Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave


propaganda.net : Skole & Jobb
Sex, drugs and rock "n" rollSkriv ut Utskrift
Særemne på nynorsk om følgende bøker og forfattere; Henrik H. Langeland (Wonderboy), Mads Larsen (Pornopung) og Jay McInerney (Typisk Meg). Problemstillingen tar for seg bl.a. ungdom og rus/dop.
Nynorsk - SæremneForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.

Innleiing:

I denne oppgåva skal eg ta for meg rusbruksproblematikk blant unge oppegåande menneskjer, analysert i lys av tre romanar av tre forskjellege forfattarar; Henrik H. Langeland, Mads Larsen og Jay McInerney. Oppgåva vil ta for seg kvifor hovudpersonane bruker rus, og  korleis individa taklar sitt forhold til det. I tillegg vil eg sjå på dei generelle likskapane hos dei tre bøkane.

 

Oppgåva gav eit stor spelerom for korleis komposisjonen svaret kunne utformast, og eg har valt å analysere dei tre bøkane kvar for seg, utan å gjennomsyre analysane med problemstillingsproblematikken. Problemstillinga og fellestrekka har eg tatt for meg på slutten av oppgåva. Analysen av bøkene er delt opp i fleire undertitlar, for å skape god oversikt.

 

Bøkene er valt etter eiget ynskje, og har vært bøker eg har høyrt om, og har hatt lyst til å lese. Eg hadde kanskje ikkje tatt meg tid til å lese disse bøkane om eg ikkje hadde hatt ein oppgåve å skrive.

 

Wonderboy

 

Forfattaren:

Henrik Langeland er ein norsk forfattar, født 19/11 – 1972 i hovudstaden, Oslo. Han har ikkje skrevet meir enn tre bøkar, men har med sin bok ”Wonderboy” gjort stor suksess og er fyrst og fremst kjend for å ha skrevet nettopp den boka.

 

Han debuterte med romanen Requiem, i 2000, bare 28 år gammal. Requiem handlar om ein gammal mann som reiser til Afrika og forelskar seg i ein ung negergut. Historia i boka var ny, men over 90% av setningane er henta frå Proust sin bok, ”Av sporet av den tapte tid”. Eit litterært ekspriment, og såkalla litterær sampling.

 

To år seinare kom boka som gjorde hans namn kjent i Media Noreg. Å skrive bok var ikkje noko Langeland hadde planlagt, men noko han byrja med for fornøyelsen sin skuld. Det treng han ikkje angre på i dag. Boka Wonderboy suste inn på bestseljer lista i Noreg 2003, og solte godt over 60 000 eksemplar, og

<bilde>

Logg inn for å se bildet
ble oversatt og gjedd ut i land som Tyskland, Sverige, Danmark og Russland.

 

Det skulle gå heile 4 år før han på nytt gav ut ein ny bok. Denne gongen var det boka Av sporet er du kommet som såg dagen sitt lys. «Av sporet er du kommet» er ein lett revidert utgåve av Henrik Langeland sin doktoravhandling, som handlar om framstillingar av rom i Marcel Proust sin «På sporet av den tapte tid».  Bøkane til H.L. liknar ikkje på kvarandre, verken i form eller innhald, men det var heller aldri eit ynskje frå Langeland si side.

 

Handlinga i boka Wonderboy skjer i eit media konsern Ikkje så rart, når forfattaren sjølv har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo, samt at han har jobba 2 år som management trainee i Schibsted-konsernet. Handlinga i Wonderboy går før seg i år 2000, altså berre eit par år før boka sjølv kom ut.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Ein kan lett sjå at forfattaren av Wonderboy er ein mann som kjennar miljøet frå innsida, så realistisk og detaljert som boka er. Forteljardistansen er faktisk så nær, at det har vori spekulert innanfor nærings og -kulturlivet om mange av personane i boka Wonderboy slett ikkje er fiktive, men derimot parodier på eigentlige forretningsmenneskjer som Langeland har blitt kjent med som trainee Schibsted. Langeland avviste sjølv dette, men tilsto at hovudpersonen, Christian, var «sammensatt av flere av dei mest markante skikkelsene innen norske mediekonsern». Langeland sine kjennskapar innanfor miljøet han skriv om gjør at hans verk blir truverdige og realistiske.

 

Handlingsreferat Wonderboy:

Vi er i år 2000. Året kor framtidsoptimismen var stor innanfor næringslivet og vestleg økonomi, og da særlig innanfor IT-sektoren. Unge menneskjer tente seg raske pengar på lett tilgjengelige, gjerne lånte, pengar ved å investere i diverse IT- prosjekter. I 2000 sprakk denne bobla, men da hadde allereie sjukdomsindikasjonane vist seg, utan at folk hadde latt seg skremma.

 

Historia om Christian von der Hall, alias Wonderboy, går før seg i denne tida. Boka Wonderboy tek oss med til jetsettverda til dei mest suksessfulle forretningsmenneskja i Oslo, kor snobbefaktoren er like høg som dei dyre vanane.

 

Christian er ein 34 år gamal framgangsrik ung mann som jobbar som senior vice president i eit fiktivt media konsern med namn Scandinavian Media Group (SMG) . På privaten lev han eit liv som tobarns far med ei kone han trefte på Handelshøgskulen i det fornemme strøket Nordberg. Ekteskapet er likevel på usikker is, for mens Christian brukar meir og meir tid på jobben, sit kona heime med to små barn og med ein følelse av å ikkje ha noko ekteskap i det heile tatt.

 

Christian er ein person som alltid siktar høgt. Og han bær på ein idé om å gjera eit av Noreg sine største oppkjøp. Han ynskjer å kjøpe opp og slå saman dei gigantiske norske bokforlaga Gyldendal og Aschehoug til eit stort dotterselskap av SMG. Bak den openbare motivasjonen med å tene store pengar, ligg også lysta på å hemna sin far sitt sjølvmord. Faren hadde nemleg teke sjølvmord når Christian var ung, etter at forlaget hans, Signatur Forlag, hadde gått konkurs takket vere eit slu og kynisk konspirasjon av dei to konkurrerande forlaga, Aschehoug og Gyldendal.

 

Christian har aldri sex heime med sin kone, men på mange av sine utanlandsturar har han sex med andre kvinner og heftig kvelesex med prostituerte. Boka Wonderboy dvelar ikkje mykje med dette, og let detaljane igjen for fantasien til lesaren. Derimot er detaljane om korleis klede, klokkar og bilar personane i boki brukar svært detaljert. Ein får eit innblikk i ein verden ein tidligare berre har sett den glattpolerte overflata til.

 

Boka handlar mykje om pengar og økonomi, men med mange karikaristiske personskildringar og mystiske kvinneskikkelsar, blir ikkje boka einsidig og kjedeleg. Uansett kor Christian er i verda, møter han på kvinner som gjer han eit kryptisk rosenknopp teikn med fingrane sine. Spenninga rundt kven desse damene er, løp som ein spennenes tråd gjennom heile boka.

 

Vi følgjer Christian i oppkjøpet, som tek mykje tid og planlegging, og til slutt lykkast han. I kvartfall med oppkjøpet. Men siste side i boka finn lesaren ein epilog, kor vi får vite at Christian har tatt med seg dei to ærverdige forlaga Aschehoug og Gyldendal i dot-com-døden. På heimebanen ender det heile med fiasko, for Christian si kone erklærer deira forhold for øydelagt.

 

Personkarakteristikk av dei mest sentrale personane.

 

Christian Von Der Hall, alias Wonderboy.

Christian er hovudpersonen i Wonderboy. Boka handlar om Christian, og vi følgjar han og ingen annan i boka.

 

Christian er ein suksessfull ung mann på 34 år som har utdanna seg som siviløkonom, med mediekunnskap og marknadsføring som tillegg. Han har vori medarbeidar i det prestisjetunge konsulentselskapet McKinsey. No gjer han det derimot stort som Senior Vice President i mediekonsernet Scandinavian Media Group. Christian har ein visjon om å raide kjempeforlaga Gyldendal og Aschehoug, og fusjonere dei to selskapa inn i mediekonsernet kor han jobbar, Scandinavian Media Group.

 

Christian er ein meisterhjerne, og ein suveren strateg. Han kalkulerer og vurderer forretningsidear på få sekundar, han er risikoglad, men likeins forsiktig og legg mykje strev i planlegginga av sine prosjekter. Jamvel Christian er ein svært intelligent forretningsmann, er han ikkje like intelligent på den sosiale sida. Han klarar ikkje å få nok timar i døgnet til å kunne avsjå tid til både sin familie og jobben sin. Og altfor ofte er det familien som blir via for lite tid. Utover i boka ser vi også korleis forholdet mellom Christian og kona, Tessa, blir meir og meir avstumpa.

 

Christian er ein mann som er opptatt av ytre ting. Hans klokkeval er aldri tilfeldig; dei skal stå i stil med anledninga.

 

Jamvel Christian har planar om å gjera det stort innanfor bokbransjen, er han sjølv blotta for kulturelle kunnskapar. Eit eksempel er når han blir spurt av Dagens Næringsliv om korleis bok han les for tida, og kva han tykjar om den. Han svarar da ”På gjengrodde stier” av Hamsun, kor han attpåtil skryt boka på seg som si favorittbok.

 

Namnet Wonderboy kjem frå ein av Christian sine forelesare som uttalte namnet hans, Von der Hall feil. Kallenamnet passar likevel treffande godt på Christian - Han er mannen som har teke alle dei riktige vala i livet.

 

På festar sniffar han kokain og drikk absint, i tillegg har han ein fetisj for såkalla ”scarfing”, kvelesex. Han viser ikkje mange følelsar, og dette reflekterast kanskje på hans måtar å få sin ”følelsesinnputt” på.

 

Tessa

Tessa er Christian sin eitt år yngre kone. Dei har barna Sara og Hans-Christian på høvesvis 3 og 1 år. Ho er ein kjærlig og ansvarsfull kone, samstundes som ho er ein karrierekvinne med middelmåtig suksess.

 

Ho og Christian deler ein flott einebustad i ein av Oslo sine betre kantar, Nordberg, samstundes som ho ynskjer seg vekk til eit enda fornemmare strøk.

 

Forholdet til Christian forverrast utover i boka, mykje skulde Christian sitt fråvær i heimen. Når livet går i mot Tessa, tar ho med seg ungane og drar til sine foreldre. Ho har også ein venninnegjeng, men disse får vi ikkje høyre mykje om.

 

I likhet med Christian er ho også utdanna på handelshøgskolen, og jobbar med eit prosjekt innafor forlagsbransjen.

 

Erlend

Erlend er Christian sin to år yngre bror. Erlend er ikkje berre Christian sin bror og faste lunsjpartnar, men også Christian sin beste ven og mentor. Trass det, lev dei to heilt forskjellige liv. Mens Christian foraktar alt som handlar om ”finkultur”, er Erlend den rake motsetninga. Erlend drar på hagefestar til Aschehoug, og han kjenne ein masse menneskjer innanfor den kulturelle eliten. Med Erlend kan Christian snakka om alt.

 

Verkemidla

Boka Wonderboy har stadig tilbakeblikk som forteljarteknikk. Boka er oppbygd med sceniske kapitla, der titla inspirerar til vidare lesing. Forfattaren nytta synsvinkel i 3. person, og handlinga går før seg i kronologisk rekjefølgje, med unntak av ein prolog i starten av boka, der handlinga kjem inn igjen seinare i boka.

 

Språket i boka er til tider så internt at det synast å imitera den stereotype måten finanseliten snakkar på.

 

Av dei språklege verkemidla som er mest brukt i Wonderboy, er nok satire den mest openbare. Eit eksempel er kor Christian er på ein kulturfest i Oslo med sin bror, Erlend. Der ”møter” han både nolevande og avdøyde ”kjendisar” som Liv Tyler, Søren Kierkegaard og Tom Wolfe.

 

Langeland nyttar også metaforar i Wonderboy. Kvelesexen Christian har som fetisj, kan sjåast på som ein form for metafor, der Christian kvelast i sin eigen pengegriskheit. Sjølv har forfattaren påpekt at dette er eit godt romanteknisk grep for å halde på lesaren.

 

Christian er ein profitthungrig person, som viser seg å vere ein kald og kjenslelaus person. Dette framsteller forfattaren med å for eksempel skildre korleis Christian bedømmer andre menneskjer. Eit eksempel er når Christian intervjuar ein ung jobbsøkar. Det første han merkjer seg, er at klokka til søkaren er ein falsk Rolex. Da har han allereie bestemt seg for å avslå søknaden.

 

Også namnet, Christian von der Hall, kan ha ein biletleg betyding. Christian føler seg ”halv”; splitta mellom to tilvera.

 

Boka byggjer opp ein spenningskurve ved hjelp av fleire romantekniske grep. Kven er dei mystiske kvinneskikkelsane han stadig møtar på? Vil han lukkas i oppkjøpa sine? Og korleis vil det gå på heimefronten? Innimellom skal han også på fest, som gjør at Wonderboy blir ein kjapp og snerten bok, som ikkje leive deg i keisemd eit einaste sekund.

 

Tema

Mi oppleving er at boka omhandlar ein mann som gjer stor suksess. Men etter mange oppturar, kjem det også ein nedoverbakke. Temaet i boka er likevel ikkje revolusjonerande. At ekteskapet ryk når mannen er for mykje på jobb er ikkje noko nytt. Også at ein mann med mykje makt finn sin kompensasjon i rå fetisjsex er heller ikkje eit uforetsigbart tema.

 

Bodskap

Boka Wonderboy skil seg ut frå mange andre norske litterære verk. Mens mykje anna litteratur tek for seg dystre skjebnar og taparar, har Langeland beskrive ein vinnarkultur, og ein mann som lukkast i den. I kvart fall på det ytre plan. For jamvel Christian lukkast med mykje, er han ein tapar på heimebane. For han blir skiljet mellom det å lukkast, og det å vere lykkelig for diffus. Eg trur også det er bodskapen Langeland ynskjer å komme med gjennom boka si, Wonderboy.

 

 

Pornopung

 

Forfattaren:

Mads Larsen er født i Kirkenes, året 1975. Han vaks likevel opp i Trondheim, men budde ved utgivinga av si bok, Pornopung, i storbyen Oslo. Han er no journalist i Dagbladet, noko som kjem tydeleg fram i Pornopung, kor personen Leo, også er journalist. Detaljane om korleis praksisen i ei avis går før seg er godt detaljert og realistiske, med skildringar av morgonmøte og utveljing av overskriftar. I og med at boka omhandlar notida, er forfattardistansen veldig kort. Her synast det som om mykje av handlingane i boka, det vere sjekkinga, sexen og yrkeslivet faktisk er eigenerfart av forfattaren.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Larsen har berre gitt ut 2 bøker i sin nokså korte forfattarkarriere. Men med sin debutroman, Pornopung, høysta han historisk mykje kritikk og mediemerksemd i Norsk samanheng. Det resulterte i høge salstal. Boka som er ganske kontroversiell, sat kvinner sine rettighetar på dagsorden, og i kor stor grad boka stemde med røyndommen når det gjaldt kjønnsforskjellane i det norske samfunnet. Bok nummer 2, som kan sjåast på som ein attføring av boka Pornopung, heiter ”Pornopung håndboka”. Boka er ei ”handbok” i sjekking, og innehald like mange sjekketriks som damer Karl i boka Pornopung hadde lagt ned; 123. Her kjem det enda tydlegare fram at sjekketriksa er eigenerfarte.

 

Handlingsoversikt

Historia deles over tre forteljar stemmer som alle bor i same bukollektiv, ”Kampen”, i urbane Oslo. Karl, Leo og Christian har alle ulikt utgangspunkt når dei samlast rundt mantraa whisky, ecstasy, kokain og fitte. Sjekking av damer er den store hobbyen, og i spissen står storsjarmøren Karl, som går under det komiske kallenamnet, ”Karlsanova”. Han har ei målsetning i å liggje med 123 damer, ei meir enn den berømte rundbrennaren, Casanova. Når vi møter for fyrste gong har han nettopp nedlagt dame nummer 100.

 

Saman sjekkar dei damer for harde livet, på vorspiel, på byen, på nachspiel, på familietreff og på sydentur. Felles er at alle gongane er rusmidlar involvert. Til tider går det så hardt for seg at dei blir sengeliggjande fleire dagar i etterkant, eller enda verre finn seg sjølv liggande i sitt eiget piss i varetektscella. På sydentur prøvar dei ecstasy, og Leo, den mest forsiktige av gutane, får alvorlige depresjonar i ettertid.

 

Boka tar oss med gutane på byen utallige gongar. Men vi får også korte innblikk i korleis dei har det på sitt møtestad; Kollektivet, samt vi blir med dei på jobb og skule nokon få gongar.

 

På ein absurd måte endar historia med at seksuelt frustrerte Christian hamnar på mentalsjukehus etter alle utskjeingane og nederlaga, overivrige Karl har sex med venninna Maja og den kroniske utru Leo startar ein kontroversiell serie i avisa kor han jobbar med namnet ”Den nye likestillingskampen”.

 

Personkarakteristikk

 

Christian

Vi møter Christian i det han skal til å flytte inn i kollektivet med Karl og Leo. Christian har ikkje dame, men er likevel den minst ivrige på sjekkern av sine to romkameratar. Han studerer sosial antropologi, og skriver bl.a. hovudfagsoppgåve om forholdet mellom kvinner og menn etter det han ser på som ”nyfeminismen”. Han tykjar verda er urettferdig, og meiner likestillinga i Noreg er kommen alt for langt. Utover i boka får Christian seg ei aleinemor som kjæraste. Da har det gått veldig lang tid sida han hadde sex, og han klarer ikkje å leve i eit forhold når han lev med følelsen av å ikkje vere attraktiv for jenter, utanom dama si.

Jamvel Christian visar seg å framstå som ein rolig og avbalansert gut med det første, utviklar han seg utover i boka til å vise seg å vere ein meir og meir utilreknelig, mentalt kaotisk mann. Som eksempel hamnar han i fyllearresten etter å ha dansa naken i ei fontene i Vigerlandsparken, og i sin frustrasjon så deltar han også på ein gjengvoldtekt med nokon jugolsaviare, kor han i ettertid blir innlagt på sinnsjukehus fordi han blir sengeliggande i fleire dagar etter å ha prøvd å ta sitt eiget liv ved å hoppe frå ei kran.

 

Leo

Leo er på mange måtar den hovudpersonen vi blir minst kjende med i boka Pornopung. Han er journalist i gratisavisa OsloNytt, heilt til han ein dag blir oppsagt på grunn av nedskjeringar. Han er saman med jusstudenten Stine, men lar ikkje det stoppe han frå å gjera mangfaldige andre erobringar på sine mange byturar med gutane. Han er ein usympatisk ung mann i den forstand at han ynskjer å liggje med så mange damer som mulig, samtidig som han ynskjer å ha noko fast å komme heim til.

 

Karl

Karl er sjekkaren med stor ”S”. Han lev og ånder for damer, og det er heile hans livsstil og hobby. Han kjem med dei grovaste sjekkereplikkane ein kan tenkje seg, og lykkast likevel gong etter gong med å ta med seg damer heim. Ein kan likevel ikkje unngå på ein merkverdig måte å bli fascinert av hans totale fråver av sympati for damer. Han sårar og fornærmar like mykje som han kan gje komplimentar og godord.

 

Ved sida av all sjekkinga jobbar han på fabrikken Snorre Zink, kor han nyttar tida til å skryte for sine kollegaer om sine siste kvinneerobringar. Han er forbildet for sine sjekkekompisar, og kan sitte i timevis å underhalde sine beundrande vennar med sine skryte historier.

Karl skyr alt som heiter forpliktinga, men har likevel kontakt med ei dama som heiter Tone over telefon. Han har aldri møtt ho, men har likevel blitt veldig interessert i denne dama. Til slutt møtas dei, men ikkje så rart endar det med skuffelse for begge; Karl klarar ikkje forpliktinga. .

 

Jamvel dei fleste jentene i boka er reine sjekkeobjekt som etter Karl si meining burde ”halde kjeft og smile pent”, kommer vi likevel nærmare innpå jentene Tina, Maja og Elisa.

 

Tina er ei felles veninna av Karl og Leo, og ein nesten like ivrig sjekkar som Karl, ho spis gutar til frukost som ho sjølv seiar. Ikkje så rart, men etter kvart i boka finn ho og Karl tonen, og blir til slutt faste elskarar.

 

Maja er ein sjarmerande bartender, som er gutane si faste drikkevenninne. Ho har alltid med seg mange venninner til Kampen, og er sjølv eit populært sjekkeobjekt blant gutane.

 

Elisa er ei aleinemor som treffer Christian på eit vorspiel gutane arrangerar. Dei finnar tonen med ein gong, og blir til slutt saman for ein stund, heilt til Christian slår opp på grunn av personlege problema.

 

Virkemiddel:

Det tydlegaste virkemidlet i Pornopung må vere humor. Boka bærer eit lett og lystig preg over seg, og latteren sitt laust. Dei fantasirike sjekkereplikkane i boka kan få einkvar til å gapskratte. Ordbruken er grov og vulgær, noko som står i stil med resten av boka. Ord og utrykk som ”ølsmurte tanker” får ein til å trekkje på smilebandet.

 

Også tittelen på boka er eit sterkt virkemiddel. Den er provoserande med dei vulgære orda porno og pung, og skaper den med det merksemd og interesse.

 

Boka går før seg i kronologisk rekkjefølgje, men med synsvinkelen liggande på dei tre forskjellige hovudpersonane i kvart forskjellige kapittel. Dette gjer at ein kjem tett innpå alle dei tre personane, og får vite kva dei tenkjer og meiner.

 

Bodskapen:

Eg trur eit av bodskapane Mads Larsen prøvar å fremme, er det nettopp gutane i boka meiner; kvinnekampen er allereie vunne. Han prøvar å visa at kjønnsrolla ha endra seg radikalt dei siste tiåra, ved å skildre både vinnartypen, som Karl, og tapartypen som Christian. Dette viser korleis kjønnsrolla har ein effekt på forskjellige menneskjer. Christian er den som knekk heilt saman, Karl som aldri blir fornøgd, og som blir nøydt å knuse mange kvinnehjerter for å kunne få den intimiteten han treng, og Leo som ikkje klarar å bli verande saman med ei dama på grunn av hans ”erobringsbehov”. Behovet til Leo kan tolkast som at han alltid trur graset er grønare på den andre sida, noko som også går igjen i Christian og Karl sine tenkjemåtar.

 

Eit viktig moment her, er at gutane er nøydt å ruse seg for å tørre å sjekke opp damer. Jamvel gutane treff jenter dei liker, tenkjer dei ikkje på å anna enn når fyrste anledning til å invitere dei på vorspiel kan vere. ”Sperra” for å sjekke damer i edru tilstand kan sjåast på som ein frykt av å tre ut av dei normale siviliserte ”normene”, utan at dei kan skulde på rusen viss ting skulle gå ”galt”.

 

Tema

Temaet i boka er ungdom i dag, rusmiddel og kjønnsforskjellar/jamstilling.

 

 

Typisk meg

 

Forfattaren

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Jay McInerney (1955- ) har skrevet 7 noveller, der Typisk Meg var den tredje boka. McInerney blir ofte samanlikna med forfattarar som Bret Easton Ellis, mannen bak American Psycho. Faktisk har hovudpersonen i Typisk Meg, Allison Poole ein ”gjesteopptreden” i den mykje omtalde boka American Psycho.

 

McInerney skriv om unge og velståande menneskjer, som slit med ting dei fleste ser på som luksus problem. Dop, sex og pengar er stikkord ein kan sjå går igjen som tema i honom forskjellige bøker..

 

McInerney er frå den litle staten Connecticut i Nordaust USA, men bor no i storbyen New York.

 

Forfattardistansen er ikkje lang, med tanke på at handlinga i Typisk Meg går før seg på 80-talet, da McInerney sjølv var ein ung mann. Det synast som om McInerney kjennar godt til miljøet som avkommet av dei rikaste toppane i samfunnet lev i, sidan han har ungdom og rus som tema i mange av sine bøker. Detaljane rundt festinga og livet som rotlaus ungdom synast det å sjå ut som han også kjennar frå innsida At han bor i New York gjer nok også at forfattaren kjennar godt til miljøet han skriv om

 

Handlingsoversikt

I boka ”Typisk meg” møter vi Allison, bortskjemt rikmannsdotter på 21 år, som festar vilt, dopar seg, og avskyr alt som heiter ansvar og kvardag. Pengane hentar ho frå sin rike og egoistiske far, som ho ikkje har kontakt med, bortsett frå når ho treng pengar. Ho er elev på ein kunstskule, men i praksis er ho ein ekspert på å finne unnskyldningar for å la vere å dra seg opp til skulen om morgonen.

 

Frå den eine seksuelle erobringa etter den andre og eit uendeleg tal med kokain stripar, endar ho sakte men sikkert med eit nervesamanbrot. Forfattaren gir ho likevel eit lite håp heilt på slutten.

 

Vi følgjer Allison på sin ferd etter det lykkelige liv, der ho leitar etter lykka blant alkohol, sex, dop og pengar. Alle dei føregåande orda er fire nøkkelord for handlinga, og det er det er det som pregar boka.

 

I tillegg til vill festing på Manhattens mest eksklusive nattklubbar er Allison forelska. Eller ”knulleforelska” som ho kallar det sjølv. For sex og kjærligheit er det samma her. Det heile går sjølvsagt ein veg; til helvete på eit mentalsjukehus. Men for oss lasera er vegen dit ganske så morosam.

 

Personkarakteristikk

I Typisk Meg følgjar vi berre Allison, og alle venane til Allison er meir kulissar enn viktige personar. Ingen har noko spesielt nært forhold til Allison, men ho har mange venar for det om. Likevel vel er den nærmaste Jeannie, romkameraten Allison deler leilegheit med. Dei shoppar, festar og bur saman.

 

Allison er 21 år gamal, og studerar på ein kunstskule, men ho er lite motivert. Ho brukar det meste av dagen til å sove og dra seg, før ho på kveldane festar vilt med framade gutar og hennes venninner. Ho er ei utadvendt, men egoistisk snobbe jente, kor overflatiske verdiar tydlig er viktigare enn dei indre. Sex og venleik er noko ho tenker på heile tida, viss det ikkje er å fylle opp pengeboka.

 

Forholdet med mora si er godt, men svakt. Vi får ikkje vite så mykje om korleis dei har det, berre det at forholdet openlyst har vert turbulent tidligare.

 

Faren til Allison er den som gjer ho pengar. Han bor ikkje lenger i byen til Allison, men fartar rundt med jenter på Allison sin alder. Sett bort i frå dei gongane Allison treng pengar, har ho aldri kontakt med han.

 

Virkemidlar

Som i dei to føregåande bøkane er denne boka oppbygd i kronologisk rekkefølgje.

 

Språket i boka er veldig munnleg; den pulserar av energi. Boka sine første linjer gjer eit godt inntrykk av korleis språket generelt er i resten av boka; ”Jeg mener, dette tar faen meg kaka”. Denne munnlege forma passer godt inn i ein slik ungdommeleg bok, som ikkje går noko spesielt dypt og tungt inn i filosofiske spørsmål. Dette gjer boka til ein lettfatteleg bok, som lesast for igjennom, og det må seiast at den var underhaldandes heile vegen.

 

Også framsida på coveret fungerar som eit godt virkemiddel for å vise kva slags bok dette er. På framsida er det eit bilde av ei ung dame i ein kort festkjole, med påskrifta ”Dop. Drama. Drømmer.” ved sida av bildet.

 

Tema:

Eg tolkar Typisk Meg som ein bok som handlar om narkotikamisbruk blant unge menneskjer. Boka ”dveler” såpass mykje rundt dop og rituala rundt denne forma for tilfredstillese, at eg trur forfattaren må ha meint noko med det. At forfattaren let alt gå til helvete med hovudpersonen i boka, pga overdosering av dop, trur eg bekreftar at temaet i boka er dopproblematikk. Allison har det ikkje lett, jamvel ho har rike foreldra. På skulen, mellom vennane hennes og på kjærleikheits fronten er alt veldig turbulent. I rusen finn ho avbrekket frå kvardagen, og kan drøyma seg vekk til betre stedar.

 

Bodskap

Bodskapen i boka trur eg er at ein blir ikkje lykkeleg av pengar og rike venar. Venane til Allison er nesten alle like overflatisk som ho, noko som gjer at Allison går rundt og drøymer om sex og kokain for å få den nærheta og avkoplinga ho manglar i livet ved ikkje å ha venar eller foreldre som verkeleg tek vare på kvarandre.

 

Litteraturhistorisk plassering for dei 3 romanane

Felles for alle dei tre bøkene er at dei er skrevet i nyare tid. Også handlingane finn ein utspelar seg i løpet av dei siste 20 årane. Dei kjem derfor under det vide emnet som kallast ny-realisme. Alle bøkane omhandlar nyare tema, som narkotika, uforpliktande sex, og tidsklemmer. Boka Wonderboy kan også tolkast som ein såkalla ”Corporate-novel”, noko som er ein type bøker som set eit kritisk lys på spesielt næringslivet, der næringslivet, med sine pengar, makt, prestisje og kvinner pregar historiene og kulissane i handlinga.

 

Generelle likskapstrekk i dei 3 romanane

Dei mest openbare likskapstrekka i dei tre romanane, er nok at alle hovudpersonane er unge og ambisiøse. Til ein viss grad er dei suksessfulle også, men for mange av dei endar det til slutt med ein eller anna form for vendepunkt der alt går galt. Wonderboy tapar alt; familie og pengar, Allison knekker saman etter overdose, Christian i Pornopung likeins og Leo og Karl blir nøydt å roe ned livsstilen.

 

Hendingsgangen til alle disse skjebnane er i utgangspunktet heilt forksjellige, men det går likevel ein del fellestrekk igjen her også. Liver er ein fest. Bekymringane dukkar opp hos hovudpersonane med gjevne mellomrom, men elles er det menneskjer utan dårlig samvidd og få problema vi les om.

 

Også moralen til hovudpersonane i boka er stort sett laber over heile linja. Som tittelen av særemnet mitt heiter, er det mykje dans på roser og ”sex, drugs and rock ’n’ roll”. I omtrent alle sosiale situasjonar hovudpersonane deltek i, er rus involvert. Det går i tunge, dyre stoffar som kokain, ecstacy, absint og andre brennevin. Dei har mykje pengar mellom fingrane, og aktar å bruke dei på fest og moro.

 

Kvifor brukar individa rus?

Spørsmålet eg har valt å stille i denne oppgåva er kvifor hovudpersonane i alle dei analyserte bøkene tek tyngre rusmidlar.

 

Eg trur ynskje om å lausrive seg frå den stressande kvardagen kan vere ein faktor. Den stimulerande effekten av å dope seg virke som å gje ein sterk befirande glede til individa i bøkene. Eit eksempel er når Christian i Pornopung tek ectasy for fyrste gong, og han beskriv følelsen som ein følelse han vil alltid skal vere der; ”…der eg sto midt blant mine alle mine nye og gamle venner og smilte breiere og gladere enn jeg noensinne hadde smilt.” og ”Den deilige følelsen i kroppen var det første som sjokkerte meg. Deretter kom den overveldende og bunn gode følelsen av nestekjærlighet”. Reaksjonane individa får etter å ha dopa seg er heilt naturlege. Dop fungerar nemlig slik at dei gjer kroppen eit kunstig tilskot av lykkemorfinar, slik at ein blir lykkeleg. Men da sluttar kroppen å produsere disse stoffane sjølv, fordi den oppfattar det slik at den ikkje treng det, da den får kunstig tilskot. Dermed blir ein ulykkeleg av å dopa seg i lengda, men glad under sjølve rusen.

Status

Miljø

moro

 

Korleis taklar individa sin situasjon?

Ingen av dei 3 hovudpersonane i boka har det same forbruket av rus, og ingen av dei reagerer heilt likt på etterverknaden heller. Mens Christian von der Hall har ein meir nyansert haldning til rus, er Allison og nokon av gutane i Pornopung ute på meir ”usikker is”. Ingen av personane i dei tre bøkene set spørsmålsteikn ved rusbruken deira, jamvel fleire av dei får alvorlige psykiske plagar av det seinare. Fyrst da tek nokon av dei affære. Allison for eksempel ringe ”Hjelp No”, og hamnar i tillegg opp på eit mentalsjukehus som Christian i Pornopung gjer. Eit eksempel er følelsen Christian i Pornopung sat igjen med etter hans fyrste gong med ecstacy; ”…hva om denne natta var så bra livet mitt skulle bli. Hva om resten bare gikk nedover? Det var så mye jeg ikke hadde gjort. Så mange følelser jeg savnet. Tanken var ikke til å holde ut. Jeg måtte klamre meg til ekstasen så lenge som mulig.” Allison i ”Typisk Meg” føler på sin side det ikkje er noko vits å stå opp om morgonen, livet er meiningslaust for ho. Same følelsen trur eg Christian i Pornopung sleit med, da han fikk sitt psykiske samanbrott.

 

Etterord:

Etter å ha lest disse tre bøkene, sit eg igjen med ein tilfreds følelse. Fyrst og framst fordi eg ikkje er i same livssituasjon som personane i bøkene hamna i, men også fordi eg er fornøgd med dei tre bøkene eg valte til oppgåva mi. Om eg skulle utnemne ein favoritt blant dei tre, ville eg ha valt Wonderboy. Boka underhaldt meg heile vegen, og er nok den beste boka eg har lest hittil i mitt liv.

 

Det ein kan lære av disse tre bøkene er nok at måtehald er viktig, både når det kjem til pengar, sjølvgodheit og rusmidlar. Eg meiner også bøkene viser at audmjukskap er viktig, noko alle hovudpersonane i disse analyserte bøkene manglar.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
<bilde>

Logg inn for å se bildet

Henrik H. Langeland og "Wonderboy".

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
<bilde>

Logg inn for å se bildet

Mads Larsen og "Pornopung".

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
<bilde>

Logg inn for å se bildet

Jay McInerney og "Typisk meg".


Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish