Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Røyking

Røyking

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.07.2000
Tema
Tobakk


Tobakksplanten (Nicotianae) hører til Sølvierfamilien. Han hører heime i de varmare delane av Amerika, og vart brukt og dyrka av indianarane lenge før europearane kom dit i 1492. Spanjolane førte frøa heim, og begynte å dyrke tobakksplanten der. Sidan har produksjonen sprett seg til alle varme land, og vi har fått resultatet i ein sigarett.

 

Røyking er eit av dei største helseproblema i verda i dag. I fleire i-land har røykinga gått ned dei seinare åra, men tobakksindustrien sikter seg inn på u-landa, kor røyking er blitt veldig populært.

 

Nokre spørsmål me kan stilla oss er: Kvifor røyker folk, sjølv om flesteparten veit at det er skadeleg?, kalla årskar medføra røyking?, og kva kan vi gjere for å hindre at røykinga i Noreg aukar?

 

Å røyke er eit av dei farlegaste tidsfordriv en kan begynne med. Sjølv om dei fleste veit at det dei driv med er livsfarleg, så held dei fram.

 

Årsaka er eit stoff i tobakken som heiter nikotin. Nikotin er eit stoff som er vanedannande. Kroppen venner seg til stoffet, og må ha påfyll regelmessig for at det skal fungere, litt meir kvar gong. Nikotinen i kroppen gjer og at pulsen og blodtrykket i kroppen auke, samstundes trekker dei tynne blodårane seg saman, og gjer det vanskeleg for blodet å komme fram. Kransårene rundt hjartet kan tetne til, og ein kan og få ein såkalla "røykefot". Dei andre stoffa som er i ein sigarett er ikkje mindre farlege. Det er omlag 700 forskjellige giftstoff i ein sigarett. 43 av disse er bevist kreftframkallande. Dei tre giftstoffa som vi høyre mest om er: Nikotin, som eg omtalte over, karbonmonoksid, og tjære: Karbonmonoksid og tjære sørgjer og for at ein får fleire sjukdomar, mellom anna den velkjende "røykehosta": Flimmerhåra i halsen døyr, slik at den tallerkenen med tjære som ein får i seg på eit år ikkje virvlast opp, og legg seg i halsen.

 

Ein anna ting som er viktig å tenkje på, er at ein skadar ikkje bare seg sjølv når ein røyker men også folka rundt seg. Passiv røyking er eit stort problem på arbeidsplassar og ikkje minst i heimen. Foreldre som røyker inne rundt barna sine skadar barna, slik at dei og får døde flimmerhår og mykje større fare for astma og andre kroniske luftvegssjukdommar.

 

Det er ikkje bare kroppen ein tærer på når ein røyker, den økonomiske sida blir og hardt ramma. Røyk i Noreg er veldig dyrt, og om ein røyker 20 sigarettar dagleg tilsvarar det ein sum på omkring 18000 kr kvart år. Det er mykje pengar som kunne vært brukt på andre ting.

 

Det blir gjort en del for å hindre at røyking aukar: Dei høge skattane og avgiftene er årsaka til at røyk er så dyrt her i Noreg. Staten har og bestemt at det skal stå ein åtvaring på tobakkspakkene om at røyk er helseskadeleg. I de siste åra har Staten og heva aldersgrensa på tobakkskjøp frå 16 år til 18 år. Andre tiltak som staten har gjort for å minske tobakkssalet, er å forbode tobakksreklame, og gjere det røykfritt i alle offentlege lokal. Forbodet mot reklame kom i 1973 og trette i kraft i 1975.

 

Men sjølv om Noreg og nokre få andre land har forbode tobakksreklame, så ser nå sigarettgigantane ein ny marknad i den tredje verda. Dei set opp store plakatar av ein lykkeleg neger med ein sigarett i handa, og lurar folk i u-landa til å bli avhengige. Dei får ikkje opplysningar om helseskadane ved røyking, og går rett i Marlboro, Prins og Camel`s felle. Ein er ikkje sikker på kor mykje pengar tobakksindustrien bruker på reklame, dei prøver å halde dette hemmeleg, men det dreier seg om fleire milliardar dollar.

 

Den tøffe og fryktlause cowboyen i Marlboro-reklamane, den såkalla "Marlboro-man", har jo faktisk dødd gang på gang. Av lungekreft……. Cowboylivet blei viss for hardt for han.

 

Eit anna og globalt problem er dei miljøproblema som tobakksindustrien førar med seg. Veden som brukast for å tørke tobakken, gjer at regnskogen og anna skog blir hogd ned. Når ein dyrkar tobakk på eit hektar åkerland, så krev det enda eit hektar skog for å gjere tobakken ferdig til bruk. Så mykje ved trengst for å tørke tobakken. I Brasil til dømes, trengst det 60 millionar trær for å tørke tobakksavlinga kvart år. Dette fører til jorderosjon og ørkendanning. Jorda som blir brukt, kunne vært brukt til matproduksjon i stede.

 

Sjølv om det neste bare er negative sider ved røyking, så kan noe sjåast på som positivt og. Det sosiale samværet ein blir med i når ein røyker, er heilt unikt seier de som røyker sjølv. Ein får ein gruppetilhørigheit og ein viss sosial status blant dei andre i gjengen.

 

Sjølv synast eg ikkje at røyking har så mange positive sider. Personleg er eg forbausa over alle dei som faktisk tør å halde fram med å røyke, sjølv om dei har blitt åtvara. Heldigvis er det blitt fleire og fleire som sluttar å røykje, sjølv om 80% begynnar igjen.

 

Eg trur at vi kan minske talet på dei som begynnar å røyke ,om skuleverket eller politiet har haldningskampanjar mot røyking. Då får ungdommane vite meir om kor skadeleg det er allereie i ung alder.

 

Så konklusjonen eg sit igjen med her blir eit ganske enkelt regnestykke:

 

RØYKING = FORURENSING + HELSESKADE + SLØSING MED RESSURSAR.

 

Eg har henta informasjonen frå: internt
"Reklame for produkter som dreper hver fjerde faste kunde…" frå Statens tobakkskaderåd.
Dr.Med Geir Thue, spesialist og fagleg vegleder i allmennmedisin.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil