Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Sport- hysterisk eller kulturSkriv ut Utskrift
Kåseri om sportshysteri.
Bokmål - KåseriForfatter:



Vi i Norge har alle vorte utsette for denne ”sjukdommen” som av mange vert kalla sportshysteri. Kvifor bry seg med folk som utset kroppen sin for ekstreme påkjenningar? Dette skal eg sjølv prøve å svare på. Det er mogleg at det er fordi ein vil føle tilhøyrsle til ei gruppe eller det kan vere at ein berre vil ha god underhaldning.

 

Men vi har alle sett at nokon vert hysteriske grunna at eit fotball- eller eit handballag taper eller vinn. Vi kan sjå spelarar som går til angrep på trenaren eller medspelarar, ja, eg har tilmed sett ein fotballspelar sparke ned ein tilskodar som vart for stor i kjeften. Denne tilskodaren sprang ned frå øvste rada på ein fotballstadion berre for å seie noko stygt til spelaren, og det tilskodaren sa, var visst såpass gale at spelaren tok eit flygespark på tilskodaren. Poenget mitt er at dersom du er så engasjert at du utan å nøle spring nedover fleire hundre trappetrinn for å kjefte på ein som spelar på eit lag du ikkje likar, må du spørje deg sjølv om ikkje du har vorte litt hysterisk og kanskje ein liten smule for engasjert.

 

Men dei dagane heile landet leid av sportshysteri var den månaden det var olympiske vinterleikar på Lillehammer. Heile landet følgde med sine landsmenn, og det var bilkø i heile Gudbrandsdalen. Noko slikt hadde det ikkje vore sidan då det var OL i Oslo på 50-talet. Gatene i Lillehammer var fulle av meir eller mindre sportsinteresserte menneske. Då denne vintermånaden i 1994 var over, tømde gatene seg og bonden herska på den lokale pub`en atter ein gong, medan Håkon og Kristin, dei to OL-maskotane hadde vorte plassert i dei tusen heimane. Men det var ikkje over med dette. Media følgde dei norske heltane og dei andre deltakarane i mange månader framover. Dette seier vel litt om i kor stor grad dette hysteriet strekk seg. Sporten har også skapt ein ”talemåte” der det vert brukt setningar som bind noko til ei hending i idretten si historie, eksempel på dette er utsegn som: ”Det vert som å hoppe etter Wirkola” eller det gode gamle spørsmålet som ingen sportsjournalistar går lei av: ”Kor var du då Oddvar Brå brekte staven”.

 

Når eg tenker på kor mykje pengar som årleg vert brukt på sport eller idrett, må eg berre himle med augo. Det er så ufatteleg mykje pengar inne i biletet at det ikkje er rart ein snakkar om sportshysteri. Hadde eg fått 100 millionar kroner for å stille opp på ein boksekamp mot ein liten jypling som eg på førehand kunne sett ikkje hadde nokon stor sjanse til å vinne, hadde eg vorte hysterisk og vel så det. Men på den andre sida så er ikkje pengar alt her i livet, takk og lov for det, men utviklinga er skummel, særleg innan sport og anna underhaldning. Det er litt rart at det er mogleg å leve på at ein er god til å flytte på kroppen sin, anten det er fort, lenge, høgt eller langt. Kanskje nokon bør lage det til slik folk kan tene seg rike på å sitje stille i så og så lang tid, eller ete store haugar med usunn mat.

 

Slike konkurransar i meir folkelege aktivitetar finst, men du tener ikkje millionar på å sove i 80 timar og på å ete 15 kilo kjøtt. Men slike konkurransar er vel heller lite publikumsvennlege. Eg hadde i alle fall ikkje orka å sett på ein tjukkas ligge i ei seng og sove i mangfaldige timar. Det er folket som bestem kva som skal vere populært og kva som ikkje skal vere det, og det er mykje som må ofre seg i den debatten. Ungdommen bestem i alle fall ein heil del, sjå berre på ”snowboard”, det har vorte veldig ”in” i dei siste åra. Dei gode gamle treplankane har mista grepet for lenge sidan, noko eg synest er like greitt, men det finst dei som likar å gå ein tur av og til, og det må ein berre akseptere.

 

Så kva kan vi seie om dette sportshysteriet? På den eine sida er sporten underhaldande og kan hjelpe folk med å live opp ein elles traust kvardag. Folk vert påverka til å byrja med litt aktivitet slik at kroppen deira ikkje vert nedbroten av all den usunne maten og alle timane framfor fjernsynet. Men på den andre sida skal folk få gjere det dei vil, og dessutan hadde det vorte litt einsformig om alle hadde vore like, og heldt på med sport. Ein eller annan må skilje seg ut, vi er trass i alt forskjellige alle saman. Det ironiske med dette er at dei som sit i godstolen og proppar i seg pizza, biff og anna god, men usunn mat, som oftast er dei som ser på fotballkamp og/eller anna idrett. Altså, dei mest usunne og sløve er dei som kan karakteriserast som hysteriske sportsfanatikarar. Dette er det som får meg til å lure på om det berre finst to typar nordmenn: sportsfolk og vanlege folk. Når vår kjære statsminister Kjell Magne Bondevik er ein av dei største fotballelskarane i landet, og er Molde F.K fan i bortimot hysterisk grad, samtidig som vår æra Kong Harald og Dronning Sonja stadig sit utanfor ei hytte med eit flagg i den eine handa og lua i den andre og ser Norge sine beste menn og kvinner gå fort på ski, må vi berre spørje oss sjølve om ikkje vi bør bite i litt sunnare mat og ta sporten som det den er; underhaldning i toppklasse!

 

Eg er einig i at hysteriet rundt sport har vekst seg til dei store dimensjonar, men sidan sport har eksistert sidan neandertalarane prøvde ut kven som tålte mest, og romarane med sin type sport utvikla seg til å verte konkurransar med reglar som handhevast av kvalifiserte dommarar treng vi vel ikkje å klage over det. Livet hadde ikkje vore det samme utan sport og anna kontrollert fysisk aktivitet, det er eg temmeleg sikker på. Og det er nemleg det hysteriske og ville som gjer det interessant. Du kan berre tenke deg kor keisamt det hadde vore å drive med ein sport der ingenting er spennande og engasjerande. Eg vil likevel påpeike at sport kan verte for hysterisk og vilt, men dersom vi prøver å kontrollere og sette grenser for kor stor interesse og engasjement det skulle vere, ville det vere det samme som å øydelegge heile poenget med sport.

 

Det er ingen grunn til å drive med sport dersom dei litt ville personane, handlingane og særtrekka forsvinn. Sport er noko dei fleste driv med på fritida, og skal dermed vere fritt. Men ein ting er sikkert, Norge er eit land der sporten stiller sterkt, og slik bør det eigentleg vere også. Vi har mykje her i Norge og vi treng sport så vel som bønder, fiskarar, finansmenn og andre. Det einaste vi kunna kutta drastisk ned på, er politikarar, men det er ei heilt anna sak. Så lenge det finst sport, vil det finst sportshysteri, akkurat som det vil verte danna hysteri om alt anna. Etter mi meining bør ikkje ein berre sjå på ordet sportshysteri som noko negativt, det seier noko om at folk bryr seg, og det er ikkje nokon uting så vidt eg veit. I kor stor grad dei bryr seg, har ikkje vi rett til å avgjere.

 

Elsk han eller hat han, sporten vil vi ha i lang, lang tid framover. Det vil alltid finst nokon som er gode i å røre på seg, og som vil måle seg med andre for å finne ut kven som er best, og vips! så har du ein sport. Derfor vert denne problemstillinga eit evig krinslaup der det i ein sport til slutt vil verte hysteriske tilstandar, og då vil nokon ta det opp før eller seinare.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish