Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SoldoggSkriv ut Utskrift

Fin novelle med kort og greit innhold.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Vinden blåste kraftig, og eg drog jakka tettare om meg. Eg freista gå tilbake att, men slo det frå meg. No var eg på veg, og eg skulle kome fram. Det var mange før meg som hadde greidd det, så kvifor skulle ikkje eg...? Det var høst og løvet byrja bli gult. Flagrande og leikande fòr det omkring meg i vinden. Den spisse høstlufta stakk meg i nasen og fekk meg til å nyse.

 

No og da gjekk det menneske forbi meg. Noken fort og bestemt, andre meir forsiktig. -Men dei skulle den same vegen. Alle skulle den same vegen. Eg også.

 

Brått kom eg til ein vegkross. Det var mange vegar å velje blandt, men eg kunne ikkje vite kva for ein som var den riktige. Det sto vegskilt ved kvar veg, slik at ein kunne sjå kor dei førde hen; Barn & Familie, Form & Farge, Høgare utdanning... Eg titta på skilta ei god stund. Folk gjekk forbi meg. Dei fordelte seg på dei forskjellige vegane, men eg la merke til at dei fleste gjekk ikk på den breiaste vegen: Høgare utdanning.

 

Ei flue kom. Ho surra lett omkring og leika seg i lufta. Med eitt fekk ho auge på ei vakker blome. Raud og fin sto han der og glinsa. Ein soldogg. Våte dråper blinka fint mellom kronblada og ba flua opp til dans. Rundt og rundt flaug flua før ho plutseleg tok sats og stupte ned i blomen. Først då oppdaga ho at det blinkande vakre ikkje var dogg, men seigt klissete slim som fanga ho oh heldt ho fast.

 

Eg måtte velje no. Det hasta. Eg såg meg omkring før eg tok fatt på den same vegen som dei fleste andre. Vegen var slett og fin til å byrje med, men etter kvart blei han meir og meir steinete og bratt. Dei andre såg ikkje ut til å verte slitne. Dei flytta seg raskt framover over bakketoppane. Eg la merke til at eg vart hengande meir og meir bak dei andre. Det blåste motvind no, og eg fraus. Jakka hjelpte lite mot vinden, men det var ikkje noke å gjere med. Bakken vart berre brattare, og eg havna om mogleg enda lenger bak. Eg kunne sjå at dei andre var på toppen no. Snart ville dei gå ned att på den andre sida, og eg ville miste dei av syne. Eg var heilt aleine. Følte meg som flua som satt fast i soldoggens slim. Eg kom ikkje av flekken.

 

Ein smal veg gjekk inn til venstre for meg. Eg hadde ikkje sett han før no. Han var slett og fin med grøne trær og blomer. Eg nølte litt før eg gjekk innover. Da eg hadde kome eit stykke, undra eg meg kvifor dei andre ikkje hadde gått her. Det var ingen bratte bakkar eller spisse steinar. Berre mjukt grass og tynne strå. Vegen enda i ein vegkross. Det var noko kjend med han. Det sto nokre skilt der. Dei same skilta eg hadde sett tidlegare. Framleis gjekk det menneske inn på dei forskjellige vegane.

 

Med eitt fekk eg auge på ein raud blome i vegkanten. Eg kjende han att. Det var soldoggen som tidlegare hadde fanga ei flue. Enno kjempa ho for å kome laus, men til inga nytte. Eg tok to fingrar og la dei varsamt over ryggen hennar. Snart var flua laus og eg sat ho ned i graset. Flua tok til å pusse vingane sine med bakbeina før ho flaug avgarde att. Lukkeleg og glad.

 

Eg tok fatt på ein veg med eit skilt som sa Form & Farge. Vegen var bratt, men eg vart ikkje sliten. Eg flaug oppover, forbi dei andre, som om eg hadde vingar. Alt virka så mykje lettare no, og snart var eg på toppen av den første bakken. Den andre bakken var steinete og det var lett å skli ned att. Eg klamra meg fast og nådde toppen i lag med dei andre menneska. Den tredje og siste bakken var den høgste. Han var brattare enn dei to andre, men litt og litt nærma eg med toppen. Da eg tok det siste steget, fekk eg ei kjensle eg aldri før hadde hatt. Eg hadde greidd det. Eg var framme på den staden eg hadde drøymt om så lenge.

 

Sola skinte der oppe på toppen. Det blåste ikkje lenger, og det var varmt i lufta. Eg kunne sjå langt utover verda. Eg såg framtida mi liggje foran meg. Eg såg borna eg skulle få, mannen eg skulle gifte meg med, og eg såg ein lang veg som snodde seg innover i eit vakkert landskap. Det var nokre små bakketoppar her og der, men ingen så store som dei eg hadde klatra no. Til slutt flata vegen ut og vart smalare og smalare. Langt borte i horisonten kunne eg sjå at han vart borte. Der var det ingen trær eller blomer. Berre ensom stille, som i døden.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish