Guten på brua

En av to versjoner av en fortelling jeg skrev for en stund sida. På en måte bassert på følelsene mine.
Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.09.16
Tema
Ulykker

Veret var hustrig. Regnet plaska ned i strie straumar og vaska vekk den spegelblank isen på bakken. Eg var seint ute. Igjen. Eg var alltid sein no for tida, uansett kva det var eg skulle. Skole, trening eller filmkveldar. Eg traska nedover bakkane mot byen mens eg tenka over dette. Før var eg aldri sein. Eg kom alltid presis og sånn var det på starten av skoleåret også, heilt til eg så ham for fyste gong på brua. Han var høy og hengslete, hadde svart hår og var ekstremt bleik. Tomme auger hadde han og. Eg visste ikkje kven han var. Eg hadde aldri snakka med ham, sjølv om han hadde stått der på same staden kvar bidige dag eg gikk til skolen. Eg var på ein merkeleg måte redd ham, for han virka ikkje menneskeleg. Et spøkelse kanskje? Ein som stod der å leid over ein han hadde mista mange år før? Det var så mykje eg ikkje visste, og det bekymra meg. Ikkje alle bekymringane mine var om guten på brua heller. Nei, dei fleste bekymringane mine var om ein i klassen, men det er jo for så vidt ein anna historie. Ein av dei få tinga eg visste sikkert, var at etter fyste gongen eg så ham på brua, hadde alt gått nedover. Eg hadde begynt å kome for seint på skulen, eg begynte naturligvis då å få merknadar, og kanskje alle bekymringane mine om han i klassen også var på grunn av ham? Eg visste ikkje. Det var så mykje eg ikkje visste.

 

Men denne gongen skulle det bli anerledes. Eg berre følte det på meg då eg nærma meg brua. Eg forsto kva det var då eg nærma meg midten av brua. Det stod ingen der! Eller, rettare sagt, han stod ikkje der. For personen som stod der, var ingen ringare enn… ”Ole?” utbraut eg. Eg skjønte ingenting. Kvifor sto han der ikkje? Ikkje at det gjorde noko, eg hadde ein kjensle om at livet mitt ville bli betre når han ikkje stod der kvar bidige morgon. Ole var forsåvidt han i klassa mi, som nemna tidligare.

 

”Hei, Mona! Eg tenkte å vente på deg i dag. Du ser alltid så alleine og pjusk ut når du kjem til skolen.” Han smilte til meg. Det skjønne smilet som får meg til å smelte totalt. Ole er ein av dei få gutane eg noko gong har møtt som er lett å prate med. Og viss ein legger til at han er utruleg kjekk og snill, er ikkje ein det ein dårleg kombinasjon.

 

”Kvifor ser du så overraska ut? Er du ikkje glad for å sjå meg?” Smilet hans falma litt og han såg ned på meg med spørjande auger. ”Joda, sjølvsagt er eg glad for å sjå deg,” seier eg fort. ”Det er jo heile to dagar sida sist vi møttes,” eg ler litt usikkert.

”Ja, to dagar kan bli litt lenge nokre gonger,” No var smilet på plass igjen. ”Skal vi gå då? Vi er tross alt seint ute.” Han tok handa mi, og vi gikk mot skolen. Han har forsåvidt nesten aldri sagt noko som kan tyde på at det kan bli oss to. Men no gikk vi plutseleg å leia hender, og han venta  på meg, sjølv om han også kom til å kome for seint. Eg er så usikker når det kjem til Ole. Ikkje når vi er samens, men når vi ikkje er det. Då tenkjer eg og tenkjer eg på ham nesten heile tida! Det er til å bli sprø av, for eg vil ikkje tenke på ham heile tida. Trur eg då…

”Korleis har helga di vert då Mona?”

”hæ? Kva sa du? Eg gikk i mine eige tankar.” Han gjentok spørsmålet. ”Å, joda, helga mi var grei den. Ikkje den mest spennande da. Var med nokre venner i byen og på fotballkamp bare. Enn du då?” eg

”Eg var på kampen eg og. Og i går kveld var eg på kino med nokre kompisar og kjærstene deira. Litt kjedelig å vere den einaste som var aleine då men.” Før eg kunne stoppe meg sjølv utbraut eg; ”Du kunne då spurt meg!” Helvete heller då Mona! No er det da openbart at han har skjønt det! Han så alvorleg på meg. ”Men eg trudde at du ikkje kunne i går. Var ikkje du ute med Morten då?” Med Morten? Korleis har han kunne tru noko sånt? ”Så absolutt ikkje! Eg kunne ikkje tenke meg å gå ut med nokon andre enn deg.” Han stoppa opp og så på meg med undrande auger. ”Så du liker ikkje Morten altså?” Eg så på ham himmelfallen. ”Så absolutt ikkje! Eg har likt deg, og bare deg sida vi begynte på skolen. Har du ikkje forstått det?” Å, perfekt, nå har eg sagt det, no er det absolutt ingen veg tilbake. Han sa ingen ting. Berre så på meg og me ble sakte dratt mot kvarandre, som om det var ein magnetisk kraft. Det regna og den isnande vinden blåste verre enn noko gong før, men det ensa me ikkje. Det var berre oss to i heile verden. Me var så nære kvarandre og akkurat før leppene våre møtes, hører eg ein kjent stemme. ”Hei Mona! Seint ute dykk og?” Der sto besteveninna mi, Cecilie og glisa. Dette hadde ho og dei andre vennene mine venta på lenge.

”Å, hei Cecilie! Joda, vi vel forsåvidt det.” sa eg. ”jaja, dykk kjem ikkje tidsnok ved å stå her å kline kvartfall.”

 

Me slo følgje med Cecilie, som snakka som ein foss. Eg følgja ikkje heilt med på kva ho sa, men det gjorde ikkje noko. Det var ikkje før ho fortalte om noko hu hadde lest i avisa eg begynte å følgje med. Ho fortalte om ein ung mann som hadde hoppa frå Bybrua i går like før halv ni om morgonen. Han hadde stått der dag etter dag i fleire måneder og vurdert å hoppe. Hun beskreiv ham akkurat som guten eg hadde sett kvar morgon. Alle som hadde gått forbi ham meir enn 10 gonger hadde hatt ekstremt med uflaks, akkurat som han hadde.

 

Eg kunne ikkje tru det! Tenk om eg var den siste som såg han i live? Var han verkeleg grunnen til uflaksa mi? Kanskje det var derfor det ikkje hadde blitt meg og Ole før no? No hadde eg enda fleire tankar i hovudet enn til vanlig. Eg sa til meg sjølv, som alltid; Mona, du tenker for mykje.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst