Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SaknSkriv ut Utskrift
Det er ei sann historie som skjedde meg for nokre år sidan. Der onkelen min døyr av hjartestans...
Nynorsk - NovelleForfatter:



Det var ein sundag. Me var på Tittelsnes, på fortet. På laurdagen hadde ungdomslaget laga til eit slikt stort arrangement om kvelden, og Hellbilles var der og spelte natta lang.

 

Det var ein sundag alt gjekk gale. Det var mange folk der. Vaksne og barn, alle skulle vere med og rydde opp etter sommarfesten. Eg kan hugse at det var kjempefint vær. Det var jo tross alt sommar. Alle var godt i gang med å rydde opp alt rotet.

 

Litt seinare på dagen var eg og vennina mi, Marita, oppe i eit hus på eit toalett. Eg kan hugse eg stod og såg meg i ein rar spegel, då rykta nådde oss. ”Det ligg ein unge i kummen”, ropte folk! Me styrta ned trappene og på den korte stunda var det og nokon andre som sa ”Det ligg ein full uteliggar i kummen”. Eg kan hugse at me var utruleg spente og syntes dette var kult. Men då me kom bort til kummen, der alle folka stod og glante, var det ingen av delane rykta hadde sagt...

 

Nei, tvert imot! Det var onkelen min, Odd Inge, som hadde fått hjartestans attmed kummen. Det er snart fem år sidan no. Eg kan framleis sjå alt for meg. Eg blei tatt med bort til tanta og foreldra mine, og alt var heilt kaos. To menn som var der tok munn- til munn metoden om, og om igjen.

 

Eg hugsar eg syntes det var så fælt at det var så mange tilskoderar, som stod der og såg på at onkelen min døydde. Som om det var ein slags kino. Det var iallefall slik eg følte.

 

Etter kanskje ein halvtime med munn- til munn metoden, kom luftambulansen. Det var forferdeleg. Etter kanskje ein time fekk me beskjeden.

 

Onkel var død. Eg knakk saman. Tårene rann nedover kinna mine. Den kjekke onkelen min var borte. Borte for alltid. Eg fekk frysningar.

 

Me fekk sjå han. Han låg der på det grøne graset. Heilt kvit i ansiktet. Eit kjenneteikn på onkel var det at han alltid hadde hål i sokkane sine. Det hadde han denne dagen og. Det hugsar eg at eg såg...

 

Alt eg kunne tenkje på var tanta mi. Ho som hadde mista begge foreldra sine i ei bilulykke for eit par år sidan, skulle no mista mannen sin og? Korleis skulle ho klare dette?

 

Dei har fire nydelege born saman. Han minste var berre rundt eit år gamal då. Det var rett og slett ikkje til å tru. Onkel vart berre 39 år gamal.

 

Farmora mi var heime hos søskenborna mine og passa på dei, medan me var på fortet. Så heldigvis slapp borna å sjå det. Eg trur det hadde vore betre for meg og, viss eg ikkje hadde vore der. Eg kan hugse eg grein mykje den veka. Far min tok det og veldig tungt. Eg kunne sjå det på han. Han hadde jo mista den einaste broren sin. Alt var så uverkeleg.

 

Då me kom heim, så måtte me fortelja alt til farmor og farfar, (foreldra til onkel) og borna. Då mor mi sa det til farmor, skreik ho –”Nei, det ikkje sant!” også datt ho ned på ein stol...

 

Eg hugsar godt at heile familien var samla utforbi huset deira på steintrappa i det fine været. Det var ikkje så mange som sa noko. Me hadde rett og slett ikkje ord...

 

Eg kjente onkel veldig godt. Me var jo tross alt naboar og, så han var ofte bortom i døra. Ofte satt han og far min og snakka, med kvar sin kaffikopp i handa. Den siste gongen han var bortom, satt dei ved kjøkkenbordet og jobba med eit rekneskap. Eg og onkel hadde ein diskusjon om kattar et grønsaker eller ikkje. Eg ville gi katten min agurk, men han sa –”Kattar et ikkje grønsaker, Kristine.” ”Joda, min katt gjer”, svarte eg, og smilte. Så gav eg katten min ein agurk bit, og katten åt den. Då vart han stille. Det er eit fint minne. Eg har mange fine minner.

 

Eg hugsar godt at onkel og tante var så forelska. Dei var akkurat som eit nygifta par. Det var nesten som eg såg opp til dei.

 

Eg kan hugse at eg fekk bli med dei på ei hytte. Søskenborna mine er litt yngre enn meg, så dei la seg tidligare, medan eg fekk lov å leggje meg samtidigt med dei. Dei flørta, småkyssa og lo. Eg hugsar eg var så glad. Dei hadde det så bra i lag.

 

Set hender søskenborna mine får eit slags ”kick”, og snakkar om far sin ein heil dag i strekk. Det syest eg er bra at dei gjer. Det er bra for dei å snakke om det. Eg er meir av den sorten person som stengjer ring inni seg, likar ikkje å prate om slikt. Så eg synest til og med at det var vanskeleg å skrive om det...

 

Eg var veldig glad i onkelen min. Eg saknar han så fælt. Eg har han i tankane mine kvar dag. Eg kjem nok aldri til å gløyma han...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish