Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Tone16Skriv ut Utskrift
Om boken Tone-16 av Bjørg Vik.
Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter:



Tone-16 er skreve av Bjørg Vik og er henta frå novellesamlinga "Så stor du er blitt" som kom ut i 1981.

 

Bjørg Vik debuterte som forfattar med novellesamlinga <+#>Søndag Ettermiddag<-#> som kom ut i 1963. I tillegg til alle novellene ho har skreve har ho også gitt ut to romanar. Ho har skreve mange noveller som omhandlar den moderne kvinne sin situasjon samt barn og menneske sin ensomhet. Ein kan sei at denne novella er typisk for Bjørg Vik.

 

Tone-16 handlar om Tone 16 år som er forelska i Arvid. Men Tone har også hatt et lite forhold til kameraten til Arvid, Tore. Mellom linjene kan vi lese at Tone og Arvid hadde gjennomført eit samleie for tre dagar sidan. Arvid har ikkje tatt kontakt sidan det. Tone undrar seg over kva som kan ha skjedd. Veit Arvid at Tore og Tone har hatt eit lite forhold? I tre dagar har Tone vore heime og venta på telefonen frå Arvid. Tilslutt ringer Tone til Arvid, han er ikkje heime. Det ser ut som om mora forstår at noko har skjedd. Mora gjer Tone røyk og seier at ho bør ta seg en tur ut. Tone går ut. Tone ser gutegjengen stå utanfor bensinstasjonen. Arvid, Tore og nokre andre. Når dei ser Tone ler dei. Ho går mot dei til ein konfrontasjon. Dei flirar av seg nokre fraser. Arvid oppfører seg som ein feiging. Til slutt slår ho til Arvid.

 

Synsvinkelen som er brukt i novella er tredjepersons synsvinkel.

 

Vi vert satt rett inn i handlinga, dette vert kalla "In Medias Res".

 

Novella er kronologisk oppbygd med tilbakeblikk. Eit eksempel er når ho tenkjer tilbake på når ho og Arvid var aleine på Arvid sitt rom.

 

Høgdepunktet i teksta er når Tone slår til Arvid, spenninga bygger seg opp mot dette slaget. Vendepunktet er når mora forstår at Tone har det vanskeleg.

 

Telefonen vert nemd fleire gongar og vi trur nok at nokon kjem til å ringe snart. Dette kallar vi frampeik. Eit eksempel er når Tone sit på skrivebordet og lyttar til den tause telefonen.

 

Vi har fleire eksempel på gjentaking, når Tone lyttar til telefonen er "lytter" skriven to gongar, det same skjer når vi får beskriven fliret til Arvid, "det lille fliret, det lille feige fliret". Dette er med på gjere setningen sterkare.

 

Det er mange kontrastar i teksta. I byrjinga av teksta ser vi at mora et wienerbrød og drikk kaffi mens Tone kjenner seg svolten. Ein annan kontrast er ikkje vald stoffet som Per-Erik dytta på henne, og når ho til slutt tyr til vald sjølv ved å slå til Arvid. Når Tone og Arvid ligg i senga til Arvid og oppførar seg skittent høyrer dei på fiolinspelinga til ein av dei reine og alvorlege pikene i skuleorkesteret

 

Det er ein del dialog i teksten, spesielt mellom mora og Tone. Gjennom samtalane deira og Tone sine tankar om mora får vi kjennskap til mora. Tidleg i teksta, før mora forstår at Tone har det vanskeleg med Arvid får vi inntrykk av at mora er ei slem gamal dame utan forståelse for Tone sine følelsar. All kjeftinga til mora om undertøysvask, husarbeid og pirking i liggestillinga til Tone skapar eit vanskeleg forhald mellom dei. Brått forandrar mora seg til et forståelsesfullt medmenneske. Dette skjer når ho lyttar til telefonsamtalane til Tone. Eit eksempel er når mora nemnar den gule jumperen som Tone har så lyst på men som ho ikkje har fått pengar til å kjøpe tidlegare, eit anna eksempel er når mora tilbyr Tone ein sigarett. Denne sigaretten vert som ei "fredspipe" mellom dei.

 

Hovudpersonen i teksta er Tone. Tone vert referert til som ho. Men vi får også kjennskap til tankane til Tone. Eit eksempel er når sjukebilen<+!> <-!>køyrer forbi og Tone lurar på om Arvid er blitt sjuk eller overkøyrd. Tone modnar i løpet<+!> <-!>av<+!> <-!>teksta. I byrjinga vert ho skildra som usikker og naiv. I avslutninga går ho aleine mot gjengen som ler av ho og slår til feigingen Arvid. Då er ho ferdig med han og kan leve vidare. Eit eksempel på modningsprosessen hennar er når ho krøllar saman papirblomstrane ho hadde lagd i vinter når ho tenkte på Tore og Arvid. T

 

Arvid blir skildra som den slemme i teksta, saman med resten av gutane. Arvid er nok ledaren i gjengen, den med størst makt og best utsende.

 

Vi vert ikkje introdusert for faren til Tone. Det ser ut som om foreldra er skilt eller at faren er ukjend. Mora og Tone bur aleine i leiligheten. Dei har dårleg råd. Dette ser vi når Tone ser ned på føtene til mora.

 

Miljøet er lagt til ein større tettstad, den har både kino og butikkar. Tone bur i ei blokk, dette ser vi ved at Tone går forbi dørskilter og ned ei trapp. Miljøet er dystert og svart.

 

Novella handlar om forhald mellom menneske. Spesielt forhaldet mellom Tone og Arvid, men også Tone sitt forhald til mora.. Teksta prøvar å vise korleis forhald mellom menneske er. Forhaldet mellom mora og Tone vert styrka i løpet av teksten mens Tone og Arvid sitt forhald vert totalt øydelagt. Novella kan vere eit bidrag til kvinnekampen som var på topp på 70 og 80-talet. Vi har to kvinner som må klare seg sjølv og ein gjeng av det motsatte kjønn som har oppført seg dårleg og nrmast utnytta Tone. Eg meinar at teksta visar kor dårlege mennesker kan vere mot kvarandre. Eg synast dette er ei mørk skildring av livet som forlatt og svikta kvinne. Eg trur at Mora til Tone vart svikta av ein mann ein gong og no har det same skjedd med Tone. No kan dei berre stole på kvarandre.

 

Eg trur at det sprikande føllet som Tone hadde lagd er eit symbol på hennar eigen usikkerhet.

 

Eg meinar også at Tone har sine "svin på skogen", ho følar seg utnytta av Arvid, men samtidig får vi vite at ho dreiv på med Tore i parken sjølv om ho berre tenkte på Arvid. Tore har også grunn til å føle seg svikta.

 

Eg synast at denne novella er middelmådig. Eg likte spesielt når Tone tar eit oppgjer med Arvid utanfor bensinstasjonen, då visar ho seg som ei sjølvstendig og moden kvinne på den eine sida, ein annan måte ein kan sjå på slaget, er at ho etter hendelsen med feigingen Arvid bevegar seg ned på Arvid sitt nivå, som det laveste av de lave og slår til han. Eg likte også avslutningen der forfattaren beskriv fliret til Arvid. Det eg synast er dårleg er dialogane mellom Tone og mora, dei finn eg kjedelege og lite interessante.

 

Eg meinar at skrivestilen til Bjørg Vik er trøtt og kjedeleg, difor får ikkje novella den heilt store spruten.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish