Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Å verte vaksenSkriv ut Utskrift
Essay om det å være voksen. Karakter 5+ på grunnkurs, videregående.
Nynorsk - EssayForfatter:

”De ungdommar har det for lett i dag. Slik var det ikkje før! Me måtte opp tidleg om morgonen, og mjølke kyrne,” seier gamle damer, og tørkar seg nøgde rundt kjeften med ein serviett og gliser. ”Dessertgenerasjonen” eller ”kremgenerasjonen,” kallar dei oss. Men har me ungdommar det eigentleg så forferdeleg lett? Kva med alle dei vala me må ta i løpet av ungdomstida? Er dei enkle? Kva med forventingspresset ungdom vert utsett for? .

 

Utdanning er eit heitare tema no enn nokon gang. Alle må ha utdanning, eller alle skal ha utdanning. Eg kan forstå at dei som skal operere deg, kirurgane, må ha ei skikkeleg utdanning, du lar tross alt livet ditt kvile i deira hender. Men kva med kassadamene, all respekt til dei, men kan det verkeleg vere så vanskeleg å sitje bak ei kasse og ta imot pengar? På ei anna side, tenk på dei store tapa ein butikk, og samfunnet generelt ville fått dersom dama, eller mannen for den saks skuld, ikkje visste at 10+10=100? Då hjelper det lite at dei har datamaskiner som reknar for seg. Det same med bossbilkøyrarar. Tenk kva fatale konsekvensar det ville fått dersom ein bossmann blanda innhaldet i den blå, og den brune dunken, kva ville skjedd når dette skulle resirkulerast? Do-papir med lukt av mygla mat? Som manen i storebrandreklamen ville sagt det, ”så er vel kanskje utdanning ikkje så heilt gale likevel.”

 

Som ung er det ikkje berre valet av utdanning som får store følgjer for resten av livet ditt. Du lyt også ta standpunkt i ei rekkje saker. Ein av dei er rusmiddel. Fakta er at omkring halvparten av alle ungdommar i alderen 13-16 år seier dei har prøvd alkohol, eit tal som har auka dei siste åra, og som stadig aukar. Den gjennomsnittlege debutalderen for alkohol er i Noreg no 14,7 år. Men alkohol er ikkje det einaste ungdom får eit auka konsum av. Heile 19% av ungdommen mellom 15-20 år seier dei har forsøkt lettare narkotisk stoff, det mest populære stoffet heiter cannabis. 4% seier dei har prøvd tyngre narkotiske stoff. Døme på eit slikt stoff er amfetamin. Men kvifor? Kvifor set ungdom i sin beste alder livet sitt på spel for å prøve eit narkotisk stoff? Før brukte ein amfetamin til behandling av astma, fordi det opnar luftvegane. Det er ein viktig faktor for VO2 maks, det maksimale oksygenopptaket, som igjen er ein sentral faktor for betre uthald. Derfor vart amfetaminet mykje brukt av soldatar under andre verdskrig. Dei som nyttar amfetamin får også ein velværefølelse, dei dett liksom vekk frå sitt vanlege liv, og kjem inn i eit nytt, problemfritt liv. No vil eg ikkje trekkje nokon konklusjonar her, men er det verkeleg slik at unge menneskjer må ty til narkotiske stoff for å få ei kjensle av velvære? Har ein det verkeleg så hardt at ein ofrar livet for å komme seg vekk frå verkelegheita ei lite stund? Ikkje veit eg, men er det då rett å seie at me unge i dag har det så forferdeleg enkelt? Eller har me berre så lite spanande å gjere på, at spaninga i dei narkotiske stoffa er det einaste me kan finne på? Kvifor ungdom bruker narkotika er eg ikkje den rette å svare på, men ein ting skal vere sikkert, det å prøve noko nytt, eksperimentering, er i alle fall ein svært viktig faktor.

 

Personleg hatar eg stress, og press for den saks skuld. Press, eller stress, er noko einkvar ungdom blir utsett for, anten i store eller små mengder. Ein type press me vert utsett for er gruppepress. Gruppepress er ikkje noko nytt du opplever som ungdom. Heilt ifrå du er ein liten knøtt som går i barnehagen, blir du utsett for dette. Tenk deg ein liten gjeng, som står bak barnehagehuset. I vindauga står ei heil plate med ferske skillingsbollar til kjøling. Dei andre har forsynt seg. Tilslutt er det berre vesle Ola igjen. Han veit at mora har nektar han å stele, men her står han. Tøffe Tom ropar: ”Gjer det, elles vil me ikkje leika meir med deg!” Kva gjer Ola då? Eg trur iallfall han ville teke seg ein bolle.

 

Forventingspress er og ein type press. Det er få som forventar anna enn eit smil fram til du er omtrent eit år gamal, då byrjar det verkelege livet. Først skal du lære å gå, så må du lære å sykle. Ikkje minst å kunne lese, for all del, helst før du byrjar på skulen, der du skal bruke heile første klassetrinn til å lære å lese. Slik går det. Har du lært noko, forventar dei at du hugsar det, og byrjar å lære noko nytt igjen. Når du kjem på ungdomsskulen byrjar vurderinga av det du gjer, og har gjort. Karakterar, tal har aldri vore meir skremmande. Eg vil påstå at dei færraste foreldre ynskjer at deira barn skal få dårlege karakterar. Er ikkje foreldres håp om gode karakterar med på å danne eit press på ungdommen? Dei mest populære skulane krev dei høgste gjennomsnittskarakterane, også her opplever ein press, ynskjer ein å komme inn der ein vil, vert ein pressa til å få gode karakterar..

 

Men det er ikkje berre på skulen me ungdom opplever press, idretten er for mange ein viktig fritidssysle. Men også idretten har forandra seg. Som liten brukte ein begrep som ”det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta.” Kan me seie at dette gjeld enno? Når eg ser at fotballspelarar byrjar å grine etter å ha tapt ein kamp, byrjar eg å tenkje, er det slik det skal vere?

 

Også seinare i livet vil ein føle stress og press tett på kroppen. Tidsklemma er det noko som heiter, me har alt for lite tid, og alt for mykje å gjere, ein kan ikkje arbeide 25 timar i døgeret, ettersom det er umogleg. Men likevel er det  mange sjefar som forventar det av deg, du skal kunne stille opp, uansett tid og stad. Dette er med på å slite ned folk, og mange vert utbrende av for mykje jobb, Det er viktig å skilje mellom jobb og fritid!

Å være vaksen må være fantastisk. Ingen masete foreldre, du styrer alt sjølv. Du går ikkje lenger på skulen, men jobbar, og tener dine eigne pengar, som du forutan rekningar, rekningar og atter rekningar, kan bruke på det du vil ha. Finne den kjære, etablere ein familie. Ahh, eg gler meg til å verte vaksen.    

 

”Når eg vert vaksen, skal eg verta brannmann” seier ein liten gut til bestevennen, som svarar. ”Eg skal no verta verdas beste fotballspelar, og spela på Manchester United” Kven har vel ikkje som liten drøymd om å verta politi, fotballspelar eller brannmann? Sjølv skulle eg verte profesjonell fotballspelar, utan tvil. Eg vil påstå at dersom ein gjorde yrkesval som femåring hadde yrke som sekretær slite med rekrutteringa. Kvifor vil eit barn på tre år verta brannmann kan ein spørje seg? Brannmenn vert heltar, og når ein tenkjer seg om, er det ikkje det alt dreier seg om om? Politimenn vert heltar som fangar tjuvar. Fotballspelarar? Ja, kva gjer fotballspelarar? Sparkar ein rund ball rundt på ei fotballbane? Jaja, heltar vert dei, tru det eller ei!

Har du undra deg på kvifor teikneseriar som oftast inneheld heltar? Kan også dette ha noko med barn, og då spesielt gutar, sitt forhold til heltar og heltestatus å gjere? Er det ikkje ein grunn til at kvar gong det er karneval er det alltid, samen med prinsessekostyma, supermann og dei andre heltekostyma butikkane reklamerer med på framsida? Å gå med eit vanleg skilpaddekostyme er ikkje aktuelt, medan dersom skilpadda heiter Donatello, og er med i serien Turtles, er alt topp! Barn vil bli heltar, og heltar sel, så ein skikkeleg action-serie utan heltar, er vorte det same som fiskebollar i kvit saus, men utan fiskebollane.

Korti vert ein eigentleg vaksen? Er det når du betaler full pris på bussen? Når mora di ikkje vil vaske skittentøyet ditt lengre, eller er det når du står der, utan nokon skule å gå til, Mor og far vil ikkje ha deg heime lenger, det er slutt på lommepengar, i postkassa er det rekningar, og du har ikkje peiling på kva du vil gjere med livet ditt? Då er du etter mi meining på god veg. Ein må stå opp frå dei daude, kunne ta eigne val, og ikkje minst stå for dei vala du  tek. Livet er ikkje lengre ein dans på roser, men ”survival of the fittest”.

 

Personleg skal eg aldri verte vaksen, berre tenk på kva ein vaksen må gjennom. Når du er vaksen, har du ikkje, eller i alle fall bør du ikkje, ha ei mor som vaskar skittentøyet ditt, eller huset/leilegheita di (dersom du ikkje fortsatt bur heime, noko ein skikkeleg vaksen ikkje skal gjera), men der har mange av rein sløvskap funne ei løysing, vaskehjelp. Dei fleste vaksne får barn, og i den augeblinken storken kjem på døra, forandrar heile livet seg. Vakne netter, barneskrik, våte bleier og ikkje minst gulp. Først skrik den vesle etter mat. Han får det han skrik etter, og etter få minutt takkar han for maten med ein flekk på moras lappeteppe.

 

Du dreg på åra, huda er ikkje så glatt som den eingang var, håret får eit gråleg slør over seg, kroppen ber preg av at du har levd dine beste dagar, eller? For mange byrjar livet for fullt når ein vert gammal. Alder er ikkje lengre noko hindring. Når ein vert pensjonert har ein tid og pengar til å gjere ting ein ikkje har fått tid til før. Mange reiser utlands for å oppleve den store verda. Medan andre likar best å vere heime og slappe av etter eit langt liv.

 

Når sant skal seiast har me her i Noreg det ganske bra, me får nok mat, får gå på skule, og har tak over hovudet, i motsetning til kva mange på andre sida av kloden har. Så syte skal me ikkje, sjølv om visse ting heilt sikkert kunne vore betre! 

 

Ein aldri bli samde om kven som har hatt den lettaste oppveksten og kvifor, eller kva val som er rette og kva som er gale. Å verte vaksen er for mange ein draum, medan for andre eit mareritt, det same med det å verte gammal.  Verda forandrar seg stadig, Det ein må gjennom no, var det mange som slapp før i tida, og omvendt, Men ein ting skal vere sikker, du har berre eitt liv, så ta godt vare på det, og gjer dei vala som passar best for deg, og ikkje for venane dine! Carpe diem, grip dagen!


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish