Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Lova sin lange arm

Lova sin lange arm

Stil til haustinnlevering. Pliiiiiis skriv kva dokke synast! EIN god kriminalhistorie tykker eg.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.09.2007
Tema
Drap

Telefonen kima på stasjonen, og  eg lyfta opp røyret: Hallo, det er inspektør Halvorsen her, kan eg hjelpe deg? MORD!! Mord! Skrik ei oppskaka kvinnestemme. Ro deg ned, ro deg ned og fortel meg først kva du heiter.

 

Frida her. Frida Digle sa ho litt meir roleg. Broren min Jens og systera mi Gina ligg midt på badegolvet, midt i ein stor dam av blod!

Halvorsen: Vi kjem med ein gong.

 

Datamaskina hadde funne ut kvar kvinna ringde frå og vi gjekk ned i bilen og køyrde i veg.

 

Bilen skrensa på singelen som låg i tunet hennar. Vi såg ei kvinne i tidleg 30 åra som sprang mot oss. Eg gav beskjed om kva dei skulle gjere. Vis oss til badet er du snill. Tom, du blir her og sperrar av området.

 

Då vi kom inn i huset kjende vi ei ekkel lukt som reiv oss i nasen. Det lukta gammalt, søtleg og rote her. Ho guida oss rundt eit hjørne mens ho heldt eit lommetørkle framfor nasa. Vi kom inn på badet og det første som slo meg: her hadde det vore kamp! Spegelen låg knust utover golvet og det låg to kroppar midt på golvet, heilt nedslakta. Begge hadde strupane kutta over. Eg tok på meg hanskar samtidig som assistenten min Tom ropte: Det er eit lik av ei ung kvinne bak ein busk i hagen!

 

Eg gjekk ut til Tom mens eg ringde etter Kripos. Kvinna var truleg pensjonist  og hadde strupen kutta over på same vis som dei to mennene oppe på badet. Frida kom ned i hagen og såg på kvinna og skreik til!MOR! MOR! Ho slengde seg ned over liket og begynte å riste.

 

Kanskje var det same person som drap begge? (tenkte eg litt høgt) Kanskje svarte Tom.

Mens vi var på veg inn for å undersøke meir, skrensa Kripos-bilane inn på tunet. Eg fortalde kva som hadde skjedd og tok med meg ein etterforskar opp på badet, mens Tom og Geir frå Kripos gjekk til buska bak i hagen. Vi tok lab. prøvar av alle personane og litt blod som var på golvet utanfor badet. Dette viste seg seinare å vere blod frå eit av ofra på badegolvet.

 

Vi tok ein runde til naboane og spurte om dei hadde sett noko. Ingen hadde sett noko. Det var  midt på sommaren, så dei fleste hadde reist vekk. Det hadde òg huseigaren gjort, så ingen hadde merka drapet på to veker.

 

Det var ingen teikn på innbrot,  mest truleg var gjerningsmannen ein som kjende til alarmtypen eller koden på alarmen. Vi fekk vite namna på alle som kjende alarmkoden av Frida. Det var: Hushjelpa Petra og Gartnaren Pete.

 

Det hadde vore ein lang dag då eg køyrde heim frå stasjonen til huset mitt i ”kollen”. Eg låste meg inn og gjekk opp trappa. Eg la meg ned, var så sabla trøtt!

 

Eg vakna midt på natta av at mobilen min vibrerte i lomma (hadde den framleis på lydlaus). Eg såg på klokka, og den var halv seks om morgonen. Kven faen ringjer so tidleg???

 

Hallo sa eg, litt tørr i halsen. Halvorsen! Du må stå opp, nærast skreik Tom i telefonen. Det er funne eit nytt lik der vi var i går. I kjellaren med strupen skoren over. Og forresten har Kripos funne ut at alle offera har ei satans stjerne svidd inn bak leggen. Vi snakkar om ein mordar som har drepe alle fire, om det ikkje er fleire!

 

Eg skunda meg opp av senga, kledde på meg og åt på vegen ut til bilen. Eg kom til huset ein times tid seinare. Der hadde vi klart å identifisere liket og det var Frida sin far. Frida hadde ingen familie meir… Eg sa til Tom att her må vi ha ei grundig undersøking.

 

Vi kalla Pete og Petra in til avhøyr. Nede på stasjonen sat Tom og avhøyrde gartnaren Pete. Eg avhøyrde hushjelpa Petra, som dessverre hadde alibi. Frida hadde ikkje vore i huset sidan før ho reiste på ferie. På same tid som Frida var på ferie hadde òg Petra vore på ferie hos systera si i Grimstad.

 

Etter at vi hadde avhøyrt Petra og Pete drog vi ut att til huset som låg eit stykke utanfor Oslo. Då vi kom fram, såg huset ut som ein maurtue med kvite maur. Huset og hagen var fullt  av Kripos-folk med kvite kjeledressar og masker, som undersøkte kvar millimeter av tomta. Dei hadde tatt eit lang skritt nærare løysinga: Dei hadde funne eit svart hår som viste seg å stamme frå ein mann i 25-30 års alderen. Vi avhøyrde alle mennene med mørkt hår i 20-35 års alderen som budde i området. Men det kunne ikkje vere nokon av dei. Vi kontakta alle slektningane Frida kanskje kunne ha røpa passordet til, men ingen treff der heller. Den einaste som hadde vore i nærleiken av huset mens morda vart utførde, var gartnaren. Men han passa ikkje for han hadde grått hår og var gammal.

 

Etter litt kom eg på at vi måtte sjekke opp slektningane til gartnaren og hushjelpa. Alle slektningane til hushjelpa var døde, men gartnaren hadde ein mørkhåra 27 år gammal son. Der tenkte eg!

 

Vi oppsøkte sonen, Geir, og henta han til avhøyr på politistasjonen. Det vart tatt ei hårprøve frå Geir som vart sendt til DNA analyse, og den stemde. Pete hadde sagt koden på alarmen til Geir og fått han til å drepe dei. Men kvifor satanstjerna?

 

Vi sette Geir på ei celle og kontakta Pete. Han vart henta til stasjonen og avhøyrt. Han innrømma alt. Men kvifor Satanstjerna, spurte eg. For å legge skulda på dei faens satanistane, svarte Pete. Dei driv med så mykje gale og eg tenkte det var lett å legge skulda på dei. Kvifor desse drapa då? Jo, fordi Frida betalte meg så dårleg og ho har ei stor formue og gidd ikkje å betale ein trufast gartnar betre!! Vel, vi får sjå kva du og son din får i straff då, din jævla sytar!

 

Etter ei veke i rettsalen, fall dommen slik: Pete fekk 19 år + forvaring og sonen fekk 21 år + forvaring. Sjølv om Pete burde ha fått mest, var Halvorsen nøgd med ei vellukka sak.

Lova sin lange arm” kjem du ikkje unna.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil