Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Heltar?Skriv ut Utskrift
Trenger vi dem?
Nynorsk - EssayForfatter:



Eg gjekk forbi Narvesen i dag. Det er for så vidt ikkje noko spesielt med det, eg går ofte forbi Narvesen. Men det var først da eg vart klar over at Miss Twiggy og Jahn Teigen hadde fylt femti år i helga som gjekk. Du tenkjer kanskje at det ikkje var så viktig å gløyme noko slikt når du ser kva som foregår av urett elles i verda.-Du har vel rett! Men etter avisoppslaga å døme er dette ei stor hending. Så stor at ho får plass på førstesidene til dei store hovudstadsavisene.

 

Me treng alle ein helt? Det trur no eg. Og dei aller fleste, om ikkje alle, har ein helt dei vedkjenner seg og som dei dyrkar i ei eller anna form. Dei fleste har til og med fleire heltar. Og mange har til og med fleire typar heltar som dei dyrkar ved ulike sinnstilstandar. Men etter mitt syn har me bare to typar heltar, to motpolar. På den eine sida av aksen har me den vassekte “machohelten”, og på den andre sida den meir vidtrekkande bolken med kulturelle, andelege og sportslege heltar.

 

“Folkeheltar”. Skal eg prøve å definere “machohelten”, vil eg hevde at ein vassekte “machohelt” er ein mann eller ei kvinne som har gjort noko modig, stort, farefullt, sprøtt, nyskapande, spanande eller noko anna kult, slik at dei får merksemd frå media og folk flest. Eg må også nemne at det er mange “wannabe heltar” av denne typen ute iblant oss. Eit døme på det er Monica Kristensen, som i 1986 leidde ei tragikomisk forskingsferd mot Sørpolen. Denne ferda var sikkert hard, men ferda var mislukka, ekspedisjonen nådde aldri Sørpolen slik dei opphavlege planane var. Sjølv om turen nok var macho, vil ikkje det seie at Monica Kristensen & co er “machoheltar”, du vert først “machohelt” når du har nådd målet og fått ros for det. Eg kan nemne som ein kurositet at medan eg dreiv på og arbeidde med dette essayet, høyrde eg på “Vestlandsrevyen” at forskarane nett hadde funne ein liten kreps, som lever i oppalsanlegg. Denne krepsen hadde dei døypt macho fordi macho på latin tyder hårete. Og “machoheltar” har nok mykje hår på brystet fordi det er svært få kvinnar blant dei. Nokre døme på vassekte “machoheltar” er: Thor Heyerdal, Ernest Hemingway, Carl Hamilton, Charles Lindbergh, Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og mange, mange fleire. Feministrørslene har ikkje nådd langt på denne fronten. Eg fann faktisk berre ei kvinne som det er verd å nemne namnet på, og det er Vlentina Tereshkova, den første kvinna i verdsrommet. Kanskje du kan namnet på fleire?

 

Folk flest plar som regel ikkje å samanlikne seg med denne typen heltar. Det trur eg er fordi det er for lite pengar, makt og intrigar. Dessutan er dei så umenneskelege, dei er reine overmenneske. Men dei fleste har større respekt for dei, enn dei har overfor den andre gruppen med heltar. “Folkehelten.” Det er ein mann eller ei kvinne som har gjort noko av kulturell, åndeleg eller sportsleg verdi. Eg tykkjer at det er vanskleg å rangere utøvarane av dei to første gruppene, fordi dei fleste utøvarane av kulturelle og åndelege aktivitetar har og svært lita forståing for sjølvkritikk, og eg har ofte inga interesse av det dei gjer. Dei aller fleste av dei er dessutan lekfolk, så det spørst om dei verkeleg har greie på kva dei gjer sjølve. Alt dette gjer det vanskeleg å seie kva som er bra og kva som ikkje er det. Ofte må eg dømma ut ifrå smak, men heldigvis har me kritikarar som kan gjere denne jobben for oss. “Folkeheltane” skal vere populære blant folk flest, og dei skal vere populære blant kritikarane. På den måten vinn dei media sin gunst. Samstundes som dei vinn publikumet sin gunst. Når det gjeld sportshelten, er det enklare å rangere, fordi dei skal anten vinne gull eller score mål av ulike slag. Enkelt og greitt. Denne gruppa er og den mest folkelege av dei alle, fordi dei vekkjer nasjonalkjensla hos folk når dei vinn. Blant “folkeheltane” finn me ofte lokale og regionale storfolk. Men blant dei meir kjende og namngjetne kan eg mellom anna nemne: Wenche Foss, Gud, Ole Brumm, Salman Rushdie, Frans av Assisis, Erlend Loe, Ernesto “Che” Guevara, Jim Morrison, Kjetil Rekdal og mange, mange fleire. Kor vidt dei er “folkeheltar” kan og diskuterast.

 

“Folkehelten” er den vidaste gruppa av heltar, og heltane her vert ofte kalla kjendisar, noko eg meiner er nesten synonymt med heltar. Forskjellen er den at ein kjendis er ein som har fått fjeset sitt i avisa eller på tv, medan ein helt er ein som har sin eigen tilhengarskare der dei driv og dyrkar han/henne. Me har ein tedens til oftare å definere oss med denne gruppa heltar, enn dei i den førre gruppa. Dette fordi at nokon av dei appellerer til oss og interessere oss, medan me likar å “avsky” visse andre av dei. Ofte plar me å dele dei mest omstridte folkeheltane inn i to grupper: “helgen-helten” og “drittsekk-helten”.

 

Me likar “helgen-helten” medan vi avskyr “drittsekk-helten” som nyttar tida til å knuse hotellrom eller begår andre odiøse handlingar, men denne sanninga er tvitydig. Me vil gjerne lese om denne helten. Samstundes må me også vise at me tar avstand frå denne gruppa innan av heltestanden. Det gjer me ved å riste på hovudet og ved å prøve å finne ut kvifor denne personen begår desse irregulære handlingane, og ofte finn me andre me kan leggje skylda på. Det er nesten som når du går i ein klasse som husar eitt eller fleire “problembarn”. Det er jo ikkje ungen sin skyld at han oppfører seg slik som han gjer. Nei, det er den dårlege oppfostringa til foreldra, det er mangel på barnevern osv. Me menneske er svært flinke til å finne på orsakingar, men ikkje så flinke til å finne den eigentlege grunnen.

 

“Helgen-helten” er han eller ho som har blitt kanonisert gjennom media. Ofte kjenner eg det slik at det ikkje bare er handlinga til “helgen-helten” som er av det gode, men også utsjånaden. Det å verte ein “helgen-helt” verkar på meg som nokså enkelt, det er i prinsippet nok å dele ut store pengesummar til diverse gode formål. Men å forbli helgen har gang på gang vist seg å vere vanskeleg, svært vanskeleg.

 

No har eg definert kva ein helt i mine auge er, så da får eg vende tilbake til det opphavlege spørsmålet. Treng me alle ein helt? Gjennom dette essayet er eg blitt nokså sikker på at det er noko me så absolutt har behov for. Det er difor me søkjer heltane våre gjennom vekeblad, forsamlingshus, kino, bøker osv. Tenk på kor keisamt og trivielt livet vårt ville verte utan heltane våre. Og eg er av den meininga at det ville ha vore vanskeleg å leve her på jorda utan heltar. -Så var det eigentleg så uviktig å ha gått glipp av at Miss Twiggy og Jahn Teigen fylde femti år?


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish