Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Framandspråk

Framandspråk

Om fremmedspråk på skolen - sidemål.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
24.07.2000


180 MINUTT I VEKA sit vi der. I klørne til lærarinna i eit lite rom i fyrste etasje i ei trist murbygning i midten av ein mellomstor norsk by på sørkysten. Persiennene er lukka mot verda på utsida – berre tynne striper av sol slepp igjennom og teikner lyse striper på den sjukehusmålte veggen og skin elevane rett inn i halvopne auge og heilt inn til hjernen. Her blandar ljoset seg med brotstykke av verb, kasus, direkte og indirekte objekt, bøyingsformer, omsetjingar og dialogar.

 

Ein typisk time i framandspråk. Nokon har fransk, andre tysk og nokre engelsk – i den grad ein framleis kan kalle engelsk eit framandspråk.

 

Felles for dei alle er at dei krev pugging og hardt arbeid om ein vil kome opp på eit anstendig karakternivå, og at timane og lærarane ikkje akkurat livar opp motivasjonen.

 

Elevane lagar skjema der dei kryssar av kor mange minutt som er att, medan overivrige, frankofile, anglofile eller germanofobe lærarar gestikulerer og forklarer dei innerste løyndomane i språka.

 

Det er noko eiga med lærarar i framandspråk. Dei vil så gjerne vere verdsvante, kontinentale, europavenlege – men under all sminken, dei upraktiske, elegant danderte silkesjala og draktene som på ei 20 år yngre dame ville verka snertne, klarar dei likevel ikkje å dekke over det faktum at dei eigentleg berre er heilt vanlege husmødre som synest at franskmenn er søte, og som kan hende ein gong i ungdommen kosta på seg ei språkreise.

 

Etter 20 år som lærar byrjar desse knuste håpa å slutte å tru på at sommarkjærasten frå tida i Frankrike skal kome ridande på ein kvit hest og hente dei ut frå den grå skulekvardagen og lukta av kaffi og fuktig kjeks. Vonbrotet og raseriet lar dei gå ut over elevane sine. Difor vert lærarar i framandspråk lett dømde til eit liv i sladrekanalane til elevane.

 

Dei til tider strenge og bestemte lærarinnene spreier frykt og uvisse kvar enn dei går. Dei krev "alminnelig folkeskikk" og klagar over "ungdommen nu til dags" – og, sidan skuleelevar i dag trur at absolutt alt kan gå ut over karakteren, går det ofte eit sus gjennom klasserommet når ein høyrer den klakkande lyden av høghælte sko i midtgangen.

 

I motsetning til i alle andre timar, skundar elevane seg på plass og står i stram givakt når klakkelyden aukar i volum – og alle elevane drøymer om den velkjende Doppler-effekten – men nei, ho kjem inn døra med ein kassettspelar i den eine handa og ein bunke bøker i den andre; hastig, lett irritert. Allereie før ho har vendt seg mot klassen, har ho overblikket over kven som er der og kven som ikkje er der og fører protokollen trufast. (Lærarinnene har ein tendens til å få dette "moderlege" over seg. Dei blir redde når elevane ikkje er på plass, og passar på få ei forklaring frå ein av dei frammøtte.) Før elevane får sette seg, må ein helse – akkurat slik vi gjorde på barneskulen. Lærarinna byrjar med å helse på elevane som om dei var venene hennar. Deretter må elevane helse på lærarinna som om ho var ein totalt ukjend – for di ho er vaksen – ein skal tale til vaksne menneske i ein høfleg tone. Så får elevane lov å sette seg – men alvoret er ikkje på langt nær over. No byrjar nemleg undervisninga.

 

Som aperitif tar ein ofte ein gjennomgang av ei gammal lekse som ingen kan finna att, eller som ingen har gjort – for å "ruske" litt opp i forsamlinga. Dette kan ta alt frå 10 minutt til heile timen – avhengig av om ho høyrer dei som kan litt av det vi har lært, eller om ho "grillar" ein av dei som ikkje fylgjer med så mykje (dei som datt av lasset allereie i 8. klasse). Finst det ikkje nokon gammal lekse, er det òg morosamt å plutseleg be om å få inn ei retting eller kommandere elevane til finne fram nokre gamle stensilar. Lærarinner i framandspråk vert opphissa av å sjå 20 elevar rote rundt i ranslane sine.

 

Så kjem hovudretten: Anten ein sesjon med høgtlesing avbrote av skarpe rettingar på artikulasjon og uttale medan den utvalde stotrar seg fram, ord for ord eller ein grammatikkgjennomgang av totalt ukjent stoff med tilhøyrande spørsmål. Det tredje alternativet er at frøkna gir seg til å snakke resten av timen, utelukkande på det framande språket for å "introdusere" teksten og ordforrådet til elevane. Her gjeld det å halde hovudet kaldt og konsentrere seg. Ho kan kome til å spørje akkurat deg, utan varsku. Du vil alltid ha eit inntrykk av at du heng etter. Det vil alltid være noko du ikkje har gjort.

 

Dersom det vert tid til desserten, er det skriving av logg dei siste minutta av timen. Her skal elevane skrive kva dei har gjort eller lært – eller om noko anna; vêret, dagen, framtida. Poenget er at ein skal skrive framandspråk. Resultatet blir at dei færraste klarar å produsere noko som helst – alle berre ventar på dei velsigna klemta frå ringeklokka som markerer at no skal vi berre få leksene til neste gong – så kan vi gå. Desse lærarane held alltid på heilt til siste slutt. Formalia som lekser og liknande kjem ikkje før etter at alle andre har teke friminutt.

 

Kan hende skulle ein bli språklærar?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil