i Pusur stripene?

Det er ikkje så mykje vald i Pusur stripene, men Pusur er litt stygg mot hunden Jølle, han pleier ofte å seie stygge ting til Jølle til dømes  ”din stygge litle hund” / ”Your stupid little dog”. Pusur vinn alltid konfliktane og han er for det meste sjefen.

 

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Kjærleik - Handlar det om kjærleik i Pusur stripene?

I Pusur stripene handlar det ein del om kjærleik, til dømes Pusur som er forelska i den rosa katten Arlene, men ho virke ikkje som ho har så stor interesse for Pusur. Jon har eit glimt i auget til dyrlegen Liz.

 

 

Kjønnsroller:

I Pusur stripeserien er det ikkje slik at mennene er sterke og gjer alt for dei vakre kvinnene. På garden Arbluke lager Mom mat til Dad og Dad steller dyra. Eg meiner at i Pusur serien er både menneska og dyra veldig late. Ein kan sjå det på kroppshaldninga og blikka deira.

 

Eventyrdrag:

Det er snakkande dyr i Pusur serien, men alle dyr utan om Pusur og Jølle snakkar. Dei andre dyra kan snakka med kvarandre. Pusur er eit tenkande kattedyr, som me får sjå kva han tenkjer ved hjelp av tenkjebobler, som eg kjem tilbake til seinare. Jølle kan ikkje tenka fordi han har så liten hjerne, men han kan bjeffa.

         

Språk:

Språket i Pusur er laga for ungdom og er veldig morosamt. I teikneserien Pusur er det tatt i bruk ulike boblespråk og ulike typar bobler. Snakkebobler er eit verkemiddel som er vanleg å bruke i teikneseriar.

Her brukast boblene til å uttrykke tale hos teikneseriefigurane og dei som er avbildet. Nokre bobler som er brukt i Pusur er tenkebobler eller snakkebobler. Tenkeboblene er brukt på Pusur, fordi han snakkar ikkje han tenker. Snakkeboblene er brukt på menneskjer f.eks. Jon.

Bodskap:

Teikneserien handlar om livet til Pusur og vennene hans. Vi kan følgje dei ein heil dag, frå morgon til kveld.

I eit kapittel i teikneseriebladet er bodskapen at Pusur er allergisk mot arbeid. Ting blir gjort morosamt og satt på spissen. Bodskapen blir også framstilt ved hjelp av ordtak, som til dømes. ”Ikkje alt er rosenraudt.” ”Du skal tukte den du elskar.”

 

Mi Vurdering:

Eg har lært veldig mykje av dette prosjektet, til dømes så har eg lært om alle figurane og korleis dei oppførar seg. Eg har også lært masse om Jim Davis og historikken bak Pusur. Eg trur og håpar at dette har blitt ein bra oppgåve og at framsyninga blir bra. Det har vært eit lærerikt prosjekt og det har vært veldig kjekt, fordi eg likar å lesa teikneseriar. Eg oppfordrar alle Ungdomar til å lesa teikneseriar.

 

Kilder:

www.garfield.com

www.wikipedia.org

www.filmweb.no

www.google.no

www.kvasir.no




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish