Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Integrering av framandkulturelleSkriv ut Utskrift

Integrering av framandkulturelle - til glede eller eit nødvendig onde?

Karakter: 6 (1. klasse VGS)

Nynorsk - ArtikkelForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Integrering er eit særs heitt tema om dagen. Å integrere tyder å oppta eller innlemme noko, i denne samanhengen framandkulturelle inn i samfunnet vårt.

 

Men korleis er nordmenn innstilte til integrering av framandkulturelle, kva meiner dei eigentleg? Og vil eigentleg dei framandkulturelle integrerast?

 

Nordmenn har lett for å bli etnosentriske, altså at vi vurderer andre samfunn og kulturar ut i frå vår eigen, og favoriserer vår eigen kultur, alt anna vert unormalt og rart.

 

På bakgrunn av dette, vil mange seie at nordmenn har framandfrykt, at vi er redde for det som er nytt, ukjent og framandt for oss. Dette gjer enkelte av oss negativt innstilte til å integrere framandkulturelle i samfunnet, då ein rett og slett er redde for dei, for kulturen deira, skikkane, det dei står for.

 

Ein del nordmenn har ofte lett for å seia til dømes at «alle innvandrarar er kriminelle». Å setje innvandrarar i bås på denne måten, bidreg på ingen måte til integrering, men til det motsette.

 

Det ironiske her, er at dei fleste innvandrarane i Noreg er frå Sverige. Desse er ikkje framandkulturelle, kulturen deira er heilt lik vår, følgjeleg har dei ikkje noko problem med å tilpasse seg i samfunnet, med å integrere seg. Difor tek vi aldri med dei i omgrepet «innvandrarar».

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Når nordmenn flest høyrer ordet innvandrar, tenkjer dei på framandkulturelle, individ med ein annan hudfarge, til dømes folk frå Midtausten, som kjem frå ein heilt annan stad med ein heilt annan kultur enn vi har her. Det er desse som slit med å integrere seg i samfunnet, det er desse som treng hjelp.

 

Difor har det blitt eit påtrengjande behov for integreringspolitikk i Noreg dei siste åra. Samtidig er det blitt tydeleg at den politikken som blir ført i ein del tilfelle ikkje fører til integrasjon, men det motsette: segregasjon og framandgjering. Det same ser vi viss vi vender blikket utover Noreg sine grenser, til for eksempel Tyskland og England.

 

Når innvandrarar kjem til Noreg, har mange eit ønskje om noko som vanskeleg kan realiserast der dei kjem frå – «det gode liv». Etter ei stund oppdagar dei at dette er vanskeleg å realisere, også her. Vi som er i landet frå før (nordmenn), trur at vi får mindre av det vi har, når vi må dele det med andre.

 

Dermed sit både innvandrarane og vi igjen med kjensla av tap, at vi får mindre enn vi ønskjer, i staden for meir av det vi ynskjer. Vi får kjensla av ein tap/tap situasjon i staden for ein vinn/vinn situasjon. Dette kjem fram av ei undersøking Ingmar Meland og Helge Petersen har gjort for Forum for kunnskap og kultur (FOKK), og presentert i Dagsnytt på NRK P1 3. november.

 

Ein slik situasjon kan potensielt verke farleg, og medverke til rasisme og negativt syn på innvandrarar.

 

Integreringspolitikken møter denne situasjonen gjennom ulike tiltak som rettar seg både mot større grupper og enkeltpersonar, og skal få dei til å finne seg til rette i samfunnet.         Når dei får moglegheita til å finne seg til rette, får dei samtidig moglegheita til å bli fullverdige samfunnsmedlemmer, som fyller rollene sine, og har sine rettar og forpliktingar.

 

Spørsmålet er om dette verkar. Kjem ein nokon veg med dette, blir framandkulturelle integrerte, og vil dei i det heile tatt bli integrerte?

 

I Oslo blir det gjeve offentleg støtte til mange somaliske føretak som skal fremje integrering av somalisk ungdom.

 

Eit døme på dette er Riyo & Rajo-huset, som blir drive av Mohamed Sheik. Dette ungdomshuset har fått store beløp i offentleg støtte, men det viser seg at pengane slett ikkje går til integrering av ungdom, i følgje Dokument 2 på TV2 den 30. oktober. Det kjem fram i Dokument 2 at Mohamed Sheik sjølv seier at han ikkje burde fått pengar, då han faktisk er i mot integrering av somalisk ungdom. Han vil ikkje at hans born skal vekse opp i Noreg, han vil ikkje integrere dei i det norske samfunnet, for det øydelegg dei, påstår han.

 

På telefon til ein somalisk far fortel ein annan styreleiar i Riyo & Raja-huset at dei ikkje har sett i verk tiltak for somaliske jenter slik som dei har lova, men at det finst andre stader, drivne av dei vantru, som Raudekrossen, som jentene kan gå til. Dette skulle ein tru var eit bra tiltak, at somalisk ungdom kan gå til dei same stadene som norsk ungdom, men nei.

 

Den somaliske faren blir fortalt dette av styreleiaren: «Jeg skal fortelle deg sannheten. Alle som kommer inn der, om det er enten gutter eller jenter, alle blir ødelagte. Gjør ditt beste. Gjør historien kort og fortell dem at Røde Kors er et sted der djevlene møtes.» Dette seier leiinga til det største somaliske integreringsføretaket i Oslo om Raudekrossen sitt ungdomstilbod.

 

Tydelegvis er ikkje alle innvandrarar for integrering, enkelte nyttar det berre for å få offentleg støtte som dei brukar på heilt andre ting, i følgje Dokument 2.

 

At ikkje alle framandkulturelle vil integrerast, kan ein sjå mange stader. Dei samlar seg, spesielt i byane, og vi får såkalla «innvandrar-strøk», der dei framandkulturelle innvandrarane har eigne butikkar, eigne kafear, og lever sitt eige liv, utafor det norske samfunnet.

 

Behovet for å integrerast er ikkje der, dei klarer fint å leve utanfor det norske samfunnet, og er ikkje interessert i integrasjon i det heile.

 

På den andre sida, er det mange som ynskjer å bli integrerte som ikkje får moglegheita til det. Dei blir halde utanfor, dei får ikkje hjelp. Dette gjeld spesielt dei som ikkje er fødde i Noreg, men som har kome hit seinare.

 

Dei blir oppdregne slik dei blei når dei budde i utlandet, og foreldra tvingar dei til å halde fram med å leve slik dei alltid har gjort.

 

Slik får dei ikkje høve til å bli ein del av det norske samfunnet, sjølv om dei ynskjer det. Dette kjem fram i undersøkinga presentert i Dagsnytt på NRK P1 3.november.

          

Men ein skal på ingen måte svartmåle dette. I svært mange tilfelle er integrering positivt. Mange som kjem til Noreg og vil bli ein del av samfunnet får høve til det, nettopp på grunn av integreringspolitikken som blir ført. Utan integrering ville mange framandkulturelle innvandrarar stått utan arbeid, utan sosialt nettverk, og utan å kunne norsk.

 

Integrering og integreringspolitikk er særs viktig, både for dei som kjem til landet, og dei som allereie bur her. Til dømes får Noreg får mykje arbeidskraft og norsk kultur får nye moglegheiter. Innvandrarane har mykje å bidra med til samfunnet på mange frontar, så integrering er i og for seg ein særs bra ting.

 

Ikkje alle vil integrerast, nokre vil halde på det gamle livet, og nektar å tilpasse seg det norske samfunnet. Dei kan ein ikkje gjere noko med, ein kan ikkje drive tvangsintegrering.

 

Dei som vil bli integrerte, men av ulike grunnar ikkje får høve til dette, bør det takast tak i, slik burde det ikkje vere.

 

Ein del nordmenn er imot integrering av framandkulturelle, ofte på grunn av framandfrykt og etnosentrisme, dette kan føre til problematisk integrasjon.

 

På den andre sida ser nordmenn også fordelane med integrering, og legg fordommane til side. Dette kjem fram under Dokument 2 sin dokumentar om integrering.

 

At enkelte nyttar integreringspolitikken som ein kynisk måte å skaffe seg pengar på, kjem også fram i denne dokumentaren.

 

I framtida bør ein føre integreringspolitikken vidare, og utvikle han. Det kjem stadig fleire framandkulturelle innvandrarar til landet, og alle som ynskjer å bli integrerte i samfunnet vårt, må få høve til det. Samfunnet vårt får mykje igjen for det, av både kunnskap, kultur og arbeidskraft.  Innvandrarane er komne for å bli, og det ein får mykje meir igjen for å ta dei inn i varmen enn å stengje dei ute i kulda.

 

 

KJELDER:

- Dokument 2 på TV2 30. oktober

- Undersøking om integrering, av Ingmar Meland og Helge Petersen for FOKK, presentert i Dagsnytt på NRK P1 3. november

- Læreverket Panorama (Gyldendal norsk forlag, 2006, kapittel 8, side 217-224)




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish